Litt om bøkene mine:

Viser innlegg med etiketten obrestad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten obrestad. Vis alle innlegg

fredag 24. april 2015

Obrestad skriv om Line: Kulturberar og posør

Eg ventar med stor spenning på ny bok frå Tor Obrestad:


Jon Line, Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou var samtidige. Line har mange gonger vist til at han kjende Garborg. Garborg på si side seier lite om dette, med unnatak av at han nemner at han har møtt han nokre gonger. Mathiassen Skou derimot, han skriv Garborg om i Knudaheibrev, Kolbotnbrev, dagbøker, - og ikkje minst: Han bruker han som modell for Carolus Magnus i bøkene sine. Dessutan skreiv Garborg forordet til boka til Skou, og skreiv eit fyldig minneord om han.

Tor Obrestad nemnde dette trekløveret då me var i lag ved lanseringa av boka mi Garborg og Skou - forsjell på folk? i under SILK, Skudeneshavn Internasjonale Kulturkonferanse i oktober 2014. Garborg og Skou syntest å koma tett på kvarandre i periodar av livet. Og dei fann kvalitetar hos kvarandre som dei sette høgt. Slik meinte Obrestad derimot at det ikkje var mellom Line og Garborg. No ser eg fram til å lesa kva han skriv om Jon Line i denne nye boka.

Boka til Obrestad kjem på Commentum forlag.
Forlaget skriv dette om boka:


Jon Line sitt idol
─ Garborg var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare  perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem gonger, og aldri refererer til anna enn møte,  aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier Tor Obrestad vidare.
Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på "pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde dedikasjonen i Gonge-vegar.
Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime relasjonar.
Posøren
─Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og  levde opp til rolla. Han ville vera fin på det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt, jordnært og ubunde som gjer at  han fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko  av det Dahl nesten blei. Men Line blei for sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i  sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje, ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein. Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad.


torsdag 6. november 2014

Intervju til bruk for pressa

Forfatterintervju som forlaget laga i samband med lanseringa av boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?"

Han vaks opp som bestekamerat med ein av landets største forfattarar, Arne Garborg. Men i motsetnad til Garborg, som har blitt ein bauta for ettertida, levde Martin Johan Mathiassen Skou eit vekslande liv mellom arrest og talarstol.

I boka «Garborg og Skou – forskjell på folk?»  har Marit Elisebet Totland gått opp stiane til forfattaren sin taterven, som også var Garborg sin modell for hovudpersonen Carolus i klassikaren «Fred».

– Hadde det ikkje vore for deira venskap, kunne kanskje Garborg ha blitt rasist. Men han fall ned på rett side. Totland skriv spennande og veldokumentert om venskapen mellom Garborg og Skou, som førte til gjensidig inspirasjon, seier Garborg-biograf Tor Obrestad, som også var med under boklanseringa under Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival, SILK.''

Totland fortel at det var heilt tilfeldig at ho fatta interesse for temaet. Sjølv om ho kjende godt til Garborg og hans forfattarskap etter mange år som norsklærar, var hovudpersonen i boka, Martin Johan Mathiassen Skou, eit ukjend namn fram til ho plutseleg fekk ei bok på bordet for ti år sidan. Det var lokalhistorikar og kunstnar Dag Einar Alfsen frå Skudeneshavn som introduserte henne for Skou, då han kom med boka «På fantestien», som Skou sjølv skreiv om livet som omstreifar i 1893. Alfsen si oppmoding til Totland var at boka måtte bli til film, og at ho var rette personen til å realisera prosjektet.

Heilt slik gjekk det ikkje. Totland let filmideen ligga, men var likevel ikkje klar for å leggja den spesielle historia om Garborg sin barndomsven frå seg, då ho hadde lese boka. I staden byrja ho å grava, og dei siste ti åra har ho reist i skytteltrafikk mellom Riksarkivet, Nasjonalbiblioteket, Statsarkivet i Oslo, Kristiansand, Trondheim, Bergen og Stavanger, ei rekke byarkiv og ikkje minst barndomskameratane sine heimtrakter på Jæren. For å nemna noko.

Gjennom det grundige kjeldearbeidet, som har resultert i ei 362 sider tjukk bok med nesten 500 fotnotar, fann ho ut at Skou si eiga bok slettes ikkje var ein biografi, slik den gjengse oppfatninga har vore i over hundre år. Tvert om var boka eit kampskrift frå ein mann som ønskte å betra taterane sine kår.

– Han ville vekka styresmaktene si interesse, og skaffa støtte for saka si. For å nå det målet, brukte han store ord for å skildra korleis dei levde, og brukte så groteske døme som han fann naudsynt for å nå målet sitt, seier Totland.

Gjennom historia har taterane systematisk blitt diskriminerte i periodar, og så seint som på 1900-talet blei taterkvinner tvangssteriliserte i Norge, medan borna som alt var fødde blei sende til eigne barneheimar. Dei siste åra har tilreisande tiggarar frå Aust-Europa blitt meir synlege i samfunnet, og spørsmål om tigging og minoritetar har igjen kome på dagsorden.

Dette viser korleis temaet i boka stadig er aktuelt, nesten hundre år etter at dei to barndomskameratane døde.

– Målet er at likeverd og menneskeverd kan bli eit tema i kantiner og rundt middagsbord. Eg håpar også at boka vil bidra til å gje folk eit meir heilskapleg bilete av korleis omstreifarane levde, seier Totland.

fredag 24. oktober 2014

Garborg og Skou - venskap til inspirasjon

Tor Obrestad las boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" før ho gjekk i trykken. Eg var svært spent på kva domen blei. Obrestad har "greie på" Garborg. Han har skrive Garborgbiografi. Glad og letta blei eg då han skreiv dette bak på boka mi:
Marit Elisebet Totland har skrive ei spennande og veldokumentert bok om livet hans. 
Ho fortel om venskapen mellom Arne Garborg og Skou, noko som førte til gjensidig inspirasjon."



Boka er lagt ut for sal på ulike nettbokhandlarsider. Om du har bestilt boka frå ei av desse, skal du vita at ho er i kjømda. Dessverre er ho eit par veker forsinka frå trykkeriet, men eg skal ha henne i handa til lanseringa i Skudeneshavn, torsdag 30.oktober.
Så berre bia litt, så har du boka du har bestilt!
Håper du får glede og utbyte av lesinga!

Boka vil også bli å finna i bokhandelen, den gode gamle butikken der du kan halda boka i handa og bla i henne før du tar henne med heim. Er ho ikkje i din bokhandel - spør etter henne.