Litt om bøkene mine:

torsdag 6. november 2014

Intervju til bruk for pressa

Forfatterintervju som forlaget laga i samband med lanseringa av boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?"

Han vaks opp som bestekamerat med ein av landets største forfattarar, Arne Garborg. Men i motsetnad til Garborg, som har blitt ein bauta for ettertida, levde Martin Johan Mathiassen Skou eit vekslande liv mellom arrest og talarstol.

I boka «Garborg og Skou – forskjell på folk?»  har Marit Elisebet Totland gått opp stiane til forfattaren sin taterven, som også var Garborg sin modell for hovudpersonen Carolus i klassikaren «Fred».

– Hadde det ikkje vore for deira venskap, kunne kanskje Garborg ha blitt rasist. Men han fall ned på rett side. Totland skriv spennande og veldokumentert om venskapen mellom Garborg og Skou, som førte til gjensidig inspirasjon, seier Garborg-biograf Tor Obrestad, som også var med under boklanseringa under Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival, SILK.''

Totland fortel at det var heilt tilfeldig at ho fatta interesse for temaet. Sjølv om ho kjende godt til Garborg og hans forfattarskap etter mange år som norsklærar, var hovudpersonen i boka, Martin Johan Mathiassen Skou, eit ukjend namn fram til ho plutseleg fekk ei bok på bordet for ti år sidan. Det var lokalhistorikar og kunstnar Dag Einar Alfsen frå Skudeneshavn som introduserte henne for Skou, då han kom med boka «På fantestien», som Skou sjølv skreiv om livet som omstreifar i 1893. Alfsen si oppmoding til Totland var at boka måtte bli til film, og at ho var rette personen til å realisera prosjektet.

Heilt slik gjekk det ikkje. Totland let filmideen ligga, men var likevel ikkje klar for å leggja den spesielle historia om Garborg sin barndomsven frå seg, då ho hadde lese boka. I staden byrja ho å grava, og dei siste ti åra har ho reist i skytteltrafikk mellom Riksarkivet, Nasjonalbiblioteket, Statsarkivet i Oslo, Kristiansand, Trondheim, Bergen og Stavanger, ei rekke byarkiv og ikkje minst barndomskameratane sine heimtrakter på Jæren. For å nemna noko.

Gjennom det grundige kjeldearbeidet, som har resultert i ei 362 sider tjukk bok med nesten 500 fotnotar, fann ho ut at Skou si eiga bok slettes ikkje var ein biografi, slik den gjengse oppfatninga har vore i over hundre år. Tvert om var boka eit kampskrift frå ein mann som ønskte å betra taterane sine kår.

– Han ville vekka styresmaktene si interesse, og skaffa støtte for saka si. For å nå det målet, brukte han store ord for å skildra korleis dei levde, og brukte så groteske døme som han fann naudsynt for å nå målet sitt, seier Totland.

Gjennom historia har taterane systematisk blitt diskriminerte i periodar, og så seint som på 1900-talet blei taterkvinner tvangssteriliserte i Norge, medan borna som alt var fødde blei sende til eigne barneheimar. Dei siste åra har tilreisande tiggarar frå Aust-Europa blitt meir synlege i samfunnet, og spørsmål om tigging og minoritetar har igjen kome på dagsorden.

Dette viser korleis temaet i boka stadig er aktuelt, nesten hundre år etter at dei to barndomskameratane døde.

– Målet er at likeverd og menneskeverd kan bli eit tema i kantiner og rundt middagsbord. Eg håpar også at boka vil bidra til å gje folk eit meir heilskapleg bilete av korleis omstreifarane levde, seier Totland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar