Litt om bøkene mine:

mandag 21. november 2022

Då "Anna Howitz" forliste ved Mjølhus

Den tyske barken "Anna Howitz" var på veg til Dale fabrikker med bomull. Bomulla enda langs Karnøystrendene og i mange hus blei det brukt bomull som isolasjon det året barken forliste og folk gjekk mann av huse for å berga lasta.

Forliset skjedde ved Skiftesvikane utafor Mjølhus. Desse strendene forbinder me med sol og late dagar, men for han som gjekk og leitte etter far sin, var det mørke dagar.

Hendinga om forliset og redningsarbeidet etterpå er med i den siste historiske romanen min, TAP, som kom no i november. Tredje del av boka, startar med forliset. Bli med til 1880-talet denne smakebiten frå boka:

(Boka er å finna m a hos Norli i Haraldsgata og på Karmøy)

 KAPITTEL 31

Det høyrdest hestevrinsk og tramping på tunet. Karina skunda seg bort til vindauget. Det var ikkje mykje å sjå. Store snøfiller slo mot ruta. Men kven kunne det vera som kom no så tidleg? Og til hest? Utan kjerre eller karjol? Ho skimta så vidt ein høgreist mann som batt hesten og nærma seg trappa. Karina gjekk ut i gangen og tok slåen vekk frå døra. Det hadde vore uvêr om natta og vinden hadde stått rett på. Ho fekk opp døra akkurat då det høyrdest banking. Og no var Jakob, Magnus og ungane komne ut i gangen også.

– Ei skute … I Skiftesvikane, sa mannen og pusta som om han skulle ha sprunge langt. – Skuta ligg og høgg på Mjølhus. Ja, i Skiftesvikane.

Karina såg inn i to store, vidopne, forskremde auge. Tru kva dei hadde sett i løpet av natta? Ho opna døra og nærast drog mannen inn. Han tumla over dørstokken. Hadde ikkje Jakob stått så nær at han kunne ta imot han, hadde han sige saman på golvet. No hang han over skuldra til Jakob.

– Forlis. Forlis, stønna han mens Magnus og Jakob fekk han inn på ein stol.

Der blei han sitjande å hiva etter pusten, framoverbøygd med hovudet i hendene. Dei andre blei ståande rundt han.

No såg Karina at mannen var gjennomvåt og kald. Ho bad Gudrun henta ullteppe og varme klede. Men ho måtte seia det to gonger, for Gudrun stod i døropninga og nistira på mannen, forskrekka og fortvila, som om alle minna om ulukker på havet, fór gjennom tankane hennar.

– Det er vel her lensmannen bur? Eg … eg er send for å henta han. Er … er …

– Ja, du er kommen til rett hus. Eg er lensmannen, sa Magnus og tok eit steg nærare mannen.

Hildeborg var også kommen inn og fekk ordre om å dekka på til gjesten.

Karina fordelte oppgåvene samstundes som det var kaos inne i henne. Akkurat som Jakob ofte sa: «Du klarer deg, du Karina. Dess meir det stormar, dess rolegare blir du.» Men denne gongen måtte ho ikkje klara seg sjølv. Denne gongen var han heime.

Dei skulle til å setja seg ved frukostbordet då mannen kom. Det var søndag og enno var det heldigvis noko godt på fatet etter julehelga, tenkte Karina, før det slo henne at denne gjesten nok ikkje ville leggja stort merke til kva som stod på bordet. Ho skyssa ungane ut av stova og sette seg ved sida av Jakob.

– De kan gå, de også! sa Magnus og såg hardt på Karina og Jakob. – De høyrer vel at det er meg han vil ha tak i.

– Er de noko me kan gjera? Skal me senda folk? Trengst det båtar? spurde Jakob og sette seg ved sida av guten. – Og du er Per, ikkje sant? Per Andreassen? Du har vore med meg om bord tidlegare?

– Nei, me treng ikkje båtar. No er det gjort, det som gjerast kunne på sjøen. Men me treng leitemannskap. Og ja, eg er Per, sa han og heldt hardt rundt den varme koppen som han fekk av Hildeborg.

 

– Det har vore litt av ei natt, sa Per, då han hadde fått eit ullteppe om skuldrene.

No snakka han meir til seg sjølv enn til dei som sat rundt han, utolmodige etter å høyra.

Det var kona hans som først hadde merka at noko var gale. Ho hadde lege vaken til langt over midnatt då noko plutseleg lyste opp veggen framfor henne. Lyset forsvann, men kom igjen. Gong på gong. Då skjønte ho at noko var gale fatt og hadde vekt Per. Han kika ut vindauget og såg straks at det måtte vera eit skip som blussa etter hjelp ved Jarsteinsosen.

Han rista på hovudet med jamne mellomrom mens han fortalde korleis vinden kvein rundt hjørnet og snø og hagl slo mot husveggen då han la på sprang utover bøen. Fleire gonger heldt han på å ta feil av stien. Snø og sludd stod som ein vegg framfor han og stengde for all sikt. Men han visste at om han gjekk rett mot vinden, ville han nå fram dit lyset kom frå.

Per heldt fram nevane. Dei såg at handledda var oppskrapte og blodige. Buksa var oppriven og han blødde på det eine kneet.

– Stien går rundt kvar stein og det er gjerdeklyvarar mange stader, men eg måtte berre halda kursen, strakt fram, så eg tumla og datt mange gonger, forklarte han. – Redda liv, redda liv! Det var det einaste eg tenkte mens eg sprang og snubla, reiste meg og sprang igjen, sa han mens han fomla rundt seg med den eine handa, som om han framleis leitte seg fram bortover stien.

Mjølhus, Sandve, Syre! Dei visste alle kor griske bølgjene var i det stroket. Dreiv nokon på land der, måtte dei håpa på å få landkjenning på ei av strendene. Elles ville dei braka mot svaberga. Både store og små båtar hadde fått erfara det. Og liv var gått tapt.

– Då eg endeleg kom opp på Skiftesviks-tua, ja, eg kjende meg att då eg nærma meg, då tenkte eg at der oppe ville eg kunne få oversikta. Og det stemte. Snart såg eg ei stor skute som låg kvelvd inn mot holmen like utafor. Riggen stod endå, men skuta var nesten heilt gøymd i ròket frå bølgjene og snøbyene. Eg kika meg rundt. Tenkte at det måtte vera andre enn meg som hadde oppdaga kva som hadde hend. Men så slo det meg at dei andre gardane ligg så lågt. Dei ser ikkje Skiftesvikane i det heile. Men …

Han såg opp. Hadde hatt blikket langt nede kaffikoppen ei stund.

– Eg kunne jo ikkje gjera noko åleine?

Auga gjekk frå Jakob til Magnus og vidare til Karina. Som om han venta svar.

– Hadde eg prøvd, kunne eg kanskje ha redda …

Hovudet sokk ned. Hendene skalv så han sølte kaffi på buksa si. På teppet.

– Eg sprang. Alt eg kunne. Etter hjelp. Heile tida tenkte eg på dei som var om bord. Og dei som låg i sjøen. Som kanskje hadde sett meg og trudde eg svikta dei? Dei visste vel ikkje at skipet låg på ein holme og at eg ikkje kunne nå dei?

Han spurde, men venta ikkje på svar.

– Ikkje visste dei at det ikkje var råd å komma fram til dei med båt frå strendene våre heller. At me måtte bera ein båt over land for å nå dei.

– Fekk de redda mannskapet? spurde Jakob og la armen over skuldra på Per.

Mange blei redda, men han visste ikkje kor mange som var om bord. Nokon kom seg i land på flytande bomullsballar som skipet var lasta med. No låg det slike ballar i sjøen overalt.

Magnus reiste seg:

– Eg tar karjolen og drar vestover. Her blir det sjøforklaring og erstatningssak å ta seg av. Like greitt å få sjå alt med eigne auge jo før jo heller.

– Eg blir med, sa Jakob. – Kanskje det er nokon som treng hjelp.

 

– Og så sende dei deg for å melda frå til lensmannen? Du måtte jo allereie vera heilt utsliten, sa Karina til Per då karane i huset var ute av døra.

Ho la fram dei tørre kleda Gudrun hadde funne fram, bad Gunnar leggja meir ved i omnen. Gjorde seg eit ærend på kjøkkenet så Per fekk vera åleine for å skifta. Etterpå gjorde ho seg oppteken med å rydda rundt om i stova mens han fekk i seg frukost. Han åt ivrig ei stund, før hendene sokk ned i fanget og han stoppa å tygga. Berre stirra framfor seg. Før han kvakk til og fortsette å eta. Etter ei stund såg det ut til at han var mett. Og hadde fått varmen i seg. La ullteppet på stolen ved sida av seg. Bretta det fint saman først.

– Dei kjempa for livet, sa han lågt. – Og eg høyrer ropa: «Hilfe, hilfe! Tapfere Norweger, rettet uns!».

Han let att auga, fekk djupe rynker i panna.

– Eg høyrer ropa inne i meg framleis: «Hilfe! Rettet uns!» Eg trur det var tysk, for det var slik dei snakka tyskarane som var i land frå den store briggen her i sommar.

Han såg i taket med store auge, gnidde seg over låra.

– Og ropa var så desperate, fortvila, ja, hjarteskjerande! Ein av dei som ropte låg i vatnet. Eg høyrde berre halve ord før bølgja braut over han.

Karina gav han ein kopp varm mjølk som Gudrun kom inn med. Bad henne sjå etter om det var meir av det franske brennevinet dei bryggja punsj av dagen før. Eller noko anna sterkt. Denne karen kunne trenga sterkare saker enn mjølk etter kvart, såg ho. Han var begynt å skjelva igjen. Fekk nokre rykkingar i haka så han knapt nok fekk sagt det han ville.

Per hadde følgd mennene i hus etter at dei var berga på land. Det var lite prat i dei, men fleire av dei som kom til for å hjelpa meinte, som han, at dei sikkert var frå Tyskland.

Det hadde ikkje vore vanskeleg å få husrom til dei forliste på dei næraste gardane. Det blei fyrt opp i grua og varme klede kom på før mennene blei lagde til sengs med alt av dyner som var å finna i dei næraste stovene. Ein av mennene hutra fælt likevel. Skalv så han rista. Han var blå i ansiktet og kunne ikkje snakka.

– Det var han dei fekk sist opp av sjøen. Han var nok heilt forfrosen, stakkar, sa Per og sukka.

Han flytta seg på stolen.

–  Men kona i huset visste råd. Ho forsvann plutseleg ut av stova og kom att med fleire flasker øl. Ho kjende til at naboen hadde bryggja til jul. Og no hadde ho vore og henta øl som kunne setja skot i blodet, som ho sa. Ho kokte opp ølet og tømde det i han. Og etter ei stund kvikna han til, han og. Men om me fekk i land alle …? Det veit eg ikkje.

***

Resten av historie utgjer siste del av TAP, innvevd i lagnaden til Karina og den uvanlege lensmannen. Hendingane rundt forliset byggjer på munnlege kjelder og sjøforklaringa, og både forliset og etterspelet er lagd tett opp til det kjeldene fortel.

TAP er ein frittståande oppfølgjar til Alt vel og Blåstrømpe.

Boka er å få kjøpt hos Norli overalt på Karmøy, i Haugesund, på Husnes og Bremnes, i tillegg til hos Sunnbok på Stord og i bokhandelen i Rosendal.

Boka kan også kjøpast hos meg. Og for tida er det også råd å få alle dei tre bøkene i ein pakke til kr 500,-


Digitale kjelder gir oss no eit innblikk i "gamle dagar". Eg lar meg fasinera av det eg les, og skriv av og til litt om det eg finn så fleire kan bli kjend med historia. 


 



.