Litt om bøkene mine:

tirsdag 17. mars 2020

Boka

HÅP

Marit Elisebet Høines Totland

Tekst og illustrasjon



Nauthydlaren bok og bilde, Valen 2017                  
Copyright: Nauthydlaren, post@marittotland.no         
ISBN 978-82-995598-6-7

Nynorsk


Det var god plass på Den grøne greina, både til Den eine og Den andre.

Den eine hadde så vidt stukke hovudet ut av skalet, då han såg Den andre som allereie var i gong med det første måltidet sitt.





«Velkommen til Den grøne greina,» sa Den Andre. «Her har me det fint. God, frisk mat så langt auget kan sjå.» 




«Her vil eg leva og bu all mi tid,» sa Den eine ein dag.

«Hadde det berre vore så vel,» sa Den andre. «Men nei, det kjem nok andre tider. Eg har høyrt rykte om at det frie livet vårt her på Den grøne greina vil ta slutt ein dag.»

«Nei, kva seier du? Kvifor skulle det ta slutt? Her er mat nok for lange tider.»

«Det er ikkje maten det skal komma til å stå på. Me kjem ikkje til å trenga mat i den tida eg tenkjer på. Me kjem til å vera stengde inne i eit lite rom.

Utan utsikt.

Utan sol.

Ja, utan alt det som er godt her i livet,» 

sa Den andre, mens han løfta hovudet og såg utover det frodige bladverket. 


«For noko tull,» sa Den eine.

«Slik kan det ikkje vera. Ingen skal få stengja meg inne i eit mørkt rom i alle fall.»




Ein dag slutta dei begge å eta og tok til å spinna ein vegg rundt seg.

Ingen av dei sa noko.

Korkje Den eine eller Den andre tenkte over kva dei gjorde heller. Akkurat då var det ikkje noko å grubla over.

Snart var både Den eine og Den andre ute av syne, både for ven og uven.

Fuglane som var ute etter mat, viste inga interesse for dei der dei hang som inntørka lauv på greina.

Gartnaren som stelte hagen, og som hadde sett  vinter og vår komma mange gonger,

han visste at dei var der,

sjølv om han ikkje såg dei.


Og han visste at det ville komma nye tider.



Innafor det tørre, harde skalet skjer det noko.

Det som har vore, forsvinn.

Noko nytt blir til.


Noko lear på seg på Den grøne greina, enda det er heilt vindstille. Der svaiar det, virrar rundt seg sjølv, det vesle avlange skalet som alle trudde var eit visna lauv.

Så brest det, og noko mørkt kjem til syne. Den eine vrikkar seg ut. Finn eit godt feste på greina. Strekkjer ut små, tynne venger.

Blir ståande.

Lenge.

Til kraft og styrke når heilt ut i vengespissen, og vengene faldar seg ut.









Så slepper han taket.

Svever utover hagen.

Gult,

blått,

grønt,

lilla,

fiolett

og raudt

strålar i mot han frå planter og buskar,

sterkare enn han kunne hugsa at fargar kunne stråla.

Tilbake på greina får Den eine auge på Den andre. Han sit i toppen på ein busk midt i hagen.

Og han er ikkje åleine. Nesten på kvar blom sit det ein slektning.

Dei nyt alle det herlegaste måltid,

med søt og saftig nektar.





Gode og mette, tar dei vengene fatt, 

både Den eine og Den andre.



Løftar seg oppover. Over hekken

og langt bortover…

Langt og lengre

enn dei før hadde trudd

det fantes

noko som helst.





***************

Denne vesle historia om sommarfuglane er sprungen ut av bibelverset Fil 3.10:



Då kjenner eg han

og krafta av hans oppstode, …





*********************************************************************************







Sommarfuglen

Som Symbol


Sommarfuglen er brukt som symbol i mange kulturar. Her til lands har han vore brukt som symbol på det kristne håpet i svært lang tid.

Eit symbol kan fortelja meir enn ord, og sommarfuglen, den vevre skapningen som kan sprengja seg ut til nytt liv, er ein kontrast som gir nye tankar og skaper nye bilde.







Sommarfuglen er symbol både på Jesu seier over døden og håpet om det nye livet

når dagane her er talte.











Elisabeth Litlehamar har mala Forvandlinga i Jesus: 




Trykt med løyve frå Elisabeth Litlehamar



I landet vårt er det gravminna som tydelegast fortel at sommarfuglen har vore nytta som kristent symbol. På jernkrossar frå attenhundretalet kunne det vera ein sommarfugl, gjerne ein som var på veg ut av kokongen.

I dag er sommarfuglen eit av motiva prestane kan velja å ha på prestedrakta si.











Sommarfugleffekten



«Vengeslaga

frå ein sommarfugl

i Brasil

kan utløysa

ein tornado

i Texas»







Uttrykket sommarfugleffekten oppstod då den amerikanske meteorologen Edward Lorenz brukte sommarfuglen som bilde for å forklara kor vanskeleg det er å gi pålitelege langtidsvarsel. Små endringar ein stad kan forplanta seg å gi store verknader ein annan stad lenge etterpå.
Kjelde: Store norske leksikon








«Så kommer dagen

da alt hat skal smelte»

Ronald Fangen





Fly, sommerfugl, fly!



Fly sommerfugl, fly.
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.
Bre ut dine vinger og fly.
Du er født til å fly
dine vinger er sterke,
de bærer deg høyere dag etter dag.
Din kropp har et segl
med oppstandelsens merke,
seierens tegn fra et dødelig slag.
Du er født til å fly,
la din frihet få skinne
til andre som ennå er sperret inne.
Fly sommerfugl, fly.
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.

 Bre ut dine vinger og fly.
Ingen kan lenger holde deg bundet.
Du er fri fra alt det du engang var.
Du trodde du tapte, men så har du vunnet.
Ditt liv er en dans mot en himmel så klar,
og vinden er god, den fører deg med seg,
den fører deg ut så livet kan spre seg.
Fly sommerfugl, fly.
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.
Se, du er født på ny.
Se, det er morgengry.
Bre ut dine vinger og fly!


Tore Thomassen


Trykt med løyve frå Tore Thomassen tekst&musikk

Sommarfugl i vinterland



Halvdan Sivertsen utvida bruken av sommarfuglen som symbol med songen Sommerfugl i vinterland.

Dermed kom sommarfuglen i vinterland også på lerretet.

















Håpet i Bibelen


Salme 62,6

Profeten Jeremias 29,11

Romarane 8,18-25

1. Korintar 13,13





Efesarane 1,18-22

Hebrearane 6,18-20

1.Peters brev 1,3-5


Sommarfuglen i leksikon



Sommarfuglen har fullstendig forvandling med livssyklus i fire stadier: egg-larve-puppe-sommarfugl. Stadiene er svært forskjellige og finn stad i ulike miljø og under ulike levekår. Berre i det siste stadiet har han venger.

Den utvendige forvandlinga til sommarfugl er dramatisk; med nye føter, venger og følehorn. Innvendig i puppen er endringa så godt som total. Nervesystemet og andedrettskanalane er vidareutvikla, synet betre og hjartet er blitt større.
Kjelde: artsdatabanken.no og illvit.no

***********************************

Denne vesle boka, 14x14 cm, er tenkt som ei gåvebok, til oppmuntring og ettertanke.
Den kan kjøpast for kr 50 pr stk + porto hos meg: marit.totland@knett.no
Nokre somarfugmotiv er også blitt til doble kort. Dei finn du: her