"Den merkeligste og mest begavede mann som har vanket på fantestien i Norge."
Dette ettermælet fekk Martin Johan Mathiassen Skou i minneordet som stod å lesa i svært så mange aviser rundt om i landet i 1919.
Då eg laga boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?", oppdaga eg at eg har felles aner med Arne Garborg, ja heilt bokstavleg, då eg har same røter som mora Ane. Det syntest eg var stas. Samstundes oppdaga eg at det var nokon som ikkje syntest det var særleg til stas at denne boka kom, enda det var nærare 100 år sidan Skou døydde.
Ein må nok ha opplevd å veksa opp som omstreifar for å skjøna i kor stor grad denne gruppa blei plasserte "utanfor samfunnet" og kor stigmatiserande det var å vera av fante - eller taterslekt, også fleire generasjonar etter at dei var blitt bufaste og levde som folk flest.
Det var slektningar av Skou som både heia på prosjektet mitt og gav svært verdfull hjelp undervegs dei ti åra eg arbeidde med manuset. Og fleire takka for at historia no er samla mellom to permar. Så blei det stille ei stund. Men siste året har det skjedd noko. Fleire slektningar har spora opp boka og tatt kontakt. Og det med stor entusiasme! Det er eg svært glad for. Sjølvsagt er det kjekt at boka er etterspurt. Men det kjekkaste er faktisk at det vitnar om at forhistoria til familien no er noko dei på eit vis er stolte av. I alle fall er dei stolte av å vera i slekt med Skou. Og det har dei grunn til. For karakteristikken som blei gitt i minneordet, er det dekning for. At han var usedvanleg begava, er det ingen vil om.
Han stod fremst på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen og fekk seinare støtte til å gå på lærarkurs. I vaksen alder hadde han fleire statministrar under sin talarstol og heldt foredrag landet rundt, - og i Sverige. Som 44-åring gav han ut boka På fantestien, ei bok som ser ut som ein biografi, men som var eit rop om hjelp til styresmaktene for å betra levekåra for dei som vandra langs vegane. Når han blei omtalt som merkeleg, ikkje berre begava, skuldast det at livet blei så mangfaldig. Brokker av livshistoria hans handlar ikkje berre om møte med biskopar og sentrale politikarar, men om fattigdom, innbrot, fengsel, anklagar, turbulent familieliv; altså opp - og nedturar som var mykje brattare enn det dei fleste kjenner til.
Eg leitte i stats - og byarkiv landet rundt for å "finna Skauen", for det var Gamle Skauen dei kalla han dei som hugsa han heime i Skudeneshavn etter at han budde der dei siste åra av livet sitt. Eg leitte, og eg trudde eg fann han, men eg hadde ikkje før funne han, så glapp det. For det var ingen naturleg rekkefølgje på hendingane. Det var opp - og nedturar, og ned - og oppturar. På rekke og rad. Ein som "kjenner sin Garborg", kan lett komma til å tenkja på Carolus Magnus i Fred og Læraren. Sjølvsagt. Skou er nemleg modellen for Carolus Magnus .Og Garborg kjende modellen, barndomsvenen sin, svært så godt.
Siste året har eg med glede sendt bokpakkar til etterkommarar av Skou. Lageret held til sal ei stund til. Vil du lesa, kan du bestilla hos meg.
Garborg og Skou - forskjell på folk?
Commentum forlag, 2014
kr 200, inkl porto
post@marittotland.no * sms 98060938