Litt om bøkene mine:

tirsdag 28. september 2021

Fleire spør etter boka om Skou. - Er det tida som lækjer sår?

 

 

"Den merkeligste og mest begavede mann som har vanket på fantestien i Norge."

Dette ettermælet fekk Martin Johan Mathiassen Skou i minneordet som stod å lesa i svært så mange aviser rundt om i landet i 1919.

Då eg laga boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?", oppdaga eg at eg har felles aner med Arne Garborg, ja heilt bokstavleg, då eg har same røter som mora Ane. Det syntest eg var stas. Samstundes oppdaga eg at det var nokon som ikkje syntest det var særleg til stas at denne boka kom, enda det var nærare 100 år sidan Skou døydde.

Ein må nok ha opplevd å veksa opp som omstreifar for å skjøna i kor stor grad denne gruppa blei plasserte "utanfor samfunnet" og kor stigmatiserande det var å vera av fante - eller taterslekt, også fleire generasjonar etter at dei var blitt bufaste og levde som folk flest.

Det var slektningar av Skou som både heia på prosjektet mitt og gav svært verdfull hjelp undervegs dei ti åra eg arbeidde med manuset. Og fleire takka for at historia no er samla mellom to permar. Så blei det stille ei stund. Men siste året har det skjedd noko. Fleire slektningar har spora opp boka og tatt kontakt. Og det med stor entusiasme! Det er eg svært glad for. Sjølvsagt er det kjekt at boka er etterspurt. Men det kjekkaste er faktisk at det vitnar om at forhistoria til familien no er noko dei på eit vis er stolte av. I alle fall er dei stolte av å vera i slekt med Skou. Og det har dei grunn til. For karakteristikken som blei gitt i minneordet, er det dekning for. At han var usedvanleg begava, er det ingen vil om. 

Han stod fremst på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen og fekk seinare støtte til å gå på lærarkurs. I vaksen alder hadde han fleire statministrar under sin talarstol og heldt foredrag landet rundt, - og  i Sverige. Som 44-åring gav han ut boka På fantestien, ei bok som ser ut som ein biografi, men som var eit rop om hjelp til styresmaktene for å betra levekåra for dei som vandra langs vegane. Når han blei omtalt som merkeleg, ikkje berre begava, skuldast det at livet blei så mangfaldig. Brokker av livshistoria hans handlar ikkje berre om møte med biskopar og sentrale politikarar, men om fattigdom, innbrot, fengsel, anklagar, turbulent familieliv; altså opp - og nedturar som var mykje brattare enn det dei fleste kjenner til.

Eg leitte i stats - og byarkiv landet rundt for å "finna Skauen", for det var Gamle Skauen dei kalla han dei som hugsa han heime i Skudeneshavn etter at han budde der dei siste åra av livet sitt. Eg leitte, og eg trudde eg fann han, men eg hadde ikkje før funne han, så glapp det. For det var ingen naturleg rekkefølgje på hendingane. Det var opp - og nedturar, og ned - og oppturar. På rekke og rad. Ein som "kjenner sin Garborg", kan lett komma til å tenkja på Carolus Magnus i Fred og Læraren. Sjølvsagt. Skou er nemleg modellen for Carolus Magnus .Og Garborg kjende modellen, barndomsvenen sin, svært så godt.

Siste året har eg med glede sendt bokpakkar til etterkommarar av Skou. Lageret held til sal ei stund til. Vil du lesa, kan du bestilla hos meg.


Garborg og Skou - forskjell på folk?

Commentum forlag, 2014

kr 200, inkl porto

post@marittotland.no  *   sms 98060938

 

 

lørdag 20. mars 2021

Var Mathiassen Skou medlem av Det franske akademi?

I ti år søkte eg i kjelder av alle slag på leit etter spora etter Martin Johan Mathiassen Skou, mannen som skilde seg ut frå mengden i alt han gjorde. Heime i Skudeneshavn, der han budde siste del av livet sitt, blei det fortalt at han også var medlem av Det franske akademi. Før eg gav ut boka Garborg og Skou - forskjell på folk? i 2014, lukkast det ikkje å finna ut om det var noko i dette. Men no blir svært mange aviser frå Skou si tid digitaliserte, og det er tid for ny leiting. Og eg fann noko om Det franske akademi og Mathiassen Skou i eit par kjelder.

Men kunne Skou vera medlem i ei tutanlandsk akademi? Me veit at han var omtalt i Nordisk tidende, avisa for utvandrarar i Amerika. Det stod også om han i svenske aviser. Då han i eit foredrag i Tønsberg i 1896 fortalte at stortingspresident Sivert Nielsen var av omstreifarfamilie, blei det sitert i mint 12 svenske aviser. Og då han kom i klammeri med kona, fann to svenske aviser det verd å setja på trykk i 1894. Seinare kom boka hans På fantestien ut på engelsk, On the gipsy path, men det var 20 år etter at han døyde. Det var altså ingen grunn til å tru at Skou hadde noko internasjonalt rennomet som skulle gi han plass i eit fransk akademi.

Men kor har dei det frå, dei som seier at han var medlem? Eg har det frå fleire munnlege kjelder, mellom anna frå far. Og det har altså stått på trykk også. Så det kan jo ikkje ha komme ut av det blå.

Det franske akademiAcademie francaise, oppretta i 1638, var ein prestisjetung komite med ein handfull medlem frå samfunnseliten som skulle verna om det franske språket. Dei delte ut den høgthengande litterære prisen Prix Langlois. Skou las nok om denne i avisene, i alle fall i 1908 då Johan Bojer, fekk prisen for boka Troens makt. Denne boka var oversett til fransk og Bojer hadde då budd i Paris i mange år.

Kan Skou ha snakka om dette? Og kanskje ymta fram på at det ville vera ein fin pris å få, ja, at den kan henda var innan rekkevidde? Hadde ikkje forlaget som gav ut den reviderte utgåva av På fantestien i 1917 brukt store ord i pressemeldinga si: ..det er visst ikke noe lands litteratur som kan oppvise maken.

Dessuten hadde den omsette boka Lille Tot, (Andre Lichtenberger), fått prisen då den blei utgitt på samme forlag i 1911.

Når ei fjør kan bli til fem høns, kan vel en kommentar bli til medlemskap i eit fransk akademi? Men om Skou ikkje heilt visste kva han snakka om han trudde akademiet var innan rekkevidde, hadde heller ikkje Det franske akademi heile oversikta. Då sjølvaste Snorre saga blei lagt fram til vurdering i 1930, sende dei svarbrevet til forfattaren sjølv, stila til Monsieur Snorre Sturlason, ca 1000 år for seint.

Skremmande med nye kjelder.

Det er sjølsagt med ein viss frykt og beven eg leitar i nyleg publiserte gamle kjelder. For det kan dukka opp informasjon som gjer at eg må bita i meg noko eg har skrive i boka mi, noko eg ikkje visste i 2014. I det store og heile har eg sluppe det. Med eitt unntak. Eg skreiv at det var underleg at Garborg ikkje i større grad forsvarte venen sin då han stod i stormen. Men det gjorde han faktisk. Og då avisa 17.mai blei digitalisert, fann eg dei varme orda og det gode forsvaret han gav Skou og innsatsen hans. Dermed måtte eg korrigera, også offentleg: Eg skuldar Garborg ei orsaking.

Eit anna funn i kjeldene, var ei meir utførleg skildring av bryllupet på Vaholmen då han gifta seg. Framleis er eg på leit etter kor Snipedalen er, der kona hadde ein liten åkerlapp. Nokon som veit? Om bryllupet og turen til prestegarden, er det meir å lesa her: Bryllupet, slik Skou fortalte om det.

Skou reiste landet rundt og heldt foredrag om omstreifarsaka. Eg blei overvelda av omfanget av reisinga hans då eg skreiv bok om han. Med enda fleire aviser å søkja i, finn eg at eg knapt visste om halvparten av møta han heldt land og strand rundt. Ein stad står det at han tenkte seg til Sverige, men eg har enda ikkje kunne dokumentera at han verkeleg tok turen. Då han hadde sine første foredrag, var møta gjort kjende utan namn på talaren. Det stod berre at han var ein forhenverande omstreifar. Og då han skulle til Haugesund i 1892, skreiv avisa at ein godt kunne ta turen for å høyra på han sjølv om han var ein omstreifar. Etter kvart fekk pipa ein anna lyd. Foredraga fekk attest som interessante og lærerike. Som talar hausta han lovord, til han på slutten av tida som omreisande talar, blei omtalt som den største autoritet på området. Her er ein del av stadane han var på, somme av desse besøkte han fleire gonger: Haugesund, Sandnes, Stavanger, Jæren, Arendal, Mandal, Bergen, Oslo (Studentersamfunnet, Christiania Arbeidersamfunn, Ynglingeforeningen, fleire misjonslokale, lærarmøte), Havstad, Risør, Skien, Moss, Drammen, Bragenes, Sandeid, Ålesund, Molde, Kristiansund, Trondheim, Steinkjær, Levanger, Kongsberg, Hamar, Kragerø, Fredrikstad, Grimstad, Tønsberg, Østerdalen, Elverum, Fredrikshald, Gjøvik, Namsos, Bodø, Lofoten, Mosjøen, Mardal/Sandane og Farsund. 

Boka er blitt aktuell

Når På fantestien i 1893 og forfattaren døydde for 100 år sidan, skulle ein tru at boka stod parkert på bibliotek og i arkiv. Men nyleg har Idunn Victoria Skjævesland skrive masteroppgåve om boka. I Fortid, studentenes historietidskrift kan me lesa:  Å vinne menneskeverdet.

Oppgåva til Skjævelad er interessant. Eg er glad for konklusjonane hennar. Og eg er glad for at ho valde å fokusera på menneskeverdet i artikkelen sin. For det var det Skou arbeidde for; at folket hans skulle møtast som likeverdige, ja, som medmenneske, noko dei ikkje blei i hans oppvekst. Han ønskte seg endringar i samfunnet og ordningar for busetjing og undervisning for at det skulle bli slik.

Det er viktig med slike overskrifter som Skjæveland valde, fordi historia om omstreifarane, eller fant, tater og splint, som dei også blei kalla, er vanskeleg å formidla om ein ikkje kjenner livet deira frå innsida. Og det er lett å såra etterkommarar utan å villa det. Derfor må det seiast i klar tekst at ein ønskjer å peika på menneskeverdet. Derfor hadde eg også ofte med meg det store maleriet av båten til Skou gjennom Luksundet då eg hadde foredrag om boka. Solnedgangen er gyllen for alle, skal minna om likeverdet. I tillegg prøvde eg å få dette fram i møte med journalistar og tihøyrarar. Likevel kan det vera nokon som helst ville at temaet skal vera gløymt. I alle fall at namnet på han som levde dette så omskifande livet, skal vera både gøymt og gløymt. Men mange vil også halda fram namnet og mannen. Fleire etterkomarar har kontakta meg, både for å takka for arbeidet eg har gjort. Og for å kjøpa boka. 

Litt info om boka Garborg og Skou - forskjell på folk? finnest her.

Det blir stadig digitalisert bøker og aviser. Og meir gamalt nytt kan dukka opp. Finn du noko, er det berre å gi lyd!

For tida sel eg boka for kr 200 inkl. porto. (sms: 98060938)