Litt om bøkene mine:

mandag 12. september 2022

Kva er sanning og kva er dikting i ein historisk roman?

Snart skal eg ut å presentera den historiske romanen TAP. Og i møte med lesarane kjem spørsmålet ganske snart: Kva er sanning og kva er oppdikta?

Ja, eg veit svaret på dette. Men skal eg gå i detalj og sortera for den som les?

Ein historisk roman er basert på historiske hendingar frå tidlegare tider. Enkelte hendingar og personar er henta frå det verkeleg livet. Andre er oppdikta. Og fordi romanen går utover dei faktiske hendingane, kan forteljinga fortsetja der historieboka sluttar.

Noko av det fine med slike romanar, slik eg ser det, er at me får eit tidsbilde, og eit høve til å flytta oss tilbake i tid og stad, og få eit innblikk i korleis livet var før vår tid.

Når romanen er plassert i eit kjend miljø, kan den i tillegg fortelja lokalhistorie, historie som kanskje elles ikkje ville vera kjend meir enn i stikkords form. I «TAP» gjeld dette særleg forliset til barken «Anna Howitz». Mange har høyrt namnet, og veit at dei har gamal bomull liggjande ein stad eller isolasjon i veggen, som kom frå dette forliset.

Særleg den eine mannen i forteljinga ligg svært nær den ekte modellen henta frå det verkeleg livet i «Tap». Men eg tenkjer i svært liten grad eg vil gjera greie for kva som er kva. Er det dårleg gjort overfor mannen? For å svara på spørsmålet er det greitt å vita at han døydde for 100 år sidan. Næraste pårørande døydde for 150 år sidan. Han var eineborn, var ikkje gift og hadde ikkje born.


I det siste har eg lese historiske romanar for å sjå korleis andre taklar dette, kva som står i etterord og på omslag om kva som er dikting og ikkje. Boka "Livlegens besøk" var ei mektig bok, mykje bygd på fakta og etterlatte dokument, men det er heilt tydeleg at mykje også har oppstått i tanken til forfattaren Per Olav Enquist. Boka er forresten verd timane det tar å lesa historia frå slottet i Danmark på slutten av 1700-talet.

TAP kan bestillast allereie no, ved sms til 98060938,  sjølv om det er nokre veker til den er klar til sal. Prisen er 200,- inkl porto.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar