Litt om bøkene mine:

Viser innlegg med etiketten ny bok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ny bok. Vis alle innlegg

torsdag 10. november 2016

"Alt vel", roman frå Island og Skudeneshavn, 1884

Oppdatert des. 2022
Historisk roman «Alt vel": 
kr 100 + porto kr 70,-
Eller du får boka på kjøpet om du bestiller oppfølgjaren «Tap» som nyleg kom ut. Kr 290,- inkl frakt ved bestilling sms 98060938



Året er 1884 og tida er prega av endring.  
Nokre endringar kjem av seg sjølv, andre må ein ha mot for å følgja med på. 
Silda, som vestlendingane før kunne henta utanfor eigne holmar og skjer, 
drar ein no til Island for å henta. 
Om ein vågar.
Det er om lag tretti år til kvinner får røysterett 
og gifte kvinner har ingen råderett over det familien eig, 
men i Skudeneshavn sender enkefru Thoresen skip 
til Island.

Ein heil flåte kjem seglande frå Skudeneshavn og Haugesund. Brigg Norden forsvarer seg mot sjørørveri undervegs med å mala kanonopningar langs skanseklednnga for at fienden skal tru dei er eit marinefartøy.
Her ligg nokre av skipa og tørkar segl i Eyafjord, like før stormen kjem buldrande og slenger store skip på land.
Telegrammet bringer siste nytt frå fjernt og nær. Men ikkje frå Island. 
Det tar tid før dei som går heime og ventar får vita 
kva som eigentleg hende under uvêret 11.september 1884, 
då Normannastormen herja.

Alt vel  er ein historisk roman
 som tar deg med 
til ei tid då alt var mykje lenger vekke enn 
eitt tastetrykk.


Boka kan no kjøpast for kr 100, - ( + porto 70,-.)
post@marittotland *  sms for bestilling /vipps for betaling til 98060938

Maleriet er 75x95x5 cm, akryl, kr 4000,-

"Alt vel" kan lesast som ein oppfølgjar til Blåstrømpe som kom ut i 2016, 
men kan også stå på eigne bein.
Bli med ein tur til 1800-talet, då mykje var annleis enn i dag!
Etter stormen var briggen av Haugesund ubrukeleg til sjøss. Men dekk og materialer elles var brukande og blei brukt til å byggja dette huset på Hrisey som i dag inneheld m a museum.




fredag 24. april 2015

Obrestad skriv om Line: Kulturberar og posør

Eg ventar med stor spenning på ny bok frå Tor Obrestad:


Jon Line, Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou var samtidige. Line har mange gonger vist til at han kjende Garborg. Garborg på si side seier lite om dette, med unnatak av at han nemner at han har møtt han nokre gonger. Mathiassen Skou derimot, han skriv Garborg om i Knudaheibrev, Kolbotnbrev, dagbøker, - og ikkje minst: Han bruker han som modell for Carolus Magnus i bøkene sine. Dessutan skreiv Garborg forordet til boka til Skou, og skreiv eit fyldig minneord om han.

Tor Obrestad nemnde dette trekløveret då me var i lag ved lanseringa av boka mi Garborg og Skou - forsjell på folk? i under SILK, Skudeneshavn Internasjonale Kulturkonferanse i oktober 2014. Garborg og Skou syntest å koma tett på kvarandre i periodar av livet. Og dei fann kvalitetar hos kvarandre som dei sette høgt. Slik meinte Obrestad derimot at det ikkje var mellom Line og Garborg. No ser eg fram til å lesa kva han skriv om Jon Line i denne nye boka.

Boka til Obrestad kjem på Commentum forlag.
Forlaget skriv dette om boka:


Jon Line sitt idol
─ Garborg var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare  perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem gonger, og aldri refererer til anna enn møte,  aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier Tor Obrestad vidare.
Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på "pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde dedikasjonen i Gonge-vegar.
Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime relasjonar.
Posøren
─Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og  levde opp til rolla. Han ville vera fin på det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt, jordnært og ubunde som gjer at  han fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko  av det Dahl nesten blei. Men Line blei for sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i  sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje, ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein. Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad.