Litt om bøkene mine:

tirsdag 24. november 2015

Jon Fosse skriv og fossen dryp

Eg har lese bøker før der forfattarar har skrive lange tekstar samanhengande utan å setja punktum og eg har irritert meg fordi resutaltet berre var at eg heiv etter pusten og blei irritert over at lesinga ikkje kunne fylgja den vanlege rytmen berre fordi ein skrivar ville vera original ved å endra på det utvendige i språket truleg fordi han ikkje makta skapa noko originalt ved hjelp av vanlege komma og punktum.

Men Jon Fossa makta det.

Han skriv. Og når eg les, er eg sikker på at blodtrykket går ned. Det som skjer rundt meg får no berre gå sin gang. Eg høyrer det dryp og dropane treff meg. Men når eg er komen til siste sida, er eg gjennomvåt fordi dropane var ein foss.

Eg har sjølvsagt høyrt mykje om Jon Fosse. Og når eg bur i Hordaland, har eg lenge tenkt at eg burde ha lese noko av han. Men det finnest mange bører, og å ha dårleg samvet for ikkje å ha lese noko, bør ikkje gjera dei tyngre å bera.

Men så kom eg over trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, og sette meg til å lesa. Og blei så overraska, ja, ganske fortumla. For dette er det jo råd å lesa (trass i at forfattaren har fått Nordisk råds litteraturpris, noko som i seg sjølv får ein til å tru at boka er heller utilgjengeleg for folk flest). Forteljingar sviv i tid og generasjonar, men heilskapen er der likevel.

Eg legg frå meg boka, men Alida og Asle heng i meg. Kva synest no dei om dei uventa vendingane i forteljinga? undrast eg. Før eg må minna meg sjølv på at dei er fiktive personar.

Eg må lesa meir av Fosse.

Og tilrår:
Trilogien:
Andvake, OLavs Draumar. Kveldsvævd

239 sider
Samlaget 2014 

Når tankane mine er nedskrivne, ser eg at eg har brukt ordet foss i overskrifta saman med namnet Fosse. Det var ikkje planlagt. Det berre blei sånn.

Har du lese same boka, må du gjerne dela lesaropplevinga i kommentarfeltet.

mandag 2. november 2015

Et helt halvt år og Alberte og Jakob


Eg ser det er blitt ein del debatt om filmatiseringa av "Et helt halvt liv". Nokon stiller spørsmål ved om filmen nedgraderer menneskeverdet; ein som er blitt funksjonshemma etter ei ulukke lar seg ikkje motivera til å leva. Sidan eg er svært oppteken av slike spørsmål, måtte eg bla tilbake til dette innlegget i bloggen min frå november 2015 for å sjå kva eg sjølv tenkte utan påverknaden frå andre. Kanskje det er sysnvinkelen, at eg let meg ta med gjennom historie via den kvinnelege rollefiguren, som gjer at eg faktisk sit att med det motsette inntrykket; at livet har verdi:

Frå november 2015:

Siste veka har eg lese to heilt ulike bøker: Et helt halvt år av Jojo Moyes og Alberte og Jakob av Cora Sandel. Dei er skrivne med nesten 100 års mellomrom, i 1926 og 2012, likevel har dei ein del til felles.

Eg blir dradd gjennom begge bøkene. Frå starten trur eg at eg veit korleis det heile vil enda. Men eg blir overraska.
Cora Sandel let opp eit ungt jentesinn for meg. Eg blir kjend med ei jente som knapt opnar munnen om ho ikkje må. Og mens eg les, forstår eg at det ikkje berre skuldast at ho levde i ei anna tid. Det handlar om at Alberte er Alberte, og ingen andre. Og det har sin pris å vera det.

Broren Jakob får eit heilt anna liv enn Alberte. I si tid blei nok dette sett på som eit hovudtema hos Cora Sandel, men når me les boka no i ei anna tid, er det heller den psykologiske innsikta i Alberte si utvikling, som er det mest slåande. Og når det gjeld det, kunne Alberte vore ei sjenert jente i dag.

I Et helt halvt år lar også forfattaren oss fylgja tanken til ei ung jente. Boka handlar om korleis livet til ein ung mann blei snudd på hovudet. Som lesar identifiserer eg meg likevel sterkast med jenta som prøver å få han til å ynskja å leva det nye livet han har. Slik sett høyrest det nok ut til at boka er ei av mange tusen. Slike bøker har me lese før. Men denne er ikkje som dei andre. Den har ei nerve som tar fatt i lesaren. Alle slags kjensler dukkar opp mens sidene blafrar forbi. Noko etisk resonnement må også til, men ein får aldri høve til å landa eller oppsummera det. Det blir hengande i lufta. Til siste sida er lesen. Då heng tankane der framleis.

Et helt halvt år er uvanleg lettlesen med sine nesten 500 sider. Kapitla der forfattaren skifter synsvinkel og lar dei som er rundt hovudpersonane få koma til ordet, kunne med fordel vore kutta ut. Me blir ikkje noko klokare av å få kjennskap til deira tankar. Dei er likevel ikkje så omfattande at ei tar dragsuget ut av boka.

Meir vil eg ikkje seia om desse to bøkene, for du kan trygt setja av tid til å lesa dei:

Cora Sandel
Alberte og Jakob
Gyldendal 1926
200 sider

Jojo Moyes
Et helt halvt år
Bastion 2012
500 sider