Det er ingen tvil om at det var fordommar mot taterane/omstreiferane på Skou si tid. Dei blei behandla som gruppe meir enn enkeltpersonar. Desse fordommane leid folket under og gjorde det også nesten umuleg for enkeltpersonar å leggja om livsstilen om dei så måtte ønskja det. Når eg skulle skildra kampen til Skou, kampen mot seg sjøl, sine eigne og samfunnet rundt seg, var desse fordommane ein del av forklaringa. Ville det då vera naturleg at eg via mykje plass til å diskutera kva som var fordommar og kva som kunne hevdast å vera sanninga om taterane, når livet til Skou blei prega av fordommane slik dei var?
Eg arbeider no med ein liten artikkel som drøftar dette spørsmålet, og vil gjerne ha innspel.
Når eg skreiv boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" var eg svært tydeleg på at dette er fortellinga om personen Skou, ikkje om taterane som gruppe. Håpet var at haldninga mi:, at alle menneske er like mykje verd, ville skina gjennom i teksten, slik at fordommar i dag på den måten ville koma fram og bli avslørte. Eg valde å ikkje drøfta, men fortelja. På første side og på omslaget tok eg med sitatet frå siste brevet fra Garborg til Skou: "Det var gjennom kjennskapen med deg eg kom etter at det i grunn er mykje "mindre skil på folk" enn me trur?"
Kan det fungera?