Litt om bøkene mine:

Viser innlegg med etiketten garborg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garborg. Vis alle innlegg

tirsdag 21. mars 2017

Eg skuldar Garborg ei orsaking

Kronikk i avisa Kvinnheringen, 29.mars2017.

I ti år prøvde eg å nærma meg Garborg og Skou, og heile tida undra det meg at Garborg ikkje stod opp for venen sin då han trengte det mest. No har Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med å digitalisera gamle aviser komme meg til hjelp: Eg les og les, og ser at eg ikkje visste alt om Garborg då eg skreiv «Garborg og Skou – forskjell på folk?».

Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou, venene frå  barne- og ungdomsåra, skulle få vel så ulike liv som vilkåra dei var fødde inn i. Dei møttest som odelsgut og omstreifarson, gjekk i lag på lærarskule, men fekk inga langvarig lærarkarriere. Etter å ha gått kvar sitt stykke på ein humpete livsveg, sat Garborg og skreiv Fred i 1892, samstundes som Skou var begynt på boka På fantestien, eit kampskriv for folket sitt. Dei var nok i kvar si skriveboble, opptatt av eigne tankar og skriverier. Likevel; eg må innrømma at det irriterte meg at då Skou fekk gitt ut boka si, sette Garborg sine stubbar om fantane på trykk i Juleroser same året. Mange på Jæren måtte forstå at det var Martin Johan og faren Mathias det handla om. Og ville ikkje ei slik skildring av miljøet deira ta vekk truverde og tyngde frå det Skou prøvde å oppnå med å skriva På fantestien? Burde ikkje Garborg ha skjønt dette? Burde han ikkje ha tatt såpass omsyn til ein barndomsven? Tenkte eg.

Og seinare, då debatten gjekk om kva ein skulle gjera med omstreifarane; om kva løysingar ein skulle ha for busetjing og kva lover ein skulle vedta, kvifor tok han ikkje til orde då? Han skreiv jo om mest alle andre samfunnsspørsmål? Men eg leitte i dei store avisene der desse ordskifta gjekk føre seg, utan å finna eit livsteikn frå Garborg.

Visst nok skreiv Garborg mykje fint om Skou i dagbøkene. Og då han laga føreordet til andreutgåva til På fantestien i 1917, er det ikkje måte på kor god attest han gir venen sin. Slik var det også då tida kom og det skulle skrivast minneord.

Men når venen trengte det aller mest? Når andre med makt, prestar og embetsmenn, gjekk gode for han som ei motvekt mot alle som ikkje trudde han kunne bli noko skikkeleg til mann, kvifor gjorde Garborg ikkje som dei?
Eg har slått meg til ro med at det er mykje i Garborg sitt liv me ikkje skjønar. Han kunne vera skiftande i sinn og tankar.

Nasjonalbiblioteket si skattkiste.
Då eg skreiv boka om Garborg og Skou hadde eg stor nytte av dei digitaliserte avisene som ligg på nb.no. Nasjonalbiblioteket er i gang med å leggja ut alle gamle aviser. Derfor visste eg at det ville komma ny informasjon etter kvart. Med jamne mellomrom går eg inn og sjekkar om det er noko av interesse, og her ein dag fekk eg verkeleg storfangst. Bladet  Den 17de Mai, Norsk folkeblad, var lagt ut. Og der fann eg det eg meinte Garborg burde ha skrive. I april 1896 fekk Skou den moralske støtten Garborg kunne gi han. Over to spalter presenterer Garborg arbeidet til sin «gamle ven M. J. Mathiassen Skau»; bakgrunnen med omstreifarar i landet, situasjonen med mange som har tøffe dagar, boka og innsatsen til Skou.

Liten sans for Departements-Lars
 Om den statlege innsatsen, hadde Garborg dette å seia: «At dette ikkje kan halda på, det forstår no alle, men færre er det, som veit råd. Det arbeidet, Eilert Sundt fekk i gang i 50-60-åri, stansa, då «sparetanken» fekk denne himmelsende mannen stengd inn i eit prestekall... I hans stad hev me me no ein hop vanlege bureaukratar, som nok bryggjer vanleg bureaukrat-råd med tvangshus og direktørar og ditt og datt; men kva slikt skal nytta i ei sak som denne – utan til å øyda burt pengar på -, det må ein vel vera Departements-Lars for å forstå. 

Derimot trur han på Mathiassen sine løysingar: La dei få små heimar å bu i. Dei kan framleis selja varene sine rundt om i bygdene, men kvinner og born skal berre vera heime eller i naboheradet, Noko langferd skal dei ikkje ha lov å dra på. Dermed vil det bli slutt på vandringane, for mennene vil vera der kvinnene er sidan det er dei som forsørgjer familiane med tigging. Borna skal bu hos foreldra dei første åra, før dei får nokre år hos bønder mens dei går på skule.

Dette vil kosta pengar, men det kostar å ha dei flakkande med støtte frå fattigkassa også. Men etter kvart vil dei kunne hjelpa seg sjølv. Garborg legg til at dei gjennom sitt lange vandrarliv har øvt opp ein og annan givnad som kunne komma vel med. «Me kunde då kanskje få gode diplomatar!» Han har tidlegare skildra Fante-Thomas i Fred som mannen som ingen kunne målbinda. Til og med Bibelord som andre las til fordøming kunne han lesa til frikjenning.

Meir vit enn ein digerkongeleg kommisjon
Garborg avsluttar me den drygaste tilrådinga Skou kunne ønskja seg: «Eg vil rå folk til å høyra på Mathiassen, når han utviklar desse tankarne sine; der er meir praktisk vit i dei enn i alt som kunde bryggjast i hop um det so var av ein digerkongeleg kommisjon. Elder les den vesle boki hans: På Fantesti».

Rett skal vera rett:
Dermed må eg leggja meg flat og trekkja tilbake det eg indirekte skreiv i boka mi om at Garborg ikkje stilte opp for venen sin. Trøysta er at det er fleire enn eg som må gjera den øvinga i tida framover. Når me kan sitja heime i stova å lesa avisene frå 1800-talet, kan mykje og mangt komma for ein dag. Historia er skriven av nokre få. Dei valde ut kva det var rett og relevant å ta med. No får me direkte tilgang til det avisene skreiv «den gongen då». Eg sender ein takk til Nasjonalbiblioteket som gjorde det nødvendig for meg å be Garborg om orsaking.

Frå Garborgsenteret der eg "møtte" Garborg.
Foto: Garborgsenteret
 ..............

"Garborg og Skou - forskjell på folk?" er i hylla til alle bokhandlane til Hillesland, kan tingast hos alle andre og på Haugenbok.no, hos meg: marit.totland@knett.no


mandag 20. mars 2017

Kista med det rare i og bryllupet på Vaholmen



Det spankulerte en dag for noen år siden en liten tykkfallen pjokk på Skudeneshavns gater. På sin tur møtte han en gammel kjenning med et grønt skrin på ryggen, kjepp i hånden og smil og godt humør lysende over hele ansiktet.
-         Kor ska’ du hen? spurte pjokken.
-         Te Syre å lera ved!
Mannen som  svarte så kontant var Martin J. Mathiassen Skou. Tater av fødsel, lærer, på fantestien igjen, modell for Garborg, reisetaler og forfatter og til slutt blikksmed og kramkar på Karmøy. Guttpjokken var undertegnede.
Det er Sigurd Jakobsen som skriver dette. I mange år har jeg vært på leit etter et kåseri som han hadde i NRK. Men da det ikke fantes i NRKs arkiver, gav jeg opp å få tak i det. Men så, denne uken, søkte jeg på ny på Nasjonalbiblioteket sin nettbase nb.no. Paradoksalt nok finner jeg mest godt nytt i di gamle arkivene. Og i og med at det legges ut flere gamle aviser hver uke, er det stadig skatter å finne. Denne gangen fikk jeg et treff i avisa 1.te mai, 17. og 27. desember 1938. Og sannelig: Der var hele kåseriet gjort om til en artikkel i to deler. Det er skrevet og fortalt mye om Skou, men når jeg var spesielt interessert i dette kåseriet, er det fordi journalisten selv kjente han. Han skriver:
Når jeg nå skal fortelle litt om denne eiendommelige og sammensatte manns liv, står dette minne fra Skudeneshavns gater mer levende for meg enn noensinne.
Han står foran meg, høyreist og senesterk med landeveiens seige rytme i kroppen. For oss barn inkarnasjonen av godslighet; men under den tålige overflate ulmer en vulkan, tatergemyttet som før du vet av det kan bryte ut i et himmelsprett av de verste. Ansiktet var skarpskåret med svarte øyne, mørk i hamleten, litt svartgrått skjegg og nedenunder en gloende kontrast i det spraglete halstørkle.
Skikkelsen var kjent over hele Karmøy, for så vidt over hele vest- og sydlandet, og særlig kvinnfolkene la ofte til side en skilling for å ha litt i bakhånd når «Skauen» kom og kiste-leddikens vidunderlige smykker kom for dagens lys.
Skous kiste var for oss barn noe av det vidunderligste som var til. Der var syljer og stas, spring og bånd, blonder og kam og speil, og sist men ikke minst: kniver. Mange og fine, men så sørgelig dyre for småkarer.
Han var original fra innerst til ytterst. Støtt hadde han et ord for hva enn du spurte om. Helst noe morsomt, som blei sagt med et smil, men også bitende ramsalte ting som rammet den ulykkelige midt i det ømmeste punkt.

Modell for Garborg

Jakobsen forteller videre om livet til Skou, slik han selv gjorde det i boka  På fantestien som han gav ut i 1893. Det er godt kjent at Skou og Garborg var venner og at Garborg brukte han som modell i sine Jærbøker:
Selv om det ikke er Skous beste sider som kommer fram gjennom Garborgs karakteristikk, var Skou likevel meget stolt over å ha vært hans modell. Min far forteller således at i den tid han gikk på lærerskolen på Stord, møtte han en dag en skreppekar med et grønnmalt skrin på ryggen. Han stoppet opp og spurte: Kjenner De ikke meg?
-          Nei, dessverre, jeg gjør nok ikke det.
-          Jeg er Martin Johan Mathiassen Skou. Det var jeg som var modell for Garborgs Carolus Magnus i Fred og Læraren.

Da Marta Snibedalen blei gift

Skou ble gift med Marta på Vaholmen på sine gamle dager og bodde der til han døde i 1919, i et lite hus som stod like bak det som nå er kulturhuset/gamle badet. Jakobesn forteller hvordan det gikk til da de skulle gifte seg. Historien er festlig, - så festlig at en kan lure på om det er bare sannheten vi får her. Men la gå: Det får stå på fortellerens regning:
Han fortalte ofte om Garborg og om de dagene han var borger på vanlig vis.
På sine gamle dager, omkring 1906, var det han kom til Skudeneshavn. Her fikk han hus hos Marta Snibedalen. Hun blei også kalt «Marta med Bilen». Grunnen var den at hun ofte blei sett med en liten håndkjerre. Hun hadde nemlig en liten potetlapp i en fjellhylle, og halte sjøl omkring og solgte sine produkter.
På den tid var prost Geelmuyden sokneprest til Skudenes. Til ham kom en dag Skou og forlangte lysing – han ville gifte seg med Marta, forklarte han. Men Geelmuyden sa nei. –Ja, Skou mente noen måtte ta seg av den gamle piken, og han bodde jo i huset likevel. Men Geelmuyden var ubevegelig.
Skou gav seg likevel ikke, men kom igjen, og sa det var for galt at han ikke ville vie dem. Det var jo en gammelhjelpeløs dame og han ville bli henne en trøst og støtte i alderdommen.
Men presten sa atter en gang nei.
Så begav det seg at Marta sjøl hinket den lange veien til prestegården. Hun talte vakkert og gråtkvalt for seg. Fortalte ydmykt om dent id hun tjente på Tau ved Stavanger, hvor Skou i sin tid var lærer – og om at hun hadde vært forlovet der inne – ja, ja, men, det hadde hun. Hånden for over øynene og tok en liten svipptur om nesen i samme rennet.
Jaså, sa Geelmuyden, så det er gammel kjærlighet altså?
Marta nevnte ingenting om at det var en annen, som omkom på sjøen hun hadde vært forlovet med, men sa med tårevåte øyne et skjelvende Ja-a.
Da viet presten dem, og det blei holdt dundrende bryllupsfest på Vaholmen. – Langt på natt blei gjestene lempet på dør, en for en, og Skou gikk til køys.

Sprek, begavet, intelligent, et rikt og sammensatt menneske.

Heilt til sine siste år var Skou en sprek og frisk kar. Min far forteller at han en gang møtte han på Sandve ved Skudenes. Det var seinhøstes og temmelig kaldt. Men Skou heiv av seg klærne på den ytterste odden, jumpet uti, tok seg en real svømmetur, kom opp og ristet seg og smatt i klærne. Da dette hendte var han omkring 70-årene....
Distriktslege Jensen, som nå er pensjonert og bor i Skudeneshavn, hadde mangen en festlig historie å fortelle om Skou. Han sier det var en begavet og intelligent mann. Jeg talte ofte med han, og han fortalte meg bl. a. om den gang han på sine foredragsreiser skulle tale for det samlede professorkollegium i Universitets Aula. Skou var jo litt benauet over den representative forsamling, men han tenkte med seg: Jeg får fortelle dem sannheten framfor alt, og foredraget blei en stor seier for ham.
Han fikk kreft den siste tid, og blei av legen beordret innlagt på Stavanger amtssykehus. Her døde han den 15.januar 1919. Hans båre blei ført til Skudenes, hvor han er gravlagt på Falnes kirkegard.
I spredte trekk var dette Martin Johan Mathiassen Skous tragiske livsskjebne. – Et merkelig rikt og sammensatt menneske var han...
  
Spørsmål som jeg gjerne skulle hatt svar på:
1. Hvor er Snibedalen, der Marta hadde potetåkeren?
2.  Har noen hørt fra foreldre/besteforeldre om hvodan det gikk til da Skou skulle gifte seg?

............

* Avisa 1ste Mai var Arbeiderpartiets tidligere hovedorgan i Stavanger, grunnlagt 1899, utkom daglig fra 1906. Videreført som Rogalands avis.
* Når Jakobsen skildrer Skou, slår fordommene i samfunnet inn. Han skriver om mørkt hår og mørke øyne. I følge offentlige protokoller var Skou mørkeblond og blåøyd.
 


Hele fortellinga om Skou kan du lese i "Garborg og Skou -forskjell på folk?" Den er i salg hos Hillesland bokhandel og alle landet bokhandler tar den inn ved bestilling. Kan også bestilles på Haugenbok.no og hos meg: marit.totalnd@knett.no. Hos meg er prisen kr 200 inkl porto. Bruk sms: 98060938

tirsdag 20. oktober 2015

Boka som les meg mens eg les boka: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland.


Eg har lese boka som Jan Inge Sørbø nyleg har skrive om Arne Garborg. Sjeldan er eg blitt dradd med gjennom såpass tungt stoff i slik fart og utan motstand. Den korte avslutninga på kvart kapittel gav meirsmak, så eg måtte lese neste kapittel snarast råd.

Og etter kvart som eg las, las boka meg; Det eg visste om Garborg, om tru og tvil, litteratur og 1800-talshistorie, måtte hentast fram og blandast saman på ny. Slik vaks eit nytt bilete av Garborg og faren hans fram. Var det eit slikt bilete Sørbø ville eg skulle danna meg? Sjå, det veit eg ikkje. Men så veit vel heller ingen forfattar kva bilete som blir danna i tankane til lesarane? Eit teikn på at forfattaren kommuniserer med lesaren, må det i alle fall vera.

Sørbø fylgjer Garborg i dei ytre hendingane i livet hans og i den indre kampen frå tidlege ungdomsår. Biografar har prøvd dette før. Etter mitt syn kjem Sørbø best ut fordi han går nokre mil saman med Garborg på leit etter sanninga med stor S, og han viser korleis Garborg på si ærlege leiting ikkje fann anna enn tvil. Og tvil, som kunne føra andre inn i skapande prosessar, kunne for Garborg aldri bli nokon verande stad. Han måtte vidare, til ei sanning han kunne leva med. Og det er på denne vegen Sørbø, frå sin ståstad, gir innsikt når han fortel om Garborg sitt liv. Tunge tankar, mørke dagar, Gudsfrykt utan å finna vegen til fred med leiting i alt frå spiritisme til Georgianisme.   

Eg har lese kvart ord i boka ein gong, og skumma gjennom ein gong til. Det kan eg ikkje seia om så mange andre bøker.

Dei siste ti åra er eg blitt betre kjend med Arne Garborg då eg sjølv har vore på leit etter livet til Martin Johan Mathiassen Skou. Og når det gjeld opplysningar Sørbø gir om Garborg versus Skou, har eg måtte setja nore krussedullar i margen.
Sørbø skriv at Garborg hjelpte Skou med å skriva boka "På Fantestien" (s. 29). Det stemmer nok ikkje. Skou gav ut dette kampskriftet for å vekkja folk og regjering så dei kunne sjå korleis omstreifarane levde i 1893. På den tida hadde Garborg og Skou svært liten kontakt med kvarandre. Men i 1917 hjelpte Garborg til med ei mindre redigering av boka og skreiv eit forord. Samanlikninga av dei to utgåvene viser at redigeringa var minimal, faktisk nærast usynleg. Det ekstra stoffet som blei tatt med, var henta frå ein artikkel Skou hadde skrive på slutten av 1890-tallet. Så boka "På Fantestein" må nok Skou få heile æra for sjølv.

Sørbø skriv at Eivind Garborg, far til Arne holdt avstand til fantane sjølv om dei heldt til i nærleiken, og i boka kan det synast som om Garborg møtte Skou først da han som tenåring kom til Time på eit lærakurs. Garborg sjølv fortel at han kjende Skou frå barndomen, noko eg trur er avgjerande for at han maktar å teikna Carolus Magnus som Skou er modell for romanen Fred: "Me kjendest frå fyrr; frå barndomen, då han, "fantungen", hadde kunna fortelja meg meir um haugarna i heimbygdi mi enn noko heimbygding visste, frå ungdomen då me var "saman på Thime" ein vinter, og sidan "bladskiftest" eit par år og var rett mykje ilag." (Frå Garborgs forord til På Fantestien, 2. utgåve 1917).

Eg har lese om Skou med Garborg i sidespegelen. Sørbø har skrive om Garborg med Skou langt ute i periferien. Det er heilt naturleg at detaljar om Skou ikkje blir dobbeltsjekka, så dei svake punkta eg her har peika på, endrar ikkje mitt syn på "Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland." Eg tilrår boka på det sterkaste og trur mange vil finna det tida verd å lesa seg gjennom den.

Eg har i mange tiår visst at Garborg nytta titlar henta frå Bibelen. Først etter å ha lese boka til Sørbø, ser eg alvoret i bruken av namnet på fortellinga om den bortkomne sonen som ved ei lita endring blir til "Den burtkomne Faderen" og "Den burtkomne Messias."  Ei lita endring på papiert, ei stort og tungt alvor i Garborg sitt liv.

Jan Inge Sørbø
Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland
Samlaget, 2015
344 sider

fredag 24. april 2015

Obrestad skriv om Line: Kulturberar og posør

Eg ventar med stor spenning på ny bok frå Tor Obrestad:


Jon Line, Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou var samtidige. Line har mange gonger vist til at han kjende Garborg. Garborg på si side seier lite om dette, med unnatak av at han nemner at han har møtt han nokre gonger. Mathiassen Skou derimot, han skriv Garborg om i Knudaheibrev, Kolbotnbrev, dagbøker, - og ikkje minst: Han bruker han som modell for Carolus Magnus i bøkene sine. Dessutan skreiv Garborg forordet til boka til Skou, og skreiv eit fyldig minneord om han.

Tor Obrestad nemnde dette trekløveret då me var i lag ved lanseringa av boka mi Garborg og Skou - forsjell på folk? i under SILK, Skudeneshavn Internasjonale Kulturkonferanse i oktober 2014. Garborg og Skou syntest å koma tett på kvarandre i periodar av livet. Og dei fann kvalitetar hos kvarandre som dei sette høgt. Slik meinte Obrestad derimot at det ikkje var mellom Line og Garborg. No ser eg fram til å lesa kva han skriv om Jon Line i denne nye boka.

Boka til Obrestad kjem på Commentum forlag.
Forlaget skriv dette om boka:


Jon Line sitt idol
─ Garborg var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare  perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem gonger, og aldri refererer til anna enn møte,  aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier Tor Obrestad vidare.
Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på "pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde dedikasjonen i Gonge-vegar.
Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime relasjonar.
Posøren
─Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og  levde opp til rolla. Han ville vera fin på det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt, jordnært og ubunde som gjer at  han fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko  av det Dahl nesten blei. Men Line blei for sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i  sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje, ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein. Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad.


mandag 6. april 2015

Her finn du boka i butikk i Bergen og Oslo


I Rogaland og Sunnhordland finnest boka i dei fleste bokhandlarar. Og i desse tider, med stor makt til kjeder og bestseljarar, er det kjekt å sjå at ei einsleg svale kan finna vegen til butikkhyllene.

Når boka blir etterspurt, dukkar den opp både her og der. Frå Ark sine nettsider, veit eg at den er tatt inn hos:

Ark Egertorget og Ark Majorstua i Oslo og Ark Strandgaten i Bergen
Ark Strømmen (Akershus) og Ark Bruns (Trøndelag)



Her er ARKs reklame:


Garborg og Skou: forskjell på folk?




Garborg og Skou: forskjell på folk?


Lagerstatus På lager. Sendes normalt fra oss i løpet av 1 virkedag.
Kundevurdering
FormatInnbundet
Utgivelsesår2014
ForlagCommentum forl.
SpråkBokmål
ISBN9788282332712
Emneord Forfattere; Pedagoger

Se flere detaljer
Pris
306,-
Veil. pris
349,-
Spar
44,-
Legg i handlekurv
Klikk & hent
Denne boken er klar for henting i valgte butikk etter én time.
Klikk & hent

fredag 20. februar 2015

Garborg til Garborgsenteret, sjølvsagt.

Aktivitet på Garborgsenteret:
Tittel:
"Forskjell på folk?"
Når:
28.02.2015 13.00 h
Hvor:
Garborgsenteret - Bryne
Kategori:
Aktivitetar på Garborgsenteret

Beskrivelse

Forfattar Marit Elisebet Totland har nyleg gitt ut boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" Ho kjem for å fortelja om Arne Garborg og omstreifarguten Martin Johan Mathiassen Skou. Garborg brukte barndomsvennen som modell for taterguten i romanen "Fred", og sa at det var gjennom vennskapen deira at han lærte det var mindre skilnad på folk enn han før hadde trudd.
TotlandSpegl - CopyBearbDokTilp

onsdag 18. februar 2015

Ein mental godtepose

Laurdagstimen febr 2015 
Flott med laurdagstime som mental godtepose. Det høyrest ut som ei flott oppfinning!
Eg skal få vera med å snakka om Garborg og Skou neste laurdag på Time bibliotek/Garborgsenteret.

Men her har nok Mister Trykkleif vore ute på plakaten. Skou var nok Garborg sin taterven, ikkje teaterven. Sjølv hadde han nok ikkje hatt noko i mot også å vera teaterven.



fredag 19. desember 2014

Møte med Garborg, - han sjøl.


Trudde aldri eg skulle få ein så gjev lesarkamerat og samtalepartnar.
Hulda held seg i bakgrunnen. 

Eg var innom Garborgsenteret ei kort tid, men fekk med meg mykje. Må seia at dei tilsette gjorde godt inntrykk. Der var det engasjement, pågangsmot og initiativ.
Du kan også oppsøka Garborg på Bryne og få eit bilete av deg saman med han. Han sit og ventar i ein vandrehall.

Foto: Garborgsenteret

søndag 30. november 2014

Dette er visetone. No går eg!


Salmer har ikke alltid vært sunget slik vi hører dem på TV disse dagene. På midten av 1800-tallet var det andre takter. Slik var det da Garborg og Skou vokste opp (utdrag fra boka):

Mange hadde en inngrodd mistro til alt nytt. En av de første søndagene Vellesen var klokker i Time, hadde han med seg en annen seminarist. De to unge herrene tok godt i under salmesangen, og da de kom til “Lover den Herre”, stemte de i med en nye melodi de hadde lært. Da reiste en mann seg nede i kirken, tok den gamle, grå hatten sin og sa så høyt at nesten alle hørte det: “Dette er visetone. No går eg”.

Det var ikke bare nye salmemelodier læreren hadde med til bygda. Også ny og truende kunnskap gikk han god for. Foreldregenerasjonen hadde saktens hørt forskjellig de også, men det var langt fram til at de godtok de nye sannhetene. De hadde hørt at jorda var rund, men det var ikke lett å forstå slikt. Den så jo unektelig svært så flat ut. Og Ivar Hognestad, bror til Maulands farfar, som var en vel ansett mann, satte ord på det mange tenkte. Han hadde god tro på mye av det nye som kom, men dette med at jorda skulle være rund, var å ta for hardt i. “At jordi skulle velte seg rundt? Nei, då laut alt vatnet renna or brunnane om nettene”, mente han.

En ny verden åpnet seg for lærerlærlingene. Her fikk de nye fag, blant annet “modersmaal”, som Velle skildra som “et blødt, klangfuldt sprog, slik som det lyder ved Øresund”. Dessuten fikk de grammatikk, historie, og geografi. Når det gjaldt pedagogikk, var Vellesen selv et godt forbilde. Gjennom undervisningen opplevde guttene hvordan en skoletime kunne og burde være.

Mange lærere vegret seg mot å ta i bruk nye metoder eller nye lærebøker. Men Vellesen tok i bruk den omstridte leseboka til P. A. Jensen straks den kom ut, boka som førte til debatt landet over fordi den var for verdslig. Overgangen fra Bibel og katekisme til skjønnlitteratur ble for mye for mange.

Det kan synes merkelig at ei lesebok skulle få i gang en nasjonal debatt. De fleste så jo at barna etter hvert trengte en allsidig opplæring, med plass til mer praktiske fag og kunnskap om den store verden. I den sammenheng er stoffet i den nye læreboka uskyldig, sett med dagens øyne. Men debatten om boka var speilbilde av et samfunn i forandring. Og det var helst mangel på en kristelig vinkling som var problemet: Det var ikke lenger “baaret og gjennomtrengt af den Christelige Aand”.

Den vinteren Arne Garborg og Sven Aarrestad bodde hos onkelen til Sven, farbror Time, mens de gikk på friskolen, prøvde de å overbevise han om at den nye leseboka ikke var så verst. Farbroren holdt seg til Lura-sekten, ei sekt som stod flokken etter Knud Spødervold, de sterktroende nær. Til hjelp for å finne den rette lære hadde de Spødevolds bok Naadens Husholdning, også kalt Knudabogjå.

Guttene leste om Øyvind og bukken fra Ein glad gut. Det mente guttene måtte berolige den engstelige farbroren. Men farbror Time hadde svaret klart. Han forklarte at en bukk ikke kunne komme inn i himmelrike, så det var like galt som alt det andre de hadde diktet i hop i denne boka. Bedre gikk det ikke da læreren selv stakk innom for å snakke om den nye læreboka. Han leste Ungbirken av Jørgen Moe. I denne teksten kunne ikke farbror Time finne noe som var galt, men det gale var at det stod sammen med alt det andre som var verdslig og ugudelig. Og det var akkurat slik denne verdens gud ville ha det, for da ble det lettere å forføre de enfoldige. “Eitt var fornødent, og det var det borni skulde læra i skulen – ikkje eventyr og fablar og dikt og sovori hendisløysa”.

Det skulle vise seg at flere delte de konservative holdningene til farbror Time. For Arne Garborg var ikke dette nye toner. Han var vant til å høre at alt som var nytt var ugudelig og ubrukelig. Han hadde en opplevelse fra en julefest i friskt minne. Læreren hadde lært dem å synge flerstemt. Skolebarna framførte julesangene for foreldrene på festen. Dette gjorde inntrykk, også på faren, Eyvind Garborg. Han innrømte at han syntes det var fint, men tok seg i det etterpå: “Ja, berre no Vårherre au kan lika alle dei krusedullar me set på det. Det er ikkje for å frygda øyra vårt, men for å prisa skaparen at me skal syngja”.


[i]                       Åge Holter, Det store spranget, Kirke-skole-stat

fredag 24. oktober 2014

Garborg og Skou - venskap til inspirasjon

Tor Obrestad las boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" før ho gjekk i trykken. Eg var svært spent på kva domen blei. Obrestad har "greie på" Garborg. Han har skrive Garborgbiografi. Glad og letta blei eg då han skreiv dette bak på boka mi:
Marit Elisebet Totland har skrive ei spennande og veldokumentert bok om livet hans. 
Ho fortel om venskapen mellom Arne Garborg og Skou, noko som førte til gjensidig inspirasjon."



Boka er lagt ut for sal på ulike nettbokhandlarsider. Om du har bestilt boka frå ei av desse, skal du vita at ho er i kjømda. Dessverre er ho eit par veker forsinka frå trykkeriet, men eg skal ha henne i handa til lanseringa i Skudeneshavn, torsdag 30.oktober.
Så berre bia litt, så har du boka du har bestilt!
Håper du får glede og utbyte av lesinga!

Boka vil også bli å finna i bokhandelen, den gode gamle butikken der du kan halda boka i handa og bla i henne før du tar henne med heim. Er ho ikkje i din bokhandel - spør etter henne.



mandag 20. oktober 2014

Samtalen med Tor Obrestad om Garborg og Skou

Tor Obrestad har skrevet biografi om både Hulda og Arne Garborg. Jeg har arbeidet i åtte år med å finne historien til Skou. Når boka mi "Garborg og Skou - forskjell på folk?" lanseres torsdag 31.oktober, skal vi to ha en samtale om de to mennene vi har skrevet om.

Etter et møte med Obrestad tidligere i høst, har jeg notater som utgangspunkt for den samtalen. Nå sitter jeg og forbereder hvordan vi kan ha en samtale som er lærerik og interessant for andre enn oss to. Så da spør jeg:
Hva vil du at jeg skal spørre Tor Obrestad om?

..
Og hva skal jeg kalle omstreiferne? I boka bruker jeg omgrepet "omstreifer". Men de fleste har sin lokal variant. Mange av disse gir bare negative assosiasjoner. Hva er ryddigst?
Noen ord om det finnes her: Omstreifar - fant - splint - tater - ulike-ord, men 100 % menneskeverd