Kor utbreidd var bruken av sommarfuglen som symbol på
gravminne? Eg fortel om sommarfuglen både her og der for tida, og i den samanhengen ville det vera svært interessant å vita om det
er mange jernkrossar, plater eller gravsteinar rundt omkring med dette flotte
symbolet på.
Veit du om gravplassar der det finnest sommarfuglsymbol, er det flott om du skriv
det i kommentarfeltet under her. Så blir eg litt klokare.
I
Kvinnherad er det i alle fall ein slik kross; på Fjelberg. Det fann eg ut like før sommarfuglboka
«Håp» skulle i trykken. Berre nokre justeringar stod att. Eg hadde manuset med
meg til Fjelberg gamle prestegard for å ta ein siste gjennomgang. Boka handlar
om sommarfuglen som symbol på oppstoda og det kristne håpet. Eg hadde skrive at
sommarfuglen var å finna på støypejernskrossar frå 1800-talet, men hadde ikkje
sett slike sjølv nokon gong. Eit Google-søk hadde stadfesta at det var slik;
det fantest både krossar med sommarfugl
på veg ut av kokongen og krossar med berre sommarfugl. Det fekk vera
dokumentasjon god nok på, hadde eg tenkt, og tok krossane med i boka.
Så står
eg og ser ut vindauget på kjøkenet i prestegarden. Og får sjå ein jernkross på
gravplassen. Eg går ut for å sjå nærare på han. Når eg kjem heilt bort ser eg
at det ikkje er nokon sommarfugl på han. Eg blir litt skuffa. Eg må erkjenna
det. Men kva var vel sjansen for at det skulle vera sommarfugl på den eine
krossen som stod på første gravplassen eg var på etter at manuset var
ferdigskrive?
Eg går
nærare. Og ser: Det er ikkje ein kross, det er to. Dei er sette opp mot
kvarande så dei ser ut som ein på avstand. Eg går rundt for å sjå på den
bakerste krossen. Kva ser eg? Ein sommarfugl! På eit gravminne frå 1884.
Fjelberg
prestegard skal gi inspirasjon til forfattarar. Kvalitetssikring av kjelder høyrest
ikkje så fint ut, men er vel så viktig når ein formidlar tradisjon og historie.
Så Fjelberg prestegard gjorde jobben sin.
Første delen av "Håp" handlar om larvane "Den eine" og "Den andre" som bur på "Den grøne greina". Dei høyrer stygge rykte om framtida. Men alt blir annleis enn dei trudde. Andre delen handlar om sommarfulgen som symbol.
Det ville vera fint om me for alvor gjorde det kjent at sommarfuglen er symbol både på Jesu død og oppstandelse og det nye livet. Derfor har eg laga boka.
- Eg tar ti, sa ei som var innom ein dag.
Er det fleire som vil handla bøker og ha liggande for å bruka ei bok i staden for ei blomehelsing eller konfekt, kan me avtala pris. Portofritt ved kjøp av minst tre, kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no eller SMS til 98060938
Og bøker er å få kjøpt i bokhandelen for kr 150 i Skudenes, Åkra, Kopervik, på Oasen,
Totland Libris, Nordfjordeid
Bokhandelen i Aksdal, i Rosendal, på Husnes og hos Vikse/Bremnes
Sand i Ryfylke, Egersund, Ølen, Etne, Sveio,
Bok og media, Akersgata /Oslo, (kr 100,-)
Høyer i Arendal, Bibelbutikken i Sandnes,
Kristelig bokhandel i Haugesund, Bergen, Torp og Bryne,
Vivo i Drammen, Lyngdal og Mandal,
Sunnbok på Stord,
Osøyro Libris og Vatne/Sandnes,
Ark Amanda, Ark Heiane og Ark Stord
og
Ark Amanda, Ark Heiane og Ark Stord
og
i Åkra hos Oddrun på butikken.
Dessutan er den å finna i Tvedestrand antikvariat
(litt tidleg å hamna på antikvariat, men men...)
Nettsidene til Bok & Media finn du her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar