Litt om bøkene mine:

fredag 15. september 2017

Kva Anders sine bøker gjer med mammo?

Anders kjem med si fjerde bok kva dag som helst.
"Det må vera kjekt med Anders som bur så nær deg. De har sikkert mykje å snakka om," seier folk. Og det er sant. Me har mykje å snakka om både når bøkene blir til og når dei kjem ut, både hans og mine.
Men det er meir enn "noko kjekt å snakka om". For bøkene hans treff meg på så ulikt vis.

Vampyrane i Eplehagen er til å le av. Både fordi fortellinga er på tvers av fornuft, og fordi både Jan Ove og eg figurerer i boka. Ja, me figurerer, bokstavleg talt, i alle fall Jan Ove, der han syklar opp bakken mot Eplehagen.

Engel i snøen er til å grina av. Ikkje berre første gong eg las boka, men kvar gong eg les.

DIGG er til å bli mett av. Rett og slett. Satsar på at det vil komma til å henda utan at eg lagar maten.

Så lenge ingen ser oss er til å få vondt i magen av. Ikkje fordi eg har fått for mykje mat frå Digg, men fordi den tar tak og vrir i kjenslene, også dei eg ikkje visste eg hadde.

Ja, eg seier som myrsnipa: Alle dei fire ungane mine er sjølvsagt dei finaste i verda, og når det gjeld skriving, er Anders den beste.

1 kommentar:

  1. Så flott å lese! Visste ikkje at du også var forfattar før Anders omtala deg på Twitter. Du ser ut til å vere eit nydeleg menneske som eg gler meg til å følgje 🙋

    SvarSlett