Litt om bøkene mine:

Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg

tirsdag 10. januar 2017

Viktig og fin historisk roman, skriv Kristine Sele

Slik skriv Kristine Sele i ein bokomtale i Bømlonytt 21.12.12016.
Eg bukkar og tar i mot og set særleg pris på at Kristine Sele meiner boka løftar fram ein del av kystkulturen vår.:

* Kvinna si uro når mann, far, son, kjærast er langt til havs, i ei tid utan kommunikasjon.
* Om reiaren si sut for mannskap og båt.
* Rykte fortel om storstorm og forlis; dei heime ventar på telegrammet som skal fortelja at alt er vel.

Alt vel frå Marit Elisebet Høines Totland får lesaren dette på nært hald. Me følgjer hovudpersonen Karina vidare i levet hennar i Skudnes. I Blåstrømpe kom ho som tenestejente frå Stavanger.

"Alt vel"-  startar med den dramatiske storstormen på nord-Island....
-  er også ei fin og var kjærleikshistorie.
....
Marit Elisebet Høines Totland, som sjølv er frå Skudeneshavn, bidrar med "Alt vel" til å løfta fram ei del av kystkulturen

søndag 11. september 2016

11.september, ikkje i 2001, men i 1884.



Det skjedde 11.september. Ja, det gjorde faktisk det. Eg måtte sjå nærare etter. Hadde eg lese feil? Største orkanen i manns minne på Island 11.september 1884. Jo, det stemte.
Og dette hadde eg planar om å skriva bok om, ein historisk roman som skulle skildra døgnet med den sjeldne orkanen som øydela så mykje og som tok liv i løpet av få timar.
Først tenkte eg at måtte endra datoen. Det kunne jo sjå spekulativt ut, då det å bruka datoen i seg sjølv gir assosiasjonar til dramatiske hendingar.
Men det ville vera historieforfalsking å ikkje ta det med. Og for den som vil leita i islandske og norske aviser frå 1884, er det fint å ha rett dato. Avisene kan nemleg lesast på islandske timarit.is og det norske nasjonalbiblioteket, nb.no, sine databasar. Eit flott tilbod og eit fantastisk kjeldetilfang for oss som grev oss tilbake i tida.
Orkanen 11.september er den historiske hendinga romanen "Alt vel" er bygd opp om. Eg gler meg til å presentera boka i november.

fredag 20. februar 2015

Garborg til Garborgsenteret, sjølvsagt.

Aktivitet på Garborgsenteret:
Tittel:
"Forskjell på folk?"
Når:
28.02.2015 13.00 h
Hvor:
Garborgsenteret - Bryne
Kategori:
Aktivitetar på Garborgsenteret

Beskrivelse

Forfattar Marit Elisebet Totland har nyleg gitt ut boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" Ho kjem for å fortelja om Arne Garborg og omstreifarguten Martin Johan Mathiassen Skou. Garborg brukte barndomsvennen som modell for taterguten i romanen "Fred", og sa at det var gjennom vennskapen deira at han lærte det var mindre skilnad på folk enn han før hadde trudd.
TotlandSpegl - CopyBearbDokTilp

onsdag 18. februar 2015

Ein mental godtepose

Laurdagstimen febr 2015 
Flott med laurdagstime som mental godtepose. Det høyrest ut som ei flott oppfinning!
Eg skal få vera med å snakka om Garborg og Skou neste laurdag på Time bibliotek/Garborgsenteret.

Men her har nok Mister Trykkleif vore ute på plakaten. Skou var nok Garborg sin taterven, ikkje teaterven. Sjølv hadde han nok ikkje hatt noko i mot også å vera teaterven.



fredag 28. november 2014

Fordi det finnest bibliotek!



"Garborg og Skou -forskjell på folk?" har nesten 500 fotnoter og ei litteraturliste med over 100 titlar. Og det er berre å seia det slik det er: Utan bibliotek hadde ikkje denne boka blitt til.

Frå pc-en på stovebordet i Kvinnherad har eg vandra i tid og rom for å finna eit heilt bilete av Skou og venskapen hans med Garborg. Og heim til dette stovebordet har bøker, hovudfagsoppgåver og kompendier vandra frå bibliotek i inn- og utland, frå universitetsbibliotek og små bygdebibliotek. Ja, for slik fungerer bibliotektenesta vår! Veit du kva du søkjer, er det meste innan rekkevidde.

I tillegg ligg det store skattar på Nasjonalbiblioteket, særleg i handskriftsamlinga. Desse skattane har eg også fått tilgang til.

Aviser ligg på mikrofilm og kan sendast til ditt lokale bibliotek, og etter kvart blir  store mengder kjelder  digitaliserte.Mykje av dette kan søkjast heimefrå via nb.no. Trykkjer ein på at ein vil søkja "alt", ikkje berre "digitalt tilgjengeleg", får ein opp titlar som viser kor det interessante innhaldet er. Og i det lokale biblioteket kan også desse kjeldene opnast og lesast.

Mine eigne bokhyller er sjølsagt også blitt fyllte opp. Mykje gamalt og godt har eg spora opp via nordiske antikvariat på nett. Men utan biblioteka hadde neppe Garborg og Skou funne vegen inn mellom to permar i lag.

Ære til biblioteka!

Her kan du vera med meg ein tur til Nasjonalbiblioteket - eit skattkammer