Eg har lese bøker før der forfattarar har skrive lange tekstar
samanhengande utan å setja punktum og eg har irritert meg fordi
resutaltet berre var at eg heiv etter pusten og blei irritert over at
lesinga ikkje kunne fylgja den vanlege rytmen berre fordi ein skrivar
ville vera original ved å endra på det utvendige i språket truleg fordi
han ikkje makta skapa noko originalt ved hjelp av vanlege komma og
punktum.
Men Jon Fossa makta det.
Han skriv. Og når eg les, er eg sikker på at blodtrykket går ned. Det
som skjer rundt meg får no berre gå sin gang. Eg høyrer det dryp og
dropane treff meg. Men når eg er komen til siste sida, er eg gjennomvåt
fordi dropane var ein foss.
Eg har sjølvsagt høyrt mykje om Jon Fosse. Og når eg bur i Hordaland,
har eg lenge tenkt at eg burde ha lese noko av han. Men det finnest
mange bører, og å ha dårleg samvet for ikkje å ha lese noko, bør ikkje
gjera dei tyngre å bera.
Men så kom eg over trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd,
og sette meg til å lesa. Og blei så overraska, ja, ganske fortumla.
For dette er det jo råd å lesa (trass i at forfattaren har fått Nordisk råds litteraturpris,
noko som i seg sjølv får ein til å tru at boka er heller utilgjengeleg
for folk flest). Forteljingar sviv i tid og generasjonar, men heilskapen
er der likevel.
Eg legg frå meg boka, men Alida og Asle heng i meg. Kva synest no dei om
dei uventa vendingane i forteljinga? undrast eg. Før eg må minna meg
sjølv på at dei er fiktive personar.
Eg må lesa meir av Fosse.
Og tilrår:
Trilogien:
Andvake, OLavs Draumar. Kveldsvævd
239 sider
Samlaget 2014
Når tankane mine er nedskrivne, ser eg at eg har brukt ordet foss i overskrifta saman med namnet Fosse. Det var ikkje planlagt. Det berre blei sånn.
Har du lese same boka, må du gjerne dela lesaropplevinga i kommentarfeltet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar