Kronikk i avisa Kvinnheringen, 29.mars2017. |
I ti år prøvde eg å nærma meg Garborg og Skou, og heile tida undra det meg at Garborg ikkje stod opp for venen sin då han trengte det mest. No har Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med å digitalisera gamle aviser komme meg til hjelp: Eg les og les, og ser at eg ikkje visste alt om Garborg då eg skreiv «Garborg og Skou – forskjell på folk?».
Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou, venene frå barne- og ungdomsåra, skulle få vel så ulike liv
som vilkåra dei var fødde inn i. Dei møttest som odelsgut og omstreifarson, gjekk
i lag på lærarskule, men fekk inga langvarig lærarkarriere. Etter å ha gått
kvar sitt stykke på ein humpete livsveg, sat Garborg og skreiv Fred i 1892, samstundes som Skou var
begynt på boka På fantestien, eit kampskriv
for folket sitt. Dei var nok i kvar si skriveboble, opptatt av eigne tankar og skriverier.
Likevel; eg må innrømma at det irriterte meg at då Skou fekk gitt ut boka si,
sette Garborg sine stubbar om fantane på trykk i Juleroser same året. Mange på Jæren måtte forstå at det var Martin
Johan og faren Mathias det handla om. Og ville ikkje ei slik skildring av
miljøet deira ta vekk truverde og tyngde frå det Skou prøvde å oppnå med å skriva
På fantestien? Burde ikkje Garborg ha
skjønt dette? Burde han ikkje ha tatt såpass omsyn til ein barndomsven? Tenkte
eg.
Og seinare, då debatten gjekk om kva ein skulle gjera med omstreifarane;
om kva løysingar ein skulle ha for busetjing og kva lover ein skulle vedta, kvifor
tok han ikkje til orde då? Han skreiv jo om mest alle andre samfunnsspørsmål? Men
eg leitte i dei store avisene der desse ordskifta gjekk føre seg, utan å finna
eit livsteikn frå Garborg.
Visst nok skreiv Garborg mykje fint om Skou i dagbøkene. Og då
han laga føreordet til andreutgåva til På
fantestien i 1917, er det ikkje måte på kor god attest han gir venen sin. Slik
var det også då tida kom og det skulle skrivast minneord.
Men når
venen trengte det aller mest? Når andre med makt, prestar og embetsmenn,
gjekk gode for han som ei motvekt mot alle som ikkje trudde han kunne bli noko
skikkeleg til mann, kvifor gjorde Garborg ikkje som dei?
Eg har slått meg til ro med at det er mykje i Garborg sitt liv
me ikkje skjønar. Han kunne vera skiftande i sinn og tankar.
Nasjonalbiblioteket
si skattkiste.
Då eg skreiv boka om Garborg og Skou hadde eg stor nytte av
dei digitaliserte avisene som ligg på nb.no. Nasjonalbiblioteket er i gang med
å leggja ut alle gamle aviser. Derfor visste eg at det ville komma ny informasjon
etter kvart. Med jamne mellomrom går eg inn og sjekkar om det er noko av
interesse, og her ein dag fekk eg verkeleg storfangst. Bladet Den
17de Mai, Norsk folkeblad, var lagt ut.
Og der fann eg det eg meinte Garborg burde ha skrive. I april 1896 fekk
Skou den moralske støtten Garborg kunne gi han. Over to spalter presenterer
Garborg arbeidet til sin «gamle ven M. J. Mathiassen Skau»; bakgrunnen med omstreifarar
i landet, situasjonen med mange som har tøffe dagar, boka og innsatsen til
Skou.
Liten sans for
Departements-Lars
Om den statlege innsatsen, hadde Garborg dette å seia: «At dette
ikkje kan halda på, det forstår no alle, men færre er det, som veit råd. Det
arbeidet, Eilert Sundt fekk i gang i 50-60-åri, stansa, då «sparetanken» fekk
denne himmelsende mannen stengd inn i eit prestekall... I hans stad hev me me
no ein hop vanlege bureaukratar, som nok bryggjer vanleg bureaukrat-råd med
tvangshus og direktørar og ditt og datt; men kva slikt skal nytta i ei sak som
denne – utan til å øyda burt pengar på -, det må ein vel vera Departements-Lars
for å forstå.
Derimot trur han på Mathiassen sine løysingar: La dei få små
heimar å bu i. Dei kan framleis selja varene sine rundt om i bygdene, men kvinner
og born skal berre vera heime eller i naboheradet, Noko langferd skal dei ikkje
ha lov å dra på. Dermed vil det bli slutt på vandringane, for mennene vil vera
der kvinnene er sidan det er dei som forsørgjer familiane med tigging. Borna
skal bu hos foreldra dei første åra, før dei får nokre år hos bønder mens dei går
på skule.
Dette vil kosta pengar, men det kostar å ha dei flakkande med
støtte frå fattigkassa også. Men etter kvart vil dei kunne hjelpa seg sjølv. Garborg
legg til at dei gjennom sitt lange vandrarliv har øvt opp ein og annan givnad
som kunne komma vel med. «Me kunde då kanskje få gode diplomatar!» Han har tidlegare
skildra Fante-Thomas i Fred som mannen
som ingen kunne målbinda. Til og med Bibelord som andre las til fordøming kunne
han lesa til frikjenning.
Meir vit enn ein
digerkongeleg kommisjon
Garborg avsluttar me den drygaste tilrådinga Skou kunne ønskja
seg: «Eg vil rå folk til å høyra på Mathiassen, når han utviklar desse tankarne
sine; der er meir praktisk vit i dei enn i alt som kunde bryggjast i hop um det
so var av ein digerkongeleg kommisjon. Elder les den vesle boki hans: På Fantesti».
Rett skal vera rett:
Dermed må eg leggja meg flat og trekkja tilbake det eg indirekte
skreiv i boka mi om at Garborg ikkje stilte opp for venen sin. Trøysta er at
det er fleire enn eg som må gjera den øvinga i tida framover. Når me kan sitja heime
i stova å lesa avisene frå 1800-talet, kan mykje og mangt komma for ein dag. Historia
er skriven av nokre få. Dei valde ut kva det var rett og relevant å ta med. No
får me direkte tilgang til det avisene skreiv «den gongen då». Eg sender ein
takk til Nasjonalbiblioteket som gjorde det nødvendig for meg å be Garborg om
orsaking.
Frå Garborgsenteret der eg "møtte" Garborg. Foto: Garborgsenteret |
..............
"Garborg og Skou - forskjell på folk?" er i hylla til alle bokhandlane til Hillesland, kan tingast hos alle andre og på Haugenbok.no, hos meg: marit.totland@knett.no