Litt om bøkene mine:

søndag 11. september 2016

11.september, ikkje i 2001, men i 1884.



Det skjedde 11.september. Ja, det gjorde faktisk det. Eg måtte sjå nærare etter. Hadde eg lese feil? Største orkanen i manns minne på Island 11.september 1884. Jo, det stemte.
Og dette hadde eg planar om å skriva bok om, ein historisk roman som skulle skildra døgnet med den sjeldne orkanen som øydela så mykje og som tok liv i løpet av få timar.
Først tenkte eg at måtte endra datoen. Det kunne jo sjå spekulativt ut, då det å bruka datoen i seg sjølv gir assosiasjonar til dramatiske hendingar.
Men det ville vera historieforfalsking å ikkje ta det med. Og for den som vil leita i islandske og norske aviser frå 1884, er det fint å ha rett dato. Avisene kan nemleg lesast på islandske timarit.is og det norske nasjonalbiblioteket, nb.no, sine databasar. Eit flott tilbod og eit fantastisk kjeldetilfang for oss som grev oss tilbake i tida.
Orkanen 11.september er den historiske hendinga romanen "Alt vel" er bygd opp om. Eg gler meg til å presentera boka i november.

torsdag 8. september 2016

Ei stor, lita og annleis bok om Bergen


Ein -  to - tre, og eg har hatt ei historisk reise med Fløibanen i Bergen. Og ikkje berre Fløibanen. Eg har lært meir om byen, jernbanen, næringslivet, byutviklinga og nokre store menn som har sett spor etter seg til glede for andre enn på lenge.
Og eg har lært meir om tradisjon og kulturhistorie. Og ikkje minst, sjølvsagt, som tittelbladet seier: Eg har lært mykje om Fløibanen.

Boka er berre 12 cm høg, men bokstavane står i lange rekker, fordelt på små blad, slik at alle orkar lesa. Og orkar ein ikkje lesa, kan ein sjå på alle dei flotte fotografia og illustrasjonane.

Boka har undertittelen: ".. og om erobringen av byfjellene som turområde". Vedlagt ligg det/heng det også eit kart over byfjella, så ingen skal kunne orska seg for ikkje å ta ein tur i mangel på kart.

Mange sitat gir oss eit innblikk som både informerer og forbløffer. Kven skulle tru at Turistforeningen, anno 1890, står bak denne oppmodinga:
Men gjør rett i at putte lidt skiver og en halv øl i lommen, hvis man da ikke foretrækker at fylde på med litt saft paa en flaske selters. Glem endelig ikke tobak, helst en snadde. Thi du ved ikke, hva tobak er for en himmelsk nydelse, før du er i fjellet og ligger i mosen bag en lun sten. Og vær ikke ængstelig for at tage en liden lur der oppe."

Det er Lasse Berntzen som deler ut av sin kjærleik til Bergen, kunsten og historia i den vesle boka som kjem ut på Pale forlag og har tittelen:
En historisk reise med Fløibanen i Bergen og om erobringen av byfjellene som turområde.

Eg tilrår boka på det varmaste -
til eiga glede eller som gåve til ein som har alt.

"Alt vel"

Det gjaldt å formulera seg kort og konsist når ein sende telegram og betalte for kvar bokstav. Men kor lenge var det sanninga, at alt var vel, når det tok si tid før meldinga nådde fram?

I den historiske romanen "Alt vel" går enka som har rusta ut skip til Islandsfisket, og ventar. Og på Island hender det meir enn ho veit om.

Eg gler meg til å leggja fram den nye boka som eg har hatt mange gode skrivestunder med å laga.

Boka kjem på Kapabel forlag i november.