Litt om bøkene mine:

Viser innlegg med etiketten island. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten island. Vis alle innlegg

onsdag 11. januar 2017

Brigg Norden - forkledd for å skremma sjørøvarskuter


Brigg Norden av Haugesund segla på dei store verdshava før den forliste under storstormen på Island i 1884 som er skildra i Alt vel. I all slags ver og vind kunne det vera mange farer kaptein Antoni Berentsen måtte vera vaken for. Og når mannskapet gjekk i land i framande hamner, kunne det nok henda dei kom heim med dei utrulegaste sjørøvarhistorier.
Men Norden har faktisk si eiga sjørøvarhistorie. Då eg skulle prøva meg på å mala skipet, etter bildet over her, merka eg meg dei svarte felta i den kvite stripa øvst på skipet. Og sidan eg har sett mange seglskutebilder utan å sjå nærare på detaljane, tenkte eg ikkje meir over det.
Men så var eg hos Hagland i Haugesund, hos dei som eigde Norden. Og då fekk eg ny informasjon. Skipet var forkledd som marinefartøy for å halda sjørøvarar på avstand. Dei svarte merka er ikkje svarte skipsbord, men kanonopningar. Skipet hadde kanonopningar, men ingen kanoner på dekk.
Er det nokon som kjenner til om andre skuter forsvarte seg slik?

mandag 12. desember 2016

Fordi bestefar fortalte...

Det er nesten ikkje til å tru! Det budde ikkje mange familiane på Hrisey i Øyfjord på Island då den store stormen kom sigande ned dalen og gjorde så stor skade, 11.september 1884. Likevel blei to born fødde den natta. Det fortel Bjørn Olafson i eit intervju med Magne Misje, laga av NRK Rogaland og Hordaland i 1984, hundre år seinare. Bestefar hans var nemleg eit av desse borna.
I dette intervjuet får me informasjon om stormen som eg har nytta i siste boka mi, den historiske romanen "Alt vel", der me både er til stades i stormen og følgjer dei som går heime i Skudenes og ventar og høyrer rykte om det som har hendt.

Men kan me tru på det som er fortalt når det skjedde for 130 år sidan?
Og kan me tru på det Bjørn Olafson fortel om den natta då bestefaren blei fødd, altså då oldedmora fekk ein son ei dramatisk stormnatt?
Me kan spørja oss sjølv, kva veit me om det som skjedde i livet til våre oldeforeldre?

Men eg stolar på Bjørn Olafson. Fordi han seier at bestefaren fortalte om dette, både om Galdra-Villy som skremte nordmennene med trolldomskunt og dei norske skipa som blei kasta på land. Og denne bestefaren blei nærare 100 år. Han hadde altså høyrt om denne hendinga nesten heilt fram til intervjuet blei gjort i 1984. Dermed er fortellinga påliteteleg og levande over tre generasjonar.

Så då blir utfordringa til oss: Kor mykje fortel me vidare til etterkomarane våre?
Og tenkjer me over at dersom me ikkje fortel, så kan deler av historia forsvinna ut av historiebøkene? Det er eit talande eksempel på Gran på Hadeland. Der er det to kyrkjer ved sida av kvarandre, systerkyrkjene, og ingen  veit sikkert kvifor det er to av dei. Ein gong i fortellinga si fortelinga, stoppa kunnskapen.
Sjølvsagt vil arkiva og vår digitale kvardag syta for at det meste blir tatt vare på i framtida. Men kvardagane, opplevingane, følelsar og stemningar? Dei er det ikkje lett å putta inn i eit arkiv. Derfor er fortellinga så viktig, med formidling frå generasjon til generasjon.

 Slik ser eg for meg at det var på Hrisey, før stormen:




Boka Alt vel kan kjøpast på bokhandelen på Nord-Rogaland og  i Sunnhordland
og kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no


torsdag 10. november 2016

Ikkje husbåt, men båthus

Dette er briggen "Norden" av Haugesund:
Nei, dette er eit hus, seier du.
etter han hadde kjøpt restene av "Norden" på auksjon i Akureyri.  Faktisk det første tømmerhuset på øya der han bodde. Elles hadde folket der hus som liknar denne kyrkja som framleis er i bruk:


Slik såg skuta ut då ho drog nordover til Island sommaren 1884.

Då eg besøkte Island i fjor, møtte eg guiden i museet i huset til Jörunder Jónsson, 
og då me sat og snakka om stormen 11.september, sa ho plutseleg:
- Ja, dette huset er bygd av ein brigg frå Haugesund.
Eg såg meg rundt, kjende på tømmeret og såg merke i taket. Eg var inne i briggen!

Det finnest mange restaurerte skuter frå1800-talet som me kan gå ombord i. 
Men no var eg omgitt av originalmaterialer frå "Norden".
Plutseleg rykka histora mange steg nærare meg. 
Og eg blei endå meir motivert til å få gitt ut den historiske romanen om stormen som hadde herja i fjorden for lenge sidan som så få kjenner til. 
Resten av historia finn du i boka  Alt vel.

mandag 31. oktober 2016

Om håkjerringa kunne snakka


Kanskje sumde ho omkring rundt om i Eyjafjórður på Island som ei ung håfrøken då nordmennene var der rundt 1880, ho som no er ei diger håkjerring på nærare sju meter? Og om ho gjorde det, og om eg kunne få slå av ein prat med henne; kva hadde ho då fortalt om hendingane 11.september 1884, då store deler av den norske fiskeflåten blei slengd på land i ein orkanaktig storm så hundrevis av fiskarar blei skutelause?

Avisene frå Island og Norge som kom ut i 1884, fortel ein del. (Stor takk til timarit.is og nb.no som gjer avisene tilgjengelege!) Men dei var ikkje så rause med spaltemetrane på den tida, så me får berre vita det aller nødvendigaste for å forstå kva som hende, og knapt nok det. 

Litt hjelp får me av manns minne når ikkje håkjerringa kan hjelpa oss. For 30 år sidan laga Magne Misje eit radioprogram for NRK som handla om stormen i Eyjafjórður i 1884. Han intervjuar ein eldre islending som fortel at far hans kom til verda den stormnatta. Farfaren blei nærare 100 år, og han hadde fortalt mykje om Nordmannastormen11.september. Eg sit med opptaket i dag, og vips, så er eg fleire generasjonar nærare hendingane. Det gir meg ganske sikker informasjon som eg har brukt i boka "Alt vel" som kjem ut i desse dagar.

Men no har eg spora av, for det var håkjerringa eg skulle dvela ved. For at det var håkjerring på Island på denne tida, er det ingen tvil om. Fleire av dei som fiska håkjerring lånte nemleg ut skipa sine til nokre sildefiskarer dei vekene nordmennene var i fjorden. Og på Island fortel dei framleis om dei store håfiskarane: Jörunder Jónsson var ein av dei. I "Alt vel" er denne episoden skriven inn i handlinga:

«No, du er ikkje ute etter håkjerring for tida?» Ådne visste at karen dreiv dette fisket og hadde tent gode pengar.
«Jo, det er håkjerringa som gir mat på bordet heime hos meg. Eller haien, som me seier. Me får god pris for olja,» svarde han. Men desse månadene de er her for å fiska sild, har eg sikraste inntekta ved å leiga ut skipet mitt som losji til dykk. Så det er bra at de kjem og skaper liv i fjorden her».

«Men de har no driftige folk her på øya, har eg høyrt,» sa Ådne. Eg kom i snakk med Jörunder Jónsson for ei veke sidan. Og han hadde både mange jern i elden og flust med planar for framtida.»

«Ja, han Jörunder, ja. Han får gjort det han har sett seg føre.»

«Han driv karane sine hardt, høyrer eg. Er det ikkje så?» Ådne såg spørjande på Geir.

«Du har høyrt gjete det store haifisket, forstår eg.» Geir kika bor på Ådne, strauk seg over skjegget og sette seg til rettes, klar til å fortelja. «Det er ikkje mange som er som Jörunder. Det har du rett i. På det jamne driv han godt og gir mannskapet gode arbeidsdagar. Men når det røyner på, krev han alt av karane sine. Som då han kom over ein heil stim med hai. Dei fekk om bord den eine haien etter den andre. Og den eine større enn den andre.» Geir reiste seg frå tua han sat på og viste korleis dei halte og drog. «Den største var nesten seks meter lang, fortel dei. Karane blei sjølvsagt slitne, men med slik fangst kom det ikkje på tale å gi seg. Fleire av mennene la seg ned på dekk og kunne ikkje lea ein finger, så trøytte var dei til slutt.» Geir bøygde seg framover, let armane hengja nesten ned i bakken, før han retta seg opp med eit rykk og heldt fram med å fortelja: «Men Jörunder visste råd. Han reiste dei opp att etter kvart som dei la seg ned. Då dei likevel la seg, fann han fram hangikjøt til dei. Og så helte han i dei brennevin. Gjekk frå den eine til den andre, klappa dei på skuldra og sa: «Opp igjen, guten min! Held ut litt til, son!» 
..........................

Kva veit me meir om håkjerringa?
Nyare undersøkingar viser ein estimert alder for dei eldste håkjerringene på 392 år (med en usikkerhet på ± 120 år). Dette viser at håkjerringa er det lengstlevande virveldyret me kjenner.Håkjerringa er ein storvokst haihåkjerringfamilien. Den kan bli over sju meter lang og kan vega over eitt tonn, sjølv om dette er sjelden. Håkjerringa er den haiarten som finnest lengst mot nord, den er observert på 2200 meters dyp, men er vanlegast å finna mellom 200 og 600 meters dyp. (stor noresk leksikon)

Dei som vil bli betre kjend med håkjerringa, kan lesa den briljante Havboka til Morten A Strøksnes, 
eller  Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider, som undertittelen heiter.

Bildet er henta frå artikkelen: Vil ha haier på Polaris

Boka "Alt vel" er til sals i mellom anna hos Haugen bok

fredag 28. oktober 2016

Hurra! Boka er klar!

Boka er klar. Og slik ser den ut. Gler meg til å fortelja meir om dette framover.




søndag 11. september 2016

11.september, ikkje i 2001, men i 1884.



Det skjedde 11.september. Ja, det gjorde faktisk det. Eg måtte sjå nærare etter. Hadde eg lese feil? Største orkanen i manns minne på Island 11.september 1884. Jo, det stemte.
Og dette hadde eg planar om å skriva bok om, ein historisk roman som skulle skildra døgnet med den sjeldne orkanen som øydela så mykje og som tok liv i løpet av få timar.
Først tenkte eg at måtte endra datoen. Det kunne jo sjå spekulativt ut, då det å bruka datoen i seg sjølv gir assosiasjonar til dramatiske hendingar.
Men det ville vera historieforfalsking å ikkje ta det med. Og for den som vil leita i islandske og norske aviser frå 1884, er det fint å ha rett dato. Avisene kan nemleg lesast på islandske timarit.is og det norske nasjonalbiblioteket, nb.no, sine databasar. Eit flott tilbod og eit fantastisk kjeldetilfang for oss som grev oss tilbake i tida.
Orkanen 11.september er den historiske hendinga romanen "Alt vel" er bygd opp om. Eg gler meg til å presentera boka i november.

torsdag 8. september 2016

"Alt vel"

Det gjaldt å formulera seg kort og konsist når ein sende telegram og betalte for kvar bokstav. Men kor lenge var det sanninga, at alt var vel, når det tok si tid før meldinga nådde fram?

I den historiske romanen "Alt vel" går enka som har rusta ut skip til Islandsfisket, og ventar. Og på Island hender det meir enn ho veit om.

Eg gler meg til å leggja fram den nye boka som eg har hatt mange gode skrivestunder med å laga.

Boka kjem på Kapabel forlag i november.