Det går an å byggja på arven frå nasjonalsosialismen uten at den er gjenkjenneleg ved første møte. Også i dag. Også I Norge.
Spørsmålet er då om me er i stand til å avsløra dette? Eller har med utelatt ein del av historiefortellinga som gjer at me tilslører alvoret? Eller: Har vår felles erindring blitt slik at krigens brutalitet og alvor er kommen på avstand? Har me latt vera å snakka om kva konsekvens det fekk at me hadde omtrent like mange nazistar i landet under krigen som me hadde motstandsfolk? Og liker me ikkje å vita kva konsekvens det fekk, både for okkupasjonen og for enkelte som ble angitt av de lokale nazistar, at dei fleste hadde ein nazist i bygda, ja, i familien?
"Ein gong må me leggja det heile, bak oss," blir det sagt. Ja. Men ikkje slik at me ikkje kjenner att tendensane når dei dukker opp att, slik Odd-Bjørn Fure argumenterte då han reagerte på Irvings forsøk på å bagatellisera jødane sin lagnad, og nordmannen Hans Fredrik Dahl roste bøkene hans:
Dersom norske historikere hadde gitt jevnlige bidrag til pressen om forskningen om nasjonalsosialismen, hadde Dahls artikler knapt vært tenkelige. De forutsetter et kunnskapsvakuum Odd-Bjørn Fure: Kampen mot glemselen, Universitetsforlaget AS, 1997
Det er lett å vera enig med Fure om at eit kunnskapsvakum legg vegen open for tilslørt ideologi. Men har Fure rett i dag? Sitatet er frå 1997. Er historikarane ved universitetsmiljøene for passive?
Og eg undrast: Er vår motvilje mot å snakka om at vanlege nordmenn gjekk fienden sitt ærend så sterk, at kommande generasjonar ikkje får vita at me, ja, Kari og Ola nordmann, i ein gitt situasjon er i stand til å gå andre vegar enn det dei fleste trur?
Fordi eg har eit skriveprosjekt på gong, er eg interessert i innspel på spørsmåla som er skisserte her. Gjerne på epost: post@marittotland.no