Litt om bøkene mine:

onsdag 31. august 2022

Boka "Tap" blir til.


Dag 44.

Boka er her: Pris kr 290, signet og fraktfritt tilsendt. Om du har bestilt etter å ha lese dette, får du Alt vel med på kjøper, om du vil, boka som kom før TAP og som også handlar om familien i Skippergarden. Skriv A.V. i bestillinga, så veit eg at du har lese dette og skal ha den boka også i pakken.



Dag 43,

Ventetida er over. Boka er på veg til Valen og eg vil ha henne i handa i morgon, torsdag 13.10.

All ære til Interface media som har stått for produksjonen!
Dagbokprosjektet mitt gjekk i vasken etter dag 22. Men det var først og fremst fordi alt gjekk etter planen :)

Dag 22.

Dette er dagen eg spør meg sjølv: Er det ikkje skrive mange nok bøker? Treng verda "Tap"?
Og strengt tatt er svaret nei; veda treng ikkje denne boka. Men ho fortel ei historie, og teiknar eit tidsbilde som det kan vera nyttig å bli minna på. Det har vore opp- og nedturar før også, både i heimane og i næringslivet. Og ofte har det eine hengt saman med det andre.

Dag 21.

Fekk melding om at boka blir levert 14.-15. etter planen. Godt med alt som går etter planen.

Om det går bra, er eg i mål dag 46 - 47, altså innan fristen på 50 dagar som eg hadde sett for meg sjølv.
Boka kjem truleg ikkje i tide til å vera med til Senioruniversitetet 17.10. Då skal me ha flaks. Men til Bømlo veka etter, skulle me ha den i kofferten.

Dag 20.

Burde det arrangerast eit møte/kortkurs i å bruka digitale kjelder for å skapa eit tidsbildet: slik eg har gjort det i Tap?
Spørsmålet er sendt Senioruniversitetet på Karmøy og styret i SILK; Skudenes internasjonale litteratur-og kulturkonferanse. Begge skal ha styremøte i veka som kjem, og dei gir tilbakemelding etter det. På Facebook har allereie fleire meldt at dette er av interesse.

Dag 19.

Bokhandelen heime på Karmøy/Skudeneshavn melder at dei tar inn ei eske bøker og vil ha info til å driva litt PR i sosiale medier.
Begge deler er godt nytt!

Dag 14. - 18. Dagane går.

Desse dagane sprakk dagbokprosjektet mitt. Det var ingenting å melda om produksjonen av boka. Heldigvis. Det betyr at det ser ut til at me er i rute. 
Dessutan er det faktisk veldig godt å ikkje tenkja på og venta på boka kvar dag. Og det skjer jo så mykje anna i livet også.

Dag 13. Ein liten feil til.

Trykkeriet har sett boka, klar til trykk. Og eg fekk alt til gjennomsyn, nok ein gong. Og trur du ikkje eit lite ord hadde stukke av frå baksida, på omslaget, igjen. Det har vore retta før, men no var det vekke.
Det blir fiksa, heldigvis. Ville vore dumt med skrivefeil på omslaget.

Dag 12. Dei første bestillingane kjem inn! Hurra!


Dag 11. Heile omslaget kan presenterast.

Eg er godt nøgd med resultatet. Planen min var å laga noko heilt anna, men storfamilien protesterte. Så då blei det slik som dette.

Dag10. Dagen derpå. Fredag 9.september.

Det blir litt stille når alt er gjort og trykkeriet jobbar på. Kan ikkje gjera så mykje frå eller til med boka no. Anna enn å gle meg.
Og så må marknadsføringa startas. Om eg vil eller ikkje.
På baksida er det plassert eit bilde som eg håper skaper leselyst. For kva fortel dette bildet?




Dag 9. Trykking startar.

Alt er no klart til trykk. Prosessen denne gongen har gått smertefritt. O, for ei glede!

Pris er fastsett. kr 290,-
Boka blir tilsend fraktfritt med signering til dei som bestiller no. (sms 98060938)

Boka skal vera klar medio oktober.

Dag 8. Framside og omslag i boks.


Etter litt att og fram, med drøfting i storfamilien, måtte det som eg hadde tenkt å ha til framside, ta til takke med å komma på baksida. Og maleriet mitt av Skudeneshavn rykka fram.

Også omslaget måtte korrekturlesast, og etter tre rundar var det klart.
Kolofonside måtte lagast. No har eg lært kva som skal stå på ei slik side, så den er også klar.

I kveldinaga fekk eg 2.korrektur på manuset. Godt jobba frå han som rettar opp teksten. Eg kunne faktisk melda tilbake at eg ikkje fann fleire feil.
Så no går det unna!

Dag 7. Ombrekt bok - i rute.

Vakna til epost med vedlagt ombrekt bok, altså at teksten er fordelt på sidene. Så då var det berre å setja seg i arbeid. Sola varma godt frå tidleg føremiddag, så nokon innedag kom ikkje på tale. Dermed blei det lesing og sjekking av avsnitt m m ute i det fri.

Mens eg las, var det ein som kika meg over skuldera. Eg sa at dette var kjekkare enn eg hugsa. Det verste var at eg kunne få lyst å skriva meir. 
- Ja, om dette er det verste, så har du det jo eigentleg bra, var kommentaren eg då fekk.

Nokre timar seinare kom tre framlegg til omslag. Eg valde meg raskt ein favoritt, men sende framlegga til storfamilien min, - og der er dei slett ikkje enige med meg. Så dette blir ei nøtt...


Dag 6. Lensmanden


"Tap" handlar om Karina som bur i Skippergarden, ho som blei til og fekk eit liv i Søragadå i romanane "Alt vel" og "Blåstrømpe". Men etter kvart som historia tok form, tok ein vikarierande lensmannen nesten all plassen.
Digitale kjelder gav meg mange opplysningar om han, men arkivstoff, levert til far i si tid, som no er sortert og skal til sine rette offentlege arkiv, "skreiv nesten romanen for meg". Likevel: Lensmannen i "Tap" er ein oppdikta person. Men han har mange fellestrekk med ein person, ein vikarierande lensmann som var å finna på lensmannskontoret i Skudenes på 1880-talet. 

Eg har allereie send bildet til bokslaget på boka, men i dag fann eg ut at eit nærbilde av lensmannen sitt stempel må vera med. Så det blei ettersend, i håp om ta han som lagar design og utforming blir glad for dette, ikkje litt frustrert over at ikkje alt kom på ein gong.


Dag 4-5. Helg.

Det er helg og eg skulle ta pause frå ventinga, førebuingane og tenkinga. Men tankane kjem: 
- Tru om boka blir ferdig i god tid før eg skal ha føredrag i haust?
- Tru om nokon vil lesa boka?


Dag 3. Fleire sider må til. Og eit kapittel.

Ombrekking pågår:
Dagen starta med melding som låg og venta då eg stod opp: Boka blir noko lengre enn planlagt. Bort imot 220 sider. Den kan bli 200 om nye kapitler ikkje startar på eiga side. Men eg synest tanken får ein liten kvilepause når ein startar på ny side på nytt kapittel, så eg held fast på det.
Fleire kapitler har eg sjølvsagt ikkje skrive, men i ettermiddag kvalitetssikra barnebarnet nummera på kapitla og fann to kapitler med nr 20 på. Så no må det meldast inn fortare enn svint.


Dag 2. Foto må veljast.

Så er det ingen veg utanom. Eg må finna eit portrett av meg sjølv til å ha bak på boka. Tenkte eg kunne bruka det eg hadde på  Garborg og Skou - forskjell på folk? og fann fram det. Men då eg samanlikna det med det siste eg fekk tatt, var det altfor tydeleg at åra har gått. Foto frå 2014 kan absolutt ikkje brukast. Tida har gått. Og har sett sine spor.



Elles i dag: ISBN-nr er klart. Type omslag er bestemt.Tilbakemelding om at manus er ryddig og greitt.


Dag 1. Manus levert.

Når eg no skal dela dag-for-dag hendingane og opplevingane mine med deg, frå levering av manus til eg har boka "Tap" i handa, kan eg ikkje anna enn å starta med overskrifta "Manus levert". For det er nettopp det eg har gjort i dag, onsdag 31.8: Eg har trykt på send-knappen.
    Etter to intense veker med oppretting og korrektur, trykte eg på send-knappen. Går alt etter planen, skal boka vera her om 50 dagar, så eg satsar på at dette blir ei oppteljing frå 1 til max 50. 
     Handlinga i boka skal eg ikkje røpa så mykje av. I alle fall er målet å ikkje fortelja så mykje at du ikkje treng å lesa boka. Men eitt kan eg fortelja deg straks: Handlinga går føre seg i Skudeneshavn på 1880-talet, i det området som eg har mala på dette bildet. Og heilt bak i bildet, i det som er vist med ein liten,kvit prikk, der vaks eg opp i eit hus som blei bygd i 1856. 
     Velkommen på ei lita vandring fram til både eg og du kan ha boka "Tap" i handa! Eg gler meg som ein unge, sjølv om eg har ei rekke bøker med namnet mitt på ryggen i hyllene mine. Å senda ei forteljing ut i verda blir aldri rutine.