Litt om bøkene mine:

onsdag 28. februar 2018

Diktarpresten Anders Hovden og sommarfuglen


Konfirmantane til Anders Hovden lurte på kvifor presten deira så ofte hadde ein sommarfugl av sølv i skjorta der andre hadde slips eller sløyfer. Då svarte Hovden at han ikkje kjente seg skikkeleg påkledd før fivrelden og tollekniven var på plass. Han kalla sommarfuglen firvreld. Og fivrelden skulle minna han om at han måtte vera varsam på ferda og mot andre menneske. Tollekniven skulle minna om at han måtte vera klar til kamp – i overført tyding.

Likast å vera til trøyst for folk
Sommarfuglen minner meg om den store forvandlinga, håpet om det om kjem etterpå, slik det er fortalt i  gåveboka HÅP. Anders Hovden peikar på ei noko anna bruk av sommarfuglen som symbol; at ein skal vera varleg i møte med menneske. Han brukte også samanlikninga då han var med i ein tremannskomite som skulle revidera Landstads salmebok i 1920. Han sa: Her lyt me fara varleg fram. Å røra ved salmar er som å røra ved ein fivrelde. Du kan lett skada det eller og beintfram drepa det.
Men også for Hovden gjekk tanken til det evige håpet når han såg sommarfuglen:
I biografien om Hovden kan me lesa: Det likaste med å vera prest, var at ein kunne vera til trøyst for folk når dei hadde det tungt, sa Hovden, «ved sjukesengi kan presten vera til trøyst, det er det likaste eg veit, ved prestegjerningi. Å, den som kunne makta trøysta», utbryt han ofte når han fortel om soknebod og gravferder. Den 23. september 1926 skriv han i dagboka: «I morgon skal eg i likferd, ei mor hev dødt frå 10 born, berre 2-3 er konfirmerte; den minste berre 2 år. Sårt, det verste eg ser!» Og dagen etter: «Ja, arme små som stod flokka um mors kiste. Ho var berre 44 år.»  Det var etter ei slik gravferd på Toten han skreiv ein av dei finaste gravferdssalmane sine:
Han har sjølv fortalt korleis salmen vart til:
«Eg gløymer det aldri. Der stod dei, stakkarane. Ein stor barneflokk omkring kista til mor. Den minste so liten at han ingenting forstod. – Strålande dag. Sola skin. Fuglane kvitrar i alle bjørkegreinene. Då kjem eit stort kvitt vakkert fivreld flygande og set seg mellom blomane oppå kista – og med same kista søkk ned i skuggane, der lyfter det seg og flaksar i veg på sine kvite venger opp or skuggane, opp or myrkret. Og snart blir det borte i glansen av sola.»

Eg ved den djupe gravi stend,
med våren lyser over grend
og sjø og skogar glitrar.
Ein barneflokk hev mist si mor
og stend og græt so sårt i kor,
men alle fuglar kvitrar.


Eit fagert fivreld, kvitt å sjå,
i solglans flaksar til og frå
og over gravi driver.
Nyst berre det ei åma var,
no hev det fenge vengepar,
og millom blom det sviver.


Skal upp or grav, or gråt og gru
vår sjel mot evigt liv seg snu
frå alt som tungt oss trengjer?
Skal eg få sviva fri og glad
imillom himlens stjernerad,
skal sjeli mi få venger?


Å, finst det nokon stad eit land
dit dauden ikkje koma kann
og ikkje gråt og tåra?
Der all vår liding fær sitt stogg,
og tåror eimar burt som dogg
i smil mot morgonklåra?


Ja, Jesus, når eg nemner deg,
din himmel herleg opnar seg,
eg livsens land ser stiga.
I nådens klædnad, rein og kvit,
til evig sumar sviv eg dit
der aldri sol skal siga!

Denne salmen skreiv han i 1924. Det er nummer 573 i Nynorsk Salmebok
Kjelde: Biografien Anders Hovden, diktarprest og folketalar (Jens Kåre Engeset, Samlaget 2002). '

Om du vil ha nokre eksemplar av gåveboka Håp liggjande til bruk i ulike samanhengar for å minna om håpet og for å gjera symbolet kjent, kan du tinga bøker hos meg for kr 50 + porto. sms/vipps 98060938, post@marittotland.no


tirsdag 20. februar 2018

Ein aldri så liten mammut



Boksal til god pris i mammas lager, må vel vera ein liten mammut? Denne veka får du alle bøkene mine for kr 100,- per stk + evt porto ved bestilling her hos meg: SMS/98060938, i kommentarfeltet eller på Messenger.

Det gjeld: Med handemakt og hestekraft, Rolf Høines forteller,
Husker du?
Blåstrømpe (historisk roman),
Garborg og Skou - forskjell på folk?,
Alt vel (historisk roman)
og gåveboka Håp.

Dei to første bøkene til far er utselde.