Litt om bøkene mine:

torsdag 15. januar 2015

Kva har Ibsens Brand med Skou å gjera?

Kronikk, Vårt land 14.01.2015
Verdidebatt 12.1.2015:


Brand, ikkje berre ein religiøs fanatikar.
Marit Elisebet Totland
Når Det Norske Teater presenterer Ibsendramaet om Brand samstundes som religiøs fanatisme og terrorisme slår mot oss i nyhetsbiletet, er det lett å tolka Brand som ein religiøs fanatikar. Leitar me fram samtida og situasjonen til Ibsen då han skapte Brand på 1860-talet, synest det som om dette berre er ei av fleire naturlege tolkingar. Kan henda det er Bøygen, som dukkar opp i Ibsens påfølgjande, som er den eigentlege motsatsen til Brand: Han som går utanom.

Brand var prest, og han strevde med å gjera det han trudde var oppgåva hans, utan tanke på konsekvens for seg og sine. Men at han er prest er ikkje det vesentlege, skriv Ibsen i eit brev like etter utgjevinga»: «Brand» er bleven mistydet, i al Fald overfor min Intension . . . Mistydningen har åbenbart sin Rod i, at Brand er Prest, og at Problemet er lagt i det Religiøse. Jeg skulde været Mand for at gjøre den samme Syllogismus lige så godt om en Billedhugger eller om en Politiker som om en Prest. Jeg kunde fået den samme Frigjørelse for Stemningen, …"

Det er det absolutte kravet til å gjera noko fullt og heilt, Ibsen er oppteken av. Og det er ikkje snakk om å realisera seg sjølv, slik me tenkjer i dag, å følja eigen motivasjon og bruka evnene sine. For Ibsen dreidde det seg om å utføra det ein trudde var rett, men kanskje ikkje var særleg motivert for fordi det hadde sin pris, både når det gjaldt konsekvens og innsats.

Manuset til Brand blei send frå Roma. Der hadde Ibsen vore ei tid, - litt motlaus og kraftlaus, utan store litterære suksessar bak seg. Mens han var i Roma hadde han kontakt med Christoffer Bruun. Og om religiøs fanatisme er den mest nærliggande tolkinga i dag, kan møtet med Bruun gi ein nøkkel til å forstå Ibsen utifrå si eiga tid.

Bruun har hengt over skuldra mi dei siste ti åra mens eg har arbeidd med å fa tak livet til Martin Johan Mathiassen Skou og barndomsvenen Garborg. Livet til Skou var eit stort drama, og det blei snart klart at vendepunktet i dette dramaet kom etter at Skou hadde hatt ein samtale med nettopp Christoffer Bruun. Mens han levde som omstreifar med familien sin, gav Bruun han mot til å bryta opp frå dette livet og bli bufast.  Skou skulle bli redningsmannen for omstreifarfolket. Ved å fortelja livshistoria si skulle han få øvrigheta i tale. Han skulle også røpa omstreifarfolket sine seder og skikkar, noko som var forbunde med stor fare. Men Bruun var mannen som fekk Skou til å setja målet for innsatsen over risikoen. Konsekvensen var at hans eigne stod han etter livet i periodar. (Meir om dette i boka: «Garborg og Skou – forskjell på folk?»)

Bruun blir skildra som ein stillfarande mann. Men bodskapen var sylskarp: han utfordra alle til å halda fram sanninga, sanninga om seg sjøl og samtida: «Et menneske dør den åndelige død når han sier idealet farvel. Han synker henimot sin moralske oppløsning.» 

Ibsen såg i Bruun ein mann som ikkje svikta sine ideal. Mens han sjølv drog til Roma då han kunne ha gått i krigen, stilte Bruun frivillig i den danske hæren. Han stilte i frontlinja med eit svært godt norsk gevær, så godt at befalet bad han skjerpa seg fordi han «irriterte fienden» og dei andre soldatane kunne ikkje følgja han når han gjekk til åtak, uredd som han var. Ibsen hadde rast mot nordmennene som svikta sine danske brør. Ibsen forsvarte seg med at det var hans oppgåve å skriva om nordmennene si plikt. Då svarte Bruun: «Takk skal De ha! De skal synge om det vi skal gjøre».

I første utgåva av «Brand» er Bruun lett å kjenna att som hovudpersonen Brand; ein mann som krev alt, men som også har eit varmt hjarte. I den endelege dramaet møter me ein Brand som har lausrive seg frå personen Bruun og som stort sett berre har det harde og stive sinnelaget att; viljen til å stå løpet ut, utan tanke på konsekvensar.

Svein Tindberg tolkar «Brand» for oss i 2015. Det er naturleg at han flyttar ekstremisme inn på scenen og Ibsen ut til folket. Men med kjennskapen til Bruun og Ibsen si samtid, kan bodskapen bli breiare. Då kjem Brand inn i eit større rom, eit rom der du og eg er, ikkje berre unntaksmenneska.

fredag 9. januar 2015

Spørsmål, innspel, vurdering av boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?"

Drøfting og spørsmål?
Boka om Garborg og Skou blei liggande under mange juletre. Og no kjem tilbakemeldingane frå nokon av dei som har lese boka. Eg må vedgå at eg var frykteleg spent. Var 10 års arbeid blitt satt saman og forkorta på ein slik måte at linjer, bodskap og fakta gav meining? Blei hovudpersonen eit levande menneske, ikkje berre ein figur?
No har eg senka skuldrene. Tilbakemeldingane har vore slik at eg ikkje angrar på utgjevinga. Takk til dei som har tatt seg tid til å senda med meldingar med respons!

Nokre lesarar har spørsmål, og det blir ofte gode samtalar om emnet når me får møtast. Men det er ikkje mange lesarar eg møter. På nett kan me likevel få ei ordveksling, så eg utfordrar deg som har lese boka: Kom gjerne med tilbakemeldingar, spørsmål, innspel! Gjerne her på bloggen i kommentarfeltet. Det blir ein del foredrag utover våren, og det er svært nyttig for meg å få innspel som gjer at eg må tenkja gjennom ulike sider ved saka ein gong til.

Signering
Grunna praktiske problem nådde eg ikkje så langt som eg hadde tenkt med signering og møte i bokhandlarar før jul. Men om nokon ynskjer det, er det framleis høve til å få ei signert bok portofritt tilsendt frå meg (kr 349,-).  Gje lyd!