Litt om bøkene mine:

mandag 21. november 2022

Då "Anna Howitz" forliste ved Mjølhus

Den tyske barken "Anna Howitz" var på veg til Dale fabrikker med bomull. Bomulla enda langs Karnøystrendene og i mange hus blei det brukt bomull som isolasjon det året barken forliste og folk gjekk mann av huse for å berga lasta.

Forliset skjedde ved Skiftesvikane utafor Mjølhus. Desse strendene forbinder me med sol og late dagar, men for han som gjekk og leitte etter far sin, var det mørke dagar.

Hendinga om forliset og redningsarbeidet etterpå er med i den siste historiske romanen min, TAP, som kom no i november. Tredje del av boka, startar med forliset. Bli med til 1880-talet denne smakebiten frå boka:

(Boka er å finna m a hos Norli i Haraldsgata og på Karmøy)

 KAPITTEL 31

Det høyrdest hestevrinsk og tramping på tunet. Karina skunda seg bort til vindauget. Det var ikkje mykje å sjå. Store snøfiller slo mot ruta. Men kven kunne det vera som kom no så tidleg? Og til hest? Utan kjerre eller karjol? Ho skimta så vidt ein høgreist mann som batt hesten og nærma seg trappa. Karina gjekk ut i gangen og tok slåen vekk frå døra. Det hadde vore uvêr om natta og vinden hadde stått rett på. Ho fekk opp døra akkurat då det høyrdest banking. Og no var Jakob, Magnus og ungane komne ut i gangen også.

– Ei skute … I Skiftesvikane, sa mannen og pusta som om han skulle ha sprunge langt. – Skuta ligg og høgg på Mjølhus. Ja, i Skiftesvikane.

Karina såg inn i to store, vidopne, forskremde auge. Tru kva dei hadde sett i løpet av natta? Ho opna døra og nærast drog mannen inn. Han tumla over dørstokken. Hadde ikkje Jakob stått så nær at han kunne ta imot han, hadde han sige saman på golvet. No hang han over skuldra til Jakob.

– Forlis. Forlis, stønna han mens Magnus og Jakob fekk han inn på ein stol.

Der blei han sitjande å hiva etter pusten, framoverbøygd med hovudet i hendene. Dei andre blei ståande rundt han.

No såg Karina at mannen var gjennomvåt og kald. Ho bad Gudrun henta ullteppe og varme klede. Men ho måtte seia det to gonger, for Gudrun stod i døropninga og nistira på mannen, forskrekka og fortvila, som om alle minna om ulukker på havet, fór gjennom tankane hennar.

– Det er vel her lensmannen bur? Eg … eg er send for å henta han. Er … er …

– Ja, du er kommen til rett hus. Eg er lensmannen, sa Magnus og tok eit steg nærare mannen.

Hildeborg var også kommen inn og fekk ordre om å dekka på til gjesten.

Karina fordelte oppgåvene samstundes som det var kaos inne i henne. Akkurat som Jakob ofte sa: «Du klarer deg, du Karina. Dess meir det stormar, dess rolegare blir du.» Men denne gongen måtte ho ikkje klara seg sjølv. Denne gongen var han heime.

Dei skulle til å setja seg ved frukostbordet då mannen kom. Det var søndag og enno var det heldigvis noko godt på fatet etter julehelga, tenkte Karina, før det slo henne at denne gjesten nok ikkje ville leggja stort merke til kva som stod på bordet. Ho skyssa ungane ut av stova og sette seg ved sida av Jakob.

– De kan gå, de også! sa Magnus og såg hardt på Karina og Jakob. – De høyrer vel at det er meg han vil ha tak i.

– Er de noko me kan gjera? Skal me senda folk? Trengst det båtar? spurde Jakob og sette seg ved sida av guten. – Og du er Per, ikkje sant? Per Andreassen? Du har vore med meg om bord tidlegare?

– Nei, me treng ikkje båtar. No er det gjort, det som gjerast kunne på sjøen. Men me treng leitemannskap. Og ja, eg er Per, sa han og heldt hardt rundt den varme koppen som han fekk av Hildeborg.

 

– Det har vore litt av ei natt, sa Per, då han hadde fått eit ullteppe om skuldrene.

No snakka han meir til seg sjølv enn til dei som sat rundt han, utolmodige etter å høyra.

Det var kona hans som først hadde merka at noko var gale. Ho hadde lege vaken til langt over midnatt då noko plutseleg lyste opp veggen framfor henne. Lyset forsvann, men kom igjen. Gong på gong. Då skjønte ho at noko var gale fatt og hadde vekt Per. Han kika ut vindauget og såg straks at det måtte vera eit skip som blussa etter hjelp ved Jarsteinsosen.

Han rista på hovudet med jamne mellomrom mens han fortalde korleis vinden kvein rundt hjørnet og snø og hagl slo mot husveggen då han la på sprang utover bøen. Fleire gonger heldt han på å ta feil av stien. Snø og sludd stod som ein vegg framfor han og stengde for all sikt. Men han visste at om han gjekk rett mot vinden, ville han nå fram dit lyset kom frå.

Per heldt fram nevane. Dei såg at handledda var oppskrapte og blodige. Buksa var oppriven og han blødde på det eine kneet.

– Stien går rundt kvar stein og det er gjerdeklyvarar mange stader, men eg måtte berre halda kursen, strakt fram, så eg tumla og datt mange gonger, forklarte han. – Redda liv, redda liv! Det var det einaste eg tenkte mens eg sprang og snubla, reiste meg og sprang igjen, sa han mens han fomla rundt seg med den eine handa, som om han framleis leitte seg fram bortover stien.

Mjølhus, Sandve, Syre! Dei visste alle kor griske bølgjene var i det stroket. Dreiv nokon på land der, måtte dei håpa på å få landkjenning på ei av strendene. Elles ville dei braka mot svaberga. Både store og små båtar hadde fått erfara det. Og liv var gått tapt.

– Då eg endeleg kom opp på Skiftesviks-tua, ja, eg kjende meg att då eg nærma meg, då tenkte eg at der oppe ville eg kunne få oversikta. Og det stemte. Snart såg eg ei stor skute som låg kvelvd inn mot holmen like utafor. Riggen stod endå, men skuta var nesten heilt gøymd i ròket frå bølgjene og snøbyene. Eg kika meg rundt. Tenkte at det måtte vera andre enn meg som hadde oppdaga kva som hadde hend. Men så slo det meg at dei andre gardane ligg så lågt. Dei ser ikkje Skiftesvikane i det heile. Men …

Han såg opp. Hadde hatt blikket langt nede kaffikoppen ei stund.

– Eg kunne jo ikkje gjera noko åleine?

Auga gjekk frå Jakob til Magnus og vidare til Karina. Som om han venta svar.

– Hadde eg prøvd, kunne eg kanskje ha redda …

Hovudet sokk ned. Hendene skalv så han sølte kaffi på buksa si. På teppet.

– Eg sprang. Alt eg kunne. Etter hjelp. Heile tida tenkte eg på dei som var om bord. Og dei som låg i sjøen. Som kanskje hadde sett meg og trudde eg svikta dei? Dei visste vel ikkje at skipet låg på ein holme og at eg ikkje kunne nå dei?

Han spurde, men venta ikkje på svar.

– Ikkje visste dei at det ikkje var råd å komma fram til dei med båt frå strendene våre heller. At me måtte bera ein båt over land for å nå dei.

– Fekk de redda mannskapet? spurde Jakob og la armen over skuldra på Per.

Mange blei redda, men han visste ikkje kor mange som var om bord. Nokon kom seg i land på flytande bomullsballar som skipet var lasta med. No låg det slike ballar i sjøen overalt.

Magnus reiste seg:

– Eg tar karjolen og drar vestover. Her blir det sjøforklaring og erstatningssak å ta seg av. Like greitt å få sjå alt med eigne auge jo før jo heller.

– Eg blir med, sa Jakob. – Kanskje det er nokon som treng hjelp.

 

– Og så sende dei deg for å melda frå til lensmannen? Du måtte jo allereie vera heilt utsliten, sa Karina til Per då karane i huset var ute av døra.

Ho la fram dei tørre kleda Gudrun hadde funne fram, bad Gunnar leggja meir ved i omnen. Gjorde seg eit ærend på kjøkkenet så Per fekk vera åleine for å skifta. Etterpå gjorde ho seg oppteken med å rydda rundt om i stova mens han fekk i seg frukost. Han åt ivrig ei stund, før hendene sokk ned i fanget og han stoppa å tygga. Berre stirra framfor seg. Før han kvakk til og fortsette å eta. Etter ei stund såg det ut til at han var mett. Og hadde fått varmen i seg. La ullteppet på stolen ved sida av seg. Bretta det fint saman først.

– Dei kjempa for livet, sa han lågt. – Og eg høyrer ropa: «Hilfe, hilfe! Tapfere Norweger, rettet uns!».

Han let att auga, fekk djupe rynker i panna.

– Eg høyrer ropa inne i meg framleis: «Hilfe! Rettet uns!» Eg trur det var tysk, for det var slik dei snakka tyskarane som var i land frå den store briggen her i sommar.

Han såg i taket med store auge, gnidde seg over låra.

– Og ropa var så desperate, fortvila, ja, hjarteskjerande! Ein av dei som ropte låg i vatnet. Eg høyrde berre halve ord før bølgja braut over han.

Karina gav han ein kopp varm mjølk som Gudrun kom inn med. Bad henne sjå etter om det var meir av det franske brennevinet dei bryggja punsj av dagen før. Eller noko anna sterkt. Denne karen kunne trenga sterkare saker enn mjølk etter kvart, såg ho. Han var begynt å skjelva igjen. Fekk nokre rykkingar i haka så han knapt nok fekk sagt det han ville.

Per hadde følgd mennene i hus etter at dei var berga på land. Det var lite prat i dei, men fleire av dei som kom til for å hjelpa meinte, som han, at dei sikkert var frå Tyskland.

Det hadde ikkje vore vanskeleg å få husrom til dei forliste på dei næraste gardane. Det blei fyrt opp i grua og varme klede kom på før mennene blei lagde til sengs med alt av dyner som var å finna i dei næraste stovene. Ein av mennene hutra fælt likevel. Skalv så han rista. Han var blå i ansiktet og kunne ikkje snakka.

– Det var han dei fekk sist opp av sjøen. Han var nok heilt forfrosen, stakkar, sa Per og sukka.

Han flytta seg på stolen.

–  Men kona i huset visste råd. Ho forsvann plutseleg ut av stova og kom att med fleire flasker øl. Ho kjende til at naboen hadde bryggja til jul. Og no hadde ho vore og henta øl som kunne setja skot i blodet, som ho sa. Ho kokte opp ølet og tømde det i han. Og etter ei stund kvikna han til, han og. Men om me fekk i land alle …? Det veit eg ikkje.

***

Resten av historie utgjer siste del av TAP, innvevd i lagnaden til Karina og den uvanlege lensmannen. Hendingane rundt forliset byggjer på munnlege kjelder og sjøforklaringa, og både forliset og etterspelet er lagd tett opp til det kjeldene fortel.

TAP er ein frittståande oppfølgjar til Alt vel og Blåstrømpe.

Boka er å få kjøpt hos Norli overalt på Karmøy, i Haugesund, på Husnes og Bremnes, i tillegg til hos Sunnbok på Stord og i bokhandelen i Rosendal.

Boka kan også kjøpast hos meg. Og for tida er det også råd å få alle dei tre bøkene i ein pakke til kr 500,-


Digitale kjelder gir oss no eit innblikk i "gamle dagar". Eg lar meg fasinera av det eg les, og skriv av og til litt om det eg finn så fleire kan bli kjend med historia. 


 



.

onsdag 12. oktober 2022

Tap - ein historisk roman frå Skudeneshavn

 Tre kunstkort på kjøpet i januar:

For folk i Skudeneshavn kjem 1880-talet med kraftige vindkast. Samfunnet er i endring, og dei som driv med skip og eksport, må heile tida gjera vanskelege val for framtida.

Ein dag dukkar det opp ein underleg mann på trappa i Skippergarden, der Karina bur med familie og tenarskap. Raskt oppdagar Karina at det slett ikkje berre er det opne havet som kan trua familien og finansane.

Tap er ein frittståande oppfølgjar til romanane  Blåstrømpe (2004) og Alt vel (2016), men den kan også lesast som ei sjølvstendig forteljing.

Boka kan du bestilla med sms til 98060938, epost post@marittotland.no eller i kommentarfeltet her. 

Pris kr  200,- fraktfritt tilsendt. 

«Alt vel», den forrige boka handlar mellom anna om den store stormen som nordmennene opplevde på Island i 1884. TAP byggjer på den romanen, men dei kan begge lesast som frittståande forteljingar. («Alt vel» kr 200 inkl porto),

Begge bøkene, kr 350 inkl porto.



'

mandag 12. september 2022

Kva er sanning og kva er dikting i ein historisk roman?

Snart skal eg ut å presentera den historiske romanen TAP. Og i møte med lesarane kjem spørsmålet ganske snart: Kva er sanning og kva er oppdikta?

Ja, eg veit svaret på dette. Men skal eg gå i detalj og sortera for den som les?

Ein historisk roman er basert på historiske hendingar frå tidlegare tider. Enkelte hendingar og personar er henta frå det verkeleg livet. Andre er oppdikta. Og fordi romanen går utover dei faktiske hendingane, kan forteljinga fortsetja der historieboka sluttar.

Noko av det fine med slike romanar, slik eg ser det, er at me får eit tidsbilde, og eit høve til å flytta oss tilbake i tid og stad, og få eit innblikk i korleis livet var før vår tid.

Når romanen er plassert i eit kjend miljø, kan den i tillegg fortelja lokalhistorie, historie som kanskje elles ikkje ville vera kjend meir enn i stikkords form. I «TAP» gjeld dette særleg forliset til barken «Anna Howitz». Mange har høyrt namnet, og veit at dei har gamal bomull liggjande ein stad eller isolasjon i veggen, som kom frå dette forliset.

Særleg den eine mannen i forteljinga ligg svært nær den ekte modellen henta frå det verkeleg livet i «Tap». Men eg tenkjer i svært liten grad eg vil gjera greie for kva som er kva. Er det dårleg gjort overfor mannen? For å svara på spørsmålet er det greitt å vita at han døydde for 100 år sidan. Næraste pårørande døydde for 150 år sidan. Han var eineborn, var ikkje gift og hadde ikkje born.


I det siste har eg lese historiske romanar for å sjå korleis andre taklar dette, kva som står i etterord og på omslag om kva som er dikting og ikkje. Boka "Livlegens besøk" var ei mektig bok, mykje bygd på fakta og etterlatte dokument, men det er heilt tydeleg at mykje også har oppstått i tanken til forfattaren Per Olav Enquist. Boka er forresten verd timane det tar å lesa historia frå slottet i Danmark på slutten av 1700-talet.

TAP kan bestillast allereie no, ved sms til 98060938,  sjølv om det er nokre veker til den er klar til sal. Prisen er 200,- inkl porto.

torsdag 8. september 2022

Då fire gutar ville ro til England



Det er juli og året er 1941.

Fire (svært) unge gutar frå Bergenskanten vil over til England for å kjempa på alliert side mot nasistane.

Dei prøvde å få bli med på båtar som gjekk i Englandsfart, men lukkast ikkje. Så tok dei saka i eigne hender. Førebudde seg. Handla og skreiv avskjedsbrev til foreldra.

Så la dei av garde ut over det opne havet.

Nokre dagar var havet velvillig og let dei komma seg avgarde. Men så blei det tøffe dagar. Til slutt kom dei inn til Skudeneshavn, utmatta og tomme for ferskvatn. Her var dei heldige og kom seg inn mot land utan å bli observert av tyske vakter. Mannskapet på Sildøy var på veg mot land, då dei oppdag robåten. 

60 år seinare var gutane tilbake i Skudenes og møtte redningsmennene sine. 


Ein av gutane skreiv ei dagbok etter minne då krigen var slutt. Den fekk far, Rolf Høines, og slik blei den med i boka "Med handemakt og hestekraft". Over 16 sider er historia fortalt, både om det som hende i 1941 og korleis det var å møta dei som berga livet deira.

Boka kan kjøpast hos meg for kr 150,- inkl. porto. (bestilling til 98060938). Kanskje er det også nokre eksemplar igjen hos bokhandelen.

Ein av gutane er no blitt ein svært gamal mann. Sonen hans kontakta meg i vinter, og no skal alle etterkommarane få seg ei bok der historia er med. I tillegg  har sonen bedt meg mala redningsaksjonen. Det har eg gjort. Eg har bygd på informasjonen i dagboka. Sildøy har eg eit fått ganske nye bilde av, men sidan me skal tilbake til1941, har eg bygd på eit eldre bilde av båten. Truleg er Sildøy blitt noko endra med åra.

Då møtet mellom gutane og redningsmennene skulle arrangerast skulle ein tru det var lett å få tak i mennene det gjaldt. Men det tok si tid. Dei som hadde redda livet til dei fire gutane, hadde ikkje snakka så mykje om det som hende. "For me snakka aldri om det som skjedde under krigen", sa dei.


onsdag 31. august 2022

Boka "Tap" blir til.


Dag 44.

Boka er her: Pris kr 290, signet og fraktfritt tilsendt. Om du har bestilt etter å ha lese dette, får du Alt vel med på kjøper, om du vil, boka som kom før TAP og som også handlar om familien i Skippergarden. Skriv A.V. i bestillinga, så veit eg at du har lese dette og skal ha den boka også i pakken.



Dag 43,

Ventetida er over. Boka er på veg til Valen og eg vil ha henne i handa i morgon, torsdag 13.10.

All ære til Interface media som har stått for produksjonen!
Dagbokprosjektet mitt gjekk i vasken etter dag 22. Men det var først og fremst fordi alt gjekk etter planen :)

Dag 22.

Dette er dagen eg spør meg sjølv: Er det ikkje skrive mange nok bøker? Treng verda "Tap"?
Og strengt tatt er svaret nei; veda treng ikkje denne boka. Men ho fortel ei historie, og teiknar eit tidsbilde som det kan vera nyttig å bli minna på. Det har vore opp- og nedturar før også, både i heimane og i næringslivet. Og ofte har det eine hengt saman med det andre.

Dag 21.

Fekk melding om at boka blir levert 14.-15. etter planen. Godt med alt som går etter planen.

Om det går bra, er eg i mål dag 46 - 47, altså innan fristen på 50 dagar som eg hadde sett for meg sjølv.
Boka kjem truleg ikkje i tide til å vera med til Senioruniversitetet 17.10. Då skal me ha flaks. Men til Bømlo veka etter, skulle me ha den i kofferten.

Dag 20.

Burde det arrangerast eit møte/kortkurs i å bruka digitale kjelder for å skapa eit tidsbildet: slik eg har gjort det i Tap?
Spørsmålet er sendt Senioruniversitetet på Karmøy og styret i SILK; Skudenes internasjonale litteratur-og kulturkonferanse. Begge skal ha styremøte i veka som kjem, og dei gir tilbakemelding etter det. På Facebook har allereie fleire meldt at dette er av interesse.

Dag 19.

Bokhandelen heime på Karmøy/Skudeneshavn melder at dei tar inn ei eske bøker og vil ha info til å driva litt PR i sosiale medier.
Begge deler er godt nytt!

Dag 14. - 18. Dagane går.

Desse dagane sprakk dagbokprosjektet mitt. Det var ingenting å melda om produksjonen av boka. Heldigvis. Det betyr at det ser ut til at me er i rute. 
Dessutan er det faktisk veldig godt å ikkje tenkja på og venta på boka kvar dag. Og det skjer jo så mykje anna i livet også.

Dag 13. Ein liten feil til.

Trykkeriet har sett boka, klar til trykk. Og eg fekk alt til gjennomsyn, nok ein gong. Og trur du ikkje eit lite ord hadde stukke av frå baksida, på omslaget, igjen. Det har vore retta før, men no var det vekke.
Det blir fiksa, heldigvis. Ville vore dumt med skrivefeil på omslaget.

Dag 12. Dei første bestillingane kjem inn! Hurra!


Dag 11. Heile omslaget kan presenterast.

Eg er godt nøgd med resultatet. Planen min var å laga noko heilt anna, men storfamilien protesterte. Så då blei det slik som dette.

Dag10. Dagen derpå. Fredag 9.september.

Det blir litt stille når alt er gjort og trykkeriet jobbar på. Kan ikkje gjera så mykje frå eller til med boka no. Anna enn å gle meg.
Og så må marknadsføringa startas. Om eg vil eller ikkje.
På baksida er det plassert eit bilde som eg håper skaper leselyst. For kva fortel dette bildet?




Dag 9. Trykking startar.

Alt er no klart til trykk. Prosessen denne gongen har gått smertefritt. O, for ei glede!

Pris er fastsett. kr 290,-
Boka blir tilsend fraktfritt med signering til dei som bestiller no. (sms 98060938)

Boka skal vera klar medio oktober.

Dag 8. Framside og omslag i boks.


Etter litt att og fram, med drøfting i storfamilien, måtte det som eg hadde tenkt å ha til framside, ta til takke med å komma på baksida. Og maleriet mitt av Skudeneshavn rykka fram.

Også omslaget måtte korrekturlesast, og etter tre rundar var det klart.
Kolofonside måtte lagast. No har eg lært kva som skal stå på ei slik side, så den er også klar.

I kveldinaga fekk eg 2.korrektur på manuset. Godt jobba frå han som rettar opp teksten. Eg kunne faktisk melda tilbake at eg ikkje fann fleire feil.
Så no går det unna!

Dag 7. Ombrekt bok - i rute.

Vakna til epost med vedlagt ombrekt bok, altså at teksten er fordelt på sidene. Så då var det berre å setja seg i arbeid. Sola varma godt frå tidleg føremiddag, så nokon innedag kom ikkje på tale. Dermed blei det lesing og sjekking av avsnitt m m ute i det fri.

Mens eg las, var det ein som kika meg over skuldera. Eg sa at dette var kjekkare enn eg hugsa. Det verste var at eg kunne få lyst å skriva meir. 
- Ja, om dette er det verste, så har du det jo eigentleg bra, var kommentaren eg då fekk.

Nokre timar seinare kom tre framlegg til omslag. Eg valde meg raskt ein favoritt, men sende framlegga til storfamilien min, - og der er dei slett ikkje enige med meg. Så dette blir ei nøtt...


Dag 6. Lensmanden


"Tap" handlar om Karina som bur i Skippergarden, ho som blei til og fekk eit liv i Søragadå i romanane "Alt vel" og "Blåstrømpe". Men etter kvart som historia tok form, tok ein vikarierande lensmannen nesten all plassen.
Digitale kjelder gav meg mange opplysningar om han, men arkivstoff, levert til far i si tid, som no er sortert og skal til sine rette offentlege arkiv, "skreiv nesten romanen for meg". Likevel: Lensmannen i "Tap" er ein oppdikta person. Men han har mange fellestrekk med ein person, ein vikarierande lensmann som var å finna på lensmannskontoret i Skudenes på 1880-talet. 

Eg har allereie send bildet til bokslaget på boka, men i dag fann eg ut at eit nærbilde av lensmannen sitt stempel må vera med. Så det blei ettersend, i håp om ta han som lagar design og utforming blir glad for dette, ikkje litt frustrert over at ikkje alt kom på ein gong.


Dag 4-5. Helg.

Det er helg og eg skulle ta pause frå ventinga, førebuingane og tenkinga. Men tankane kjem: 
- Tru om boka blir ferdig i god tid før eg skal ha føredrag i haust?
- Tru om nokon vil lesa boka?


Dag 3. Fleire sider må til. Og eit kapittel.

Ombrekking pågår:
Dagen starta med melding som låg og venta då eg stod opp: Boka blir noko lengre enn planlagt. Bort imot 220 sider. Den kan bli 200 om nye kapitler ikkje startar på eiga side. Men eg synest tanken får ein liten kvilepause når ein startar på ny side på nytt kapittel, så eg held fast på det.
Fleire kapitler har eg sjølvsagt ikkje skrive, men i ettermiddag kvalitetssikra barnebarnet nummera på kapitla og fann to kapitler med nr 20 på. Så no må det meldast inn fortare enn svint.


Dag 2. Foto må veljast.

Så er det ingen veg utanom. Eg må finna eit portrett av meg sjølv til å ha bak på boka. Tenkte eg kunne bruka det eg hadde på  Garborg og Skou - forskjell på folk? og fann fram det. Men då eg samanlikna det med det siste eg fekk tatt, var det altfor tydeleg at åra har gått. Foto frå 2014 kan absolutt ikkje brukast. Tida har gått. Og har sett sine spor.



Elles i dag: ISBN-nr er klart. Type omslag er bestemt.Tilbakemelding om at manus er ryddig og greitt.


Dag 1. Manus levert.

Når eg no skal dela dag-for-dag hendingane og opplevingane mine med deg, frå levering av manus til eg har boka "Tap" i handa, kan eg ikkje anna enn å starta med overskrifta "Manus levert". For det er nettopp det eg har gjort i dag, onsdag 31.8: Eg har trykt på send-knappen.
    Etter to intense veker med oppretting og korrektur, trykte eg på send-knappen. Går alt etter planen, skal boka vera her om 50 dagar, så eg satsar på at dette blir ei oppteljing frå 1 til max 50. 
     Handlinga i boka skal eg ikkje røpa så mykje av. I alle fall er målet å ikkje fortelja så mykje at du ikkje treng å lesa boka. Men eitt kan eg fortelja deg straks: Handlinga går føre seg i Skudeneshavn på 1880-talet, i det området som eg har mala på dette bildet. Og heilt bak i bildet, i det som er vist med ein liten,kvit prikk, der vaks eg opp i eit hus som blei bygd i 1856. 
     Velkommen på ei lita vandring fram til både eg og du kan ha boka "Tap" i handa! Eg gler meg som ein unge, sjølv om eg har ei rekke bøker med namnet mitt på ryggen i hyllene mine. Å senda ei forteljing ut i verda blir aldri rutine.