Litt om bøkene mine:

fredag 24. april 2015

Obrestad skriv om Line: Kulturberar og posør

Eg ventar med stor spenning på ny bok frå Tor Obrestad:


Jon Line, Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou var samtidige. Line har mange gonger vist til at han kjende Garborg. Garborg på si side seier lite om dette, med unnatak av at han nemner at han har møtt han nokre gonger. Mathiassen Skou derimot, han skriv Garborg om i Knudaheibrev, Kolbotnbrev, dagbøker, - og ikkje minst: Han bruker han som modell for Carolus Magnus i bøkene sine. Dessutan skreiv Garborg forordet til boka til Skou, og skreiv eit fyldig minneord om han.

Tor Obrestad nemnde dette trekløveret då me var i lag ved lanseringa av boka mi Garborg og Skou - forsjell på folk? i under SILK, Skudeneshavn Internasjonale Kulturkonferanse i oktober 2014. Garborg og Skou syntest å koma tett på kvarandre i periodar av livet. Og dei fann kvalitetar hos kvarandre som dei sette høgt. Slik meinte Obrestad derimot at det ikkje var mellom Line og Garborg. No ser eg fram til å lesa kva han skriv om Jon Line i denne nye boka.

Boka til Obrestad kjem på Commentum forlag.
Forlaget skriv dette om boka:


Jon Line sitt idol
─ Garborg var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare  perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem gonger, og aldri refererer til anna enn møte,  aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier Tor Obrestad vidare.
Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på "pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde dedikasjonen i Gonge-vegar.
Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime relasjonar.
Posøren
─Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og  levde opp til rolla. Han ville vera fin på det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt, jordnært og ubunde som gjer at  han fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko  av det Dahl nesten blei. Men Line blei for sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i  sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje, ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein. Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad.


mandag 6. april 2015

Her finn du boka i butikk i Bergen og Oslo


I Rogaland og Sunnhordland finnest boka i dei fleste bokhandlarar. Og i desse tider, med stor makt til kjeder og bestseljarar, er det kjekt å sjå at ei einsleg svale kan finna vegen til butikkhyllene.

Når boka blir etterspurt, dukkar den opp både her og der. Frå Ark sine nettsider, veit eg at den er tatt inn hos:

Ark Egertorget og Ark Majorstua i Oslo og Ark Strandgaten i Bergen
Ark Strømmen (Akershus) og Ark Bruns (Trøndelag)



Her er ARKs reklame:


Garborg og Skou: forskjell på folk?




Garborg og Skou: forskjell på folk?


Lagerstatus På lager. Sendes normalt fra oss i løpet av 1 virkedag.
Kundevurdering
FormatInnbundet
Utgivelsesår2014
ForlagCommentum forl.
SpråkBokmål
ISBN9788282332712
Emneord Forfattere; Pedagoger

Se flere detaljer
Pris
306,-
Veil. pris
349,-
Spar
44,-
Legg i handlekurv
Klikk & hent
Denne boken er klar for henting i valgte butikk etter én time.
Klikk & hent