Litt om bøkene mine:

onsdag 11. januar 2017

Brigg Norden - forkledd for å skremma sjørøvarskuter


Brigg Norden av Haugesund segla på dei store verdshava før den forliste under storstormen på Island i 1884 som er skildra i Alt vel. I all slags ver og vind kunne det vera mange farer kaptein Antoni Berentsen måtte vera vaken for. Og når mannskapet gjekk i land i framande hamner, kunne det nok henda dei kom heim med dei utrulegaste sjørøvarhistorier.
Men Norden har faktisk si eiga sjørøvarhistorie. Då eg skulle prøva meg på å mala skipet, etter bildet over her, merka eg meg dei svarte felta i den kvite stripa øvst på skipet. Og sidan eg har sett mange seglskutebilder utan å sjå nærare på detaljane, tenkte eg ikkje meir over det.
Men så var eg hos Hagland i Haugesund, hos dei som eigde Norden. Og då fekk eg ny informasjon. Skipet var forkledd som marinefartøy for å halda sjørøvarar på avstand. Dei svarte merka er ikkje svarte skipsbord, men kanonopningar. Skipet hadde kanonopningar, men ingen kanoner på dekk.
Er det nokon som kjenner til om andre skuter forsvarte seg slik?

tirsdag 10. januar 2017

Viktig og fin historisk roman, skriv Kristine Sele

Slik skriv Kristine Sele i ein bokomtale i Bømlonytt 21.12.12016.
Eg bukkar og tar i mot og set særleg pris på at Kristine Sele meiner boka løftar fram ein del av kystkulturen vår.:

* Kvinna si uro når mann, far, son, kjærast er langt til havs, i ei tid utan kommunikasjon.
* Om reiaren si sut for mannskap og båt.
* Rykte fortel om storstorm og forlis; dei heime ventar på telegrammet som skal fortelja at alt er vel.

Alt vel frå Marit Elisebet Høines Totland får lesaren dette på nært hald. Me følgjer hovudpersonen Karina vidare i levet hennar i Skudnes. I Blåstrømpe kom ho som tenestejente frå Stavanger.

"Alt vel"-  startar med den dramatiske storstormen på nord-Island....
-  er også ei fin og var kjærleikshistorie.
....
Marit Elisebet Høines Totland, som sjølv er frå Skudeneshavn, bidrar med "Alt vel" til å løfta fram ei del av kystkulturen