Litt om bøkene mine:

fredag 15. september 2017

Kva Anders sine bøker gjer med mammo?

Anders kjem med si fjerde bok kva dag som helst.
"Det må vera kjekt med Anders som bur så nær deg. De har sikkert mykje å snakka om," seier folk. Og det er sant. Me har mykje å snakka om både når bøkene blir til og når dei kjem ut, både hans og mine.
Men det er meir enn "noko kjekt å snakka om". For bøkene hans treff meg på så ulikt vis.

Vampyrane i Eplehagen er til å le av. Både fordi fortellinga er på tvers av fornuft, og fordi både Jan Ove og eg figurerer i boka. Ja, me figurerer, bokstavleg talt, i alle fall Jan Ove, der han syklar opp bakken mot Eplehagen.

Engel i snøen er til å grina av. Ikkje berre første gong eg las boka, men kvar gong eg les.

DIGG er til å bli mett av. Rett og slett. Satsar på at det vil komma til å henda utan at eg lagar maten.

Så lenge ingen ser oss er til å få vondt i magen av. Ikkje fordi eg har fått for mykje mat frå Digg, men fordi den tar tak og vrir i kjenslene, også dei eg ikkje visste eg hadde.

Ja, eg seier som myrsnipa: Alle dei fire ungane mine er sjølvsagt dei finaste i verda, og når det gjeld skriving, er Anders den beste.

fredag 8. september 2017

Sommarfuglboka HÅP

HÅP er ei lita bok som eg håper kan gi håp. Første delen handlar om larvane Den eine og Den andreDen grøne greina som fryktar det dei høyrer rykte om skal henda. Andre delen handlar om sommarfuglen som symbol.

Eg har lenge malt sommarfuglar i ulike variantar som symbol på det grensesprengjande, mellom anna "Sommarfugl i vinterland". Maleria er brukte som illustrasjonar i boka.


Boka kostar kr 50,- 
og kan tingast hos meg: post@marittotland.no   SMS: 98060938




HÅP er 14X14 cm, innbunden, i fargar.
Bokmål og nynorsk
Kr 50,-
Kanskje ei lita gåvebok?

torsdag 7. september 2017

Smørbukkgenser

Strikkeoppskrift på Smørbukkgenser
Er det ikkje på tide at Smørbukk får sin eigen genser når han Marius har vore så å seia einerådande på strikkepinnane? Her kjem i alle fall ein start.
Og vil ikkje ein Smørbukkgenser også formidla at nynorsk er bra? Smørbukk var jo ein ihuga nynorskgut, ikkje av prinsipp, men av rein intuisjon, vil eg tru.

Eg har sett nøye på teikneserien, og ville laga ein god og vid genser. Eg har funne ut at genseren må lagast nokolunde slik:

Modell 1, ca 3 og 5 år, Sisu eller anna garn som er ca. 50 gr/175 m. Modell til ca 5 år står i parentes.
Ca 5 og 7 år: Dersom du bruker pinne 3 og 3,5 i staden for 2,5 og 3, vil genseren ovafor til 3 år bli passeleg til 5 år, og den til 5 år bli passeleg til 7 år. Lengden må då sjølvsagt endrast til den passar til alderen.

Legg opp 150 (162) maskar med svart på pinne nr 2,5. Du treng 200 gr (250 gr) raudt garn og 50 gr svart.
Strikk 3 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 9 omgangar raudt.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk (berre rett), samstundes som du aukar ved kvar 3. maske. Då får du 200 (216) maskar.
Strikk 3 omgangar raudt (inkl. den omgangen du auka på).
Start så på lusemønsteret, sjå rubrikkmønsteret nedafor.

Sett eit merke der du startar. Ja, gjer det! Ikkje tru at det er like greitt utan. Det er fort gjort komma ut av kor du skal starta ei ny rad om du ikkje gjer dette, og då vil lusa komma i hytt og ver. Flytt merket oppover etter som arbeidet blir større. Har du ikkje nymotens strikkemerke, så bruk ei sikkerhetsnål. Den gjer same nytta.
Gjenta mønstret til arbeidet måler 32 (35) cm. I min genser blei det 19 (20) rader med lus.
Held fram med lusemønsteret mens du strikker vidare til rund hals:
Strikk 45 (45) maskar. Fell 10 (18) maskar.
Strikk omgangen vidare fram til merket i sida. Klipp av tråden.
Sett maskane som nå er att fram til opninga for halsen, over på den høgre pinnen.
Start på ny på venstre side av fellinga. Du har no alle maskane på rundpinnen på same linja i lusemønsteret.
Strikk fram og tilbake og fell slik:
2 maskar i starten på kvar pinne 6 gonger, (altså til saman 12 maskar).
1 maske i starten på kvar pinne 6 gonger (6 maskar).
Strikk til arbeidet måler 37 (39) cm.
Dette blir ein ganske kort genser. Strikk fleire rader med lus om du vil han lenger.
Fell av med raudt.

Ha alltid den raude tråden fremst på peikefingeren med den svarte bak, så blir mønsteret aller finast.

Erme:
Legg opp 42 (42) maskar på pinne nr 2,5.
Strikk 3 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 9 omgangar raudt 1 rett og 1 vrang.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk, samstundes som du aukar ved annankvar maske.
Då får du 63 maskar.
Sette eit merke i starten på arbeidet.
Auk kvar 10. maske på neste omgang. Då har du 69 maskar.
Etter tre omgangar glattstrikk startar du på lusemønsteret.
Etter 2 luserekker og 1 omgang raudt, aukar du med ein maske på kvar side av merket.
Gjenta aukinga mellom annakvar stripe med lusemønster, altså kvar 10. omgang.
Strikk 18 (20) rekker med lusemønster, Ca 30 cm (avslutt med 3 raude omgangar).
Snu arbeidet på vranga og strikk 6 omgangar raudt glattstrikk til brettekant.


Montering:
Sett ei merke i kvar side på hovudstykket. Legg ermet inntil og merk av kor langt ned
brettekanten rekk. Ta fram symaskina og sy frå toppen og ned til ca. ein halv cm lengre enn
merket. Sy 1 cm tvers over. Sy opp att til toppen med nåla 1 cm frå den første saumen. Fest
trådane godt.
Klipp opp mellom saumane.
Sy saman ved skuldrene (for hand).
Sy i ermet med nåla i den første omgangen med glattstrikk i brettekanten. Bøy brettekanten
ned og fest forsiktig.
Ta opp ca 96 maskar rundt halsen med pinne nr 2,5.
Strikk 7 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til svart og strikk 1 omgang rett.
Strikk 3 omgangar svart.
Strikk 1 omgang vrangt (brettekant).
Strikk 9 omganger raudt glattstrikk.
Fell av og sy brettekanten forsiktig og litt laust ned.
Du kan også fella av etter dei tre svarte omgangane dersom du vil ha ei lausare halsopning.

.....
Eg held på å prøvestrikka ein vaksenmodell og ein str 6 år. Kven veit: Plutseleg er det mønster nok til å kle opp heile familien. Her er vaksenmodellen:

Modell 2. Til vaksen mann: Medium stor.
Sisu (eller anna garn som er ca. 50 gr/175 m).

Legg opp 270 maskar med svart på pinne nr 2,5. Du treng 450 gr raudt garn og 100 gr svart.
Strikk 5 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 10 omgangar raudt.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk (berre rett), samstundes som du aukar ved kvar 10. maske. Då får du 300 maskar.
Strikk 3 omgangar raudt (inkl. den omgangen du auka på).
Start så på lusemønsteret, sjå rubrikkmønsteret nedafor.

Sett eit merke der du startar. Ja, gjer det! Ikkje tru at det er like greitt utan. Det er fort gjort komma ut av kor du skal starta ei ny rad om du ikkje gjer dette, og då vil lusa komma i hytt og ver. Flytt merket oppover etter som arbeidet blir større. Har du ikkje nymotens strikkemerke, så bruk ei sikkerhetsnål. Den gjer same nytta.
Gjenta mønstret til arbeidet måler 56 cm. I min genser blei det 34 rader med lus.
Held fram med lusemønsteret mens du strikker vidare til rund hals:
Strikk 65 maskar. Fell 20 maskar.
Strikk omgangen vidare fram til merket i sida. Klipp av tråden.
Sett maskane som nå er att fram til opninga for halsen, over på den høgre pinnen.
Start på ny på venstre side av fellinga. Du har no alle maskane på rundpinnen på same linja i lusemønsteret.
Strikk fram og tilbake og fell slik:
6 maskar i starten på kvar pinne 2 gonger, (altså til saman 12 maskar).
3 maske i starten på kvar pinne 4 gonger (12 maskar).
2 maskar i starten på kvar pinne 2 gonger (4 maskar)
Strikk til arbeidet måler 62 cm.
Fell av med raudt.

Erme:
Legg opp 52 maskar på pinne nr 2,5.
Strikk 5 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 10 omgangar raudt 1 rett og 1 vrang.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk, samstundes som du aukar  til 84 maskar ved å strikka 1 maske rett og aukar i dei to meste maskane heile vegen rundt.

Sett eit merke i starten på arbeidet.
Auk på begge sidene av merket i den mellomste eva dei raude omgangane etter annankvar stripe med lus. Strikk til arbeidet måler ca52 cm. På min genser blei det 31 rekker med lus.

Snu arbeidet på vranga og strikk 6 omgangar raudt glattstrikk til brettekant.


Montering:
Sett ei merke i kvar side på hovudstykket. Legg ermet inntil og merk av kor langt ned
brettekanten rekk. Ta fram symaskina og sy frå toppen og ned til ca. ein halv cm lengre enn
merket. Sy 1 cm tvers over. Sy opp att til toppen med nåla 1 cm frå den første saumen. Fest
trådane godt.
Klipp opp mellom saumane.
Sy saman ved skuldrene (for hand).
Sy i ermet med nåla i den første omgangen med glattstrikk i brettekanten. Bøy brettekanten
ned og fest forsiktig.
Ta opp maskar rundt halsen med pinne nr 2,5.
Strikk 7 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til svart og strikk 1 omgang rett.
Strikk 3 omgangar svart.
Strikk 1 omgang vrangt (brettekant).
Strikk 9 omganger raudt glattstrikk.
Fell av og sy brettekanten forsiktig og litt laust ned.
Du kan også fella av etter dei tre svarte omgangane dersom du vil ha ei lausare halsopning.


Modell 2. Dame: Medium stor.
Sandnes Alpakka  (eller anna garn som er ca. 50 gr/110 m).

Legg opp 210 maskar med svart på pinne nr 3,5. Du treng 600 gr raudt garn og 100 gr svart.
Strikk 5 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 10 omgangar raudt.
Skift til pinne nr 4 og gå over til glattstrikk (berre rett), samstundes som du aukar ved kvar 10. maske. Då får du 231 maskar. Ayk 1 maske på neste omgang til 232 så alet går opp i 4.
Strikk 3 omgangar raudt (inkl. den omgangen du auka på).
Start så på lusemønsteret, sjå rubrikkmønsteret nedafor.

Sett eit merke der du startar. Ja, gjer det! Ikkje tru at det er like greitt utan. Det er fort gjort komma ut av kor du skal starta ei ny rad om du ikkje gjer dette, og då vil lusa komma i hytt og ver. Flytt merket oppover etter som arbeidet blir større. Har du ikkje nymotens strikkemerke, så bruk ei sikkerhetsnål. Den gjer same nytta.
Gjenta mønstret til arbeidet måler 58 cm. I min genser blei det 26 rader med lus.
Held fram med lusemønsteret mens du strikker vidare til rund hals:
Strikk 65 maskar. Fell 20 maskar.
Strikk omgangen vidare fram til merket i sida. Klipp av tråden.
Sett maskane som nå er att fram til opninga for halsen, over på den høgre pinnen.
Start på ny på venstre side av fellinga. Du har no alle maskane på rundpinnen på same linja i lusemønsteret.
Strikk fram og tilbake og fell slik:
6 maskar i starten på kvar pinne 2 gonger, (altså til saman 12 maskar).
3 maske i starten på kvar pinne 4 gonger (12 maskar).
2 maskar i starten på kvar pinne 2 gonger (4 maskar)
Strikk til arbeidet måler 62 cm.
Fell av med raudt.

Erme:
Legg opp 40 maskar på pinne nr 3,5.
Strikk 5 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 10 omgangar raudt 1 rett og 1 vrang.
Skift til pinne nr 4 og gå over til glattstrikk, samstundes som du aukar  til 60 maskar ved å strikka 1 maske rett og aukar i dei to meste maskane heile vegen rundt.

Sett eit merke i starten på arbeidet.
Auk på begge sidene av merket i den mellomste eva dei raude omgangane etter annankvar stripe med lus. Strikk til arbeidet måler ca 51 cm. På min genser blei det 21 rekker med lus.

Snu arbeidet på vranga og strikk 6 omgangar raudt glattstrikk til brettekant.


Montering:
Sett ei merke i kvar side på hovudstykket. Legg ermet inntil og merk av kor langt ned
brettekanten rekk. Ta fram symaskina og sy frå toppen og ned til ca. ein halv cm lengre enn
merket. Sy 1 cm tvers over. Sy opp att til toppen med nåla 1 cm frå den første saumen. Fest
trådane godt.
Klipp opp mellom saumane.
Sy saman ved skuldrene (for hand).
Sy i ermet med nåla i den første omgangen med glattstrikk i brettekanten. Bøy brettekanten
ned og fest forsiktig.
Ta opp maskar rundt halsen med pinne nr 3,5.
Strikk 7 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til svart og strikk 1 omgang rett.
Strikk 3 omgangar svart.
Strikk 1 omgang vrangt (brettekant).
Strikk 9 omganger raudt glattstrikk.
Fell av og sy brettekanten forsiktig og litt laust ned.
Du kan også fella av etter dei tre svarte omgangane dersom du vil ha ei lausare halsopning.
Copyright for mønsteret: marit elisebet høines totland 

Du må gjerne ta utskrift av Smørbukkmønsteret og spreia lenka til denne sida til andre. Copyright gjeld berre publisering og bruk av mønsteret for sal.

Det seiest at strikking roar ned blodtrykket.
Stell fint med blodtrykket!
Helsing
Marit Elisebet Høines Totland


Smørbukk er fast gjest i huset i jula

Vil du ta ei pause i strikkinga? Kva med ei sommarfuglbok?

HÅP er ei lita tenkepause, eller ei gåvebok. Første del handlar om larven som fryktar det som skal komma. Andre del handlar om sommarfuglen som symbol. HÅP kjem snart i handel. Kr 150,- Du kan tinga boka her: post@marittotland.no