Litt om bøkene mine:

fredag 28. november 2014

Fordi det finnest bibliotek!



"Garborg og Skou -forskjell på folk?" har nesten 500 fotnoter og ei litteraturliste med over 100 titlar. Og det er berre å seia det slik det er: Utan bibliotek hadde ikkje denne boka blitt til.

Frå pc-en på stovebordet i Kvinnherad har eg vandra i tid og rom for å finna eit heilt bilete av Skou og venskapen hans med Garborg. Og heim til dette stovebordet har bøker, hovudfagsoppgåver og kompendier vandra frå bibliotek i inn- og utland, frå universitetsbibliotek og små bygdebibliotek. Ja, for slik fungerer bibliotektenesta vår! Veit du kva du søkjer, er det meste innan rekkevidde.

I tillegg ligg det store skattar på Nasjonalbiblioteket, særleg i handskriftsamlinga. Desse skattane har eg også fått tilgang til.

Aviser ligg på mikrofilm og kan sendast til ditt lokale bibliotek, og etter kvart blir  store mengder kjelder  digitaliserte.Mykje av dette kan søkjast heimefrå via nb.no. Trykkjer ein på at ein vil søkja "alt", ikkje berre "digitalt tilgjengeleg", får ein opp titlar som viser kor det interessante innhaldet er. Og i det lokale biblioteket kan også desse kjeldene opnast og lesast.

Mine eigne bokhyller er sjølsagt også blitt fyllte opp. Mykje gamalt og godt har eg spora opp via nordiske antikvariat på nett. Men utan biblioteka hadde neppe Garborg og Skou funne vegen inn mellom to permar i lag.

Ære til biblioteka!

Her kan du vera med meg ein tur til Nasjonalbiblioteket - eit skattkammer

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar