Drøfting og spørsmål?
Boka om Garborg og Skou blei liggande under mange juletre. Og no kjem tilbakemeldingane frå nokon av dei som har lese boka. Eg må vedgå at eg var frykteleg spent. Var 10 års arbeid blitt satt saman og forkorta på ein slik måte at linjer, bodskap og fakta gav meining? Blei hovudpersonen eit levande menneske, ikkje berre ein figur?
No har eg senka skuldrene. Tilbakemeldingane har vore slik at eg ikkje angrar på utgjevinga. Takk til dei som har tatt seg tid til å senda med meldingar med respons!
Nokre lesarar har spørsmål, og det blir ofte gode samtalar om emnet når me får møtast. Men det er ikkje mange lesarar eg møter. På nett kan me likevel få ei ordveksling, så eg utfordrar deg som har lese boka: Kom gjerne med tilbakemeldingar, spørsmål, innspel! Gjerne her på bloggen i kommentarfeltet. Det blir ein del foredrag utover våren, og det er svært nyttig for meg å få innspel som gjer at eg må tenkja gjennom ulike sider ved saka ein gong til.
Signering
Grunna praktiske problem nådde eg ikkje så langt som eg hadde tenkt med signering og møte i bokhandlarar før jul. Men om nokon ynskjer det, er det framleis høve til å få ei signert bok portofritt tilsendt frå meg (kr 349,-). Gje lyd!
Jeg må nok bestille boken fra deg, tror jeg.
SvarSlettKlem :)
Sender den så gjerne til deg. Og er spent på respons fra en så klok kvinne. Jeg har byttet pc siden vi vekslet epost sist. Har du en adresse jeg skal bruke, så kan du sende den til marit.totland@knett.no
SlettDa var e-post- og annen postadresse sendt deg.
SlettKlem :)
Og bok kommer. Har tenkt å bruke posten, ikke NIna, selv om det kanhøres ut som hun kunne fått boka over fjellet helt på egen hånd akkurat nå.
Slett