Litt om bøkene mine:

tirsdag 21. mars 2017

Eg skuldar Garborg ei orsaking

Kronikk i avisa Kvinnheringen, 29.mars2017.

I ti år prøvde eg å nærma meg Garborg og Skou, og heile tida undra det meg at Garborg ikkje stod opp for venen sin då han trengte det mest. No har Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med å digitalisera gamle aviser komme meg til hjelp: Eg les og les, og ser at eg ikkje visste alt om Garborg då eg skreiv «Garborg og Skou – forskjell på folk?».

Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou, venene frå  barne- og ungdomsåra, skulle få vel så ulike liv som vilkåra dei var fødde inn i. Dei møttest som odelsgut og omstreifarson, gjekk i lag på lærarskule, men fekk inga langvarig lærarkarriere. Etter å ha gått kvar sitt stykke på ein humpete livsveg, sat Garborg og skreiv Fred i 1892, samstundes som Skou var begynt på boka På fantestien, eit kampskriv for folket sitt. Dei var nok i kvar si skriveboble, opptatt av eigne tankar og skriverier. Likevel; eg må innrømma at det irriterte meg at då Skou fekk gitt ut boka si, sette Garborg sine stubbar om fantane på trykk i Juleroser same året. Mange på Jæren måtte forstå at det var Martin Johan og faren Mathias det handla om. Og ville ikkje ei slik skildring av miljøet deira ta vekk truverde og tyngde frå det Skou prøvde å oppnå med å skriva På fantestien? Burde ikkje Garborg ha skjønt dette? Burde han ikkje ha tatt såpass omsyn til ein barndomsven? Tenkte eg.

Og seinare, då debatten gjekk om kva ein skulle gjera med omstreifarane; om kva løysingar ein skulle ha for busetjing og kva lover ein skulle vedta, kvifor tok han ikkje til orde då? Han skreiv jo om mest alle andre samfunnsspørsmål? Men eg leitte i dei store avisene der desse ordskifta gjekk føre seg, utan å finna eit livsteikn frå Garborg.

Visst nok skreiv Garborg mykje fint om Skou i dagbøkene. Og då han laga føreordet til andreutgåva til På fantestien i 1917, er det ikkje måte på kor god attest han gir venen sin. Slik var det også då tida kom og det skulle skrivast minneord.

Men når venen trengte det aller mest? Når andre med makt, prestar og embetsmenn, gjekk gode for han som ei motvekt mot alle som ikkje trudde han kunne bli noko skikkeleg til mann, kvifor gjorde Garborg ikkje som dei?
Eg har slått meg til ro med at det er mykje i Garborg sitt liv me ikkje skjønar. Han kunne vera skiftande i sinn og tankar.

Nasjonalbiblioteket si skattkiste.
Då eg skreiv boka om Garborg og Skou hadde eg stor nytte av dei digitaliserte avisene som ligg på nb.no. Nasjonalbiblioteket er i gang med å leggja ut alle gamle aviser. Derfor visste eg at det ville komma ny informasjon etter kvart. Med jamne mellomrom går eg inn og sjekkar om det er noko av interesse, og her ein dag fekk eg verkeleg storfangst. Bladet  Den 17de Mai, Norsk folkeblad, var lagt ut. Og der fann eg det eg meinte Garborg burde ha skrive. I april 1896 fekk Skou den moralske støtten Garborg kunne gi han. Over to spalter presenterer Garborg arbeidet til sin «gamle ven M. J. Mathiassen Skau»; bakgrunnen med omstreifarar i landet, situasjonen med mange som har tøffe dagar, boka og innsatsen til Skou.

Liten sans for Departements-Lars
 Om den statlege innsatsen, hadde Garborg dette å seia: «At dette ikkje kan halda på, det forstår no alle, men færre er det, som veit råd. Det arbeidet, Eilert Sundt fekk i gang i 50-60-åri, stansa, då «sparetanken» fekk denne himmelsende mannen stengd inn i eit prestekall... I hans stad hev me me no ein hop vanlege bureaukratar, som nok bryggjer vanleg bureaukrat-råd med tvangshus og direktørar og ditt og datt; men kva slikt skal nytta i ei sak som denne – utan til å øyda burt pengar på -, det må ein vel vera Departements-Lars for å forstå. 

Derimot trur han på Mathiassen sine løysingar: La dei få små heimar å bu i. Dei kan framleis selja varene sine rundt om i bygdene, men kvinner og born skal berre vera heime eller i naboheradet, Noko langferd skal dei ikkje ha lov å dra på. Dermed vil det bli slutt på vandringane, for mennene vil vera der kvinnene er sidan det er dei som forsørgjer familiane med tigging. Borna skal bu hos foreldra dei første åra, før dei får nokre år hos bønder mens dei går på skule.

Dette vil kosta pengar, men det kostar å ha dei flakkande med støtte frå fattigkassa også. Men etter kvart vil dei kunne hjelpa seg sjølv. Garborg legg til at dei gjennom sitt lange vandrarliv har øvt opp ein og annan givnad som kunne komma vel med. «Me kunde då kanskje få gode diplomatar!» Han har tidlegare skildra Fante-Thomas i Fred som mannen som ingen kunne målbinda. Til og med Bibelord som andre las til fordøming kunne han lesa til frikjenning.

Meir vit enn ein digerkongeleg kommisjon
Garborg avsluttar me den drygaste tilrådinga Skou kunne ønskja seg: «Eg vil rå folk til å høyra på Mathiassen, når han utviklar desse tankarne sine; der er meir praktisk vit i dei enn i alt som kunde bryggjast i hop um det so var av ein digerkongeleg kommisjon. Elder les den vesle boki hans: På Fantesti».

Rett skal vera rett:
Dermed må eg leggja meg flat og trekkja tilbake det eg indirekte skreiv i boka mi om at Garborg ikkje stilte opp for venen sin. Trøysta er at det er fleire enn eg som må gjera den øvinga i tida framover. Når me kan sitja heime i stova å lesa avisene frå 1800-talet, kan mykje og mangt komma for ein dag. Historia er skriven av nokre få. Dei valde ut kva det var rett og relevant å ta med. No får me direkte tilgang til det avisene skreiv «den gongen då». Eg sender ein takk til Nasjonalbiblioteket som gjorde det nødvendig for meg å be Garborg om orsaking.

Frå Garborgsenteret der eg "møtte" Garborg.
Foto: Garborgsenteret
 ..............

"Garborg og Skou - forskjell på folk?" er i hylla til alle bokhandlane til Hillesland, kan tingast hos alle andre og på Haugenbok.no, hos meg: marit.totland@knett.no


1 kommentar:

  1. Slik er det vel, når man nøster i fortiden. Kan hende man heller babyen ut med badevannet og mistolker en del ting. Men så fant du ut av det.
    Klem :)

    SvarSlett