Litt om bøkene mine:

søndag 24. mai 2015

Alt kjem så nær

Det starta med ei ukjend historie om ein mann eg knapt hadde høyrt namnet på. Så, mens livet og historie blir nøsta opp, dukker stader og namn opp som er svært så nære. 
Eg sit i stova og skriv. Kiker ut vindauget og ser bort til Toftevågen. Eg har flytta hit etter at side 150 i boka blei skrive, der det handla om bonden Andersen Lande på Halsnøy og Anne Mortensdotter på nedre Tofte.
For nokre dagar sidan hadde eg gleda av å vera middagsgjest i eit flott gardshus på Halsnøy som ikkje ein gong var nytt då Skou var i området.

Alt kjem så nær!

Dei siste åra er Postvegen opprusta så ein no kan fylgja vegen frå Utåker til Husnes. Og den passerer stovedøra. Når Skou skulle frå Skudenes og innover Hardanger på sine siste turar som kramkar, gjekk han truleg på denne vegen. 100 meter frå der eg sit no.

Alt kjem så nær!


Før han tok fatt på kramkar-reisa, var han innom Hilleslands bokhandel og fekk med likt og ulikt i kramkassa som han skulle selja undervegs. Då eg skreiv boka visste eg ikkje kva type varer han hadde med seg. Nyleg fortale Hans Magnus Hillesland at faren hadde sagt at Skou kom på bokhandelen og henta varer. Varene blei sirleg noterte i ei bok, så han kunne gjera opp for seg då han kom tilbake.

Alt kjem så nær!

Ein nær slektning av Skou fekk fosterforeldre på Sunde; Haktorsen. Og eg som trudde familiehistoria handla om Rogaland. Det er nokre få kilometer herifrå til Sunde.

Alt kjem så nær!

Boka er lesen av mange etterkommarar av Skou. Tilbakemeldingar kjem inn. Og mange takkar for boka. Kjenslene er blanda. Slektskapet med Skou har ikkje alltid vore lett å vedstå seg. Den yngste generasjonen takkar varmt og seier at dei vil ta til seg det eg har skrive: At dei har grunn til å vera stolte over å vera etterkommarar etter Martin Johan Mathiassen Skou!

Alt kjem så nær!

søndag 10. mai 2015

"Den merkeligste og mest begavede mann"


Det var som eg trudde: Etter kvart som fleire gamle aviser blir digitaliserte, vil me kunne lesa enda meir om Skou. Berre eitt år etter at eg avslutta leitinga, finn eg no likevel større mengder nytt stoff enn eg hadde tenkt meg.
Til no har eg ikkje funne opplysningar som er imotstrid til det eg har skrive i boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" Men eg har fått stadfesta at Skou var kjend over heile landet.

Minneordet det er bildet av her, frå 1919, var eg godt kjend med, men eg ser no at også dette blei tatt inn i mange aviser rundt om i landet. Her skriv Dahl:
"Han døde ubemerket på fylkessykehuset i Stavanger, 
den merkeligste og mest begavede mann som har vanket på fantestien i Norge."

Eigentleg skulle eg ikkje søkja etter meir informasjon om Skou, for eg er i full gong med eit nytt prosjekt. Men personen, venskapet med Garborg, livet og lagnaden til Martin Johan Mathiassen Skou, grip meg stadig, og fører meg inn i undrande ettertanke om så mangt.