Konfirmantane til Anders Hovden lurte på kvifor presten deira så ofte hadde ein sommarfugl av sølv i skjorta der andre hadde slips eller sløyfer. Då svarte Hovden at han ikkje kjente seg skikkeleg påkledd før fivrelden og tollekniven var på
plass. Han kalla sommarfuglen firvreld. Og fivrelden skulle minna han om at han måtte vera varsam på ferda og mot
andre menneske. Tollekniven skulle minna
om at han måtte vera klar til kamp – i overført tyding.
Likast
å vera til trøyst for folk
Men også for Hovden gjekk tanken til det evige håpet når han såg sommarfuglen:
I biografien om Hovden kan me lesa: Det likaste med å vera prest, var at ein kunne
vera til trøyst for folk når dei hadde det tungt, sa Hovden, «ved sjukesengi
kan presten vera til trøyst, det er det likaste eg veit, ved prestegjerningi.
Å, den som kunne makta trøysta», utbryt han ofte når han fortel om soknebod og
gravferder. Den 23. september 1926 skriv han i dagboka: «I morgon skal eg i
likferd, ei mor hev dødt frå 10 born, berre 2-3 er konfirmerte; den minste
berre 2 år. Sårt, det verste eg ser!» Og dagen etter: «Ja, arme små som stod
flokka um mors kiste. Ho var berre 44 år.» Det var etter ei slik gravferd på Toten han skreiv ein av dei finaste
gravferdssalmane sine:
Han har sjølv fortalt korleis salmen vart til:
«Eg gløymer det aldri. Der stod dei, stakkarane.
Ein stor barneflokk omkring kista til mor. Den minste so liten at han ingenting
forstod. – Strålande dag. Sola skin. Fuglane kvitrar i alle bjørkegreinene. Då kjem
eit stort kvitt vakkert fivreld flygande og set seg mellom blomane oppå kista –
og med same kista søkk ned i skuggane, der lyfter det seg og flaksar i veg på
sine kvite venger opp or skuggane, opp or myrkret. Og snart blir det borte i
glansen av sola.»
Eg ved den djupe gravi stend,
med våren lyser over grend
og sjø og skogar glitrar.
Ein barneflokk hev mist si mor
og stend og græt so sårt i kor,
men alle fuglar kvitrar.
med våren lyser over grend
og sjø og skogar glitrar.
Ein barneflokk hev mist si mor
og stend og græt so sårt i kor,
men alle fuglar kvitrar.
Eit fagert fivreld, kvitt å sjå,
i solglans flaksar til og frå
og over gravi driver.
Nyst berre det ei åma var,
no hev det fenge vengepar,
og millom blom det sviver.
i solglans flaksar til og frå
og over gravi driver.
Nyst berre det ei åma var,
no hev det fenge vengepar,
og millom blom det sviver.
Skal upp or grav, or gråt og gru
vår sjel mot evigt liv seg snu
frå alt som tungt oss trengjer?
Skal eg få sviva fri og glad
imillom himlens stjernerad,
skal sjeli mi få venger?
vår sjel mot evigt liv seg snu
frå alt som tungt oss trengjer?
Skal eg få sviva fri og glad
imillom himlens stjernerad,
skal sjeli mi få venger?
Å, finst det nokon stad eit land
dit dauden ikkje koma kann
og ikkje gråt og tåra?
Der all vår liding fær sitt stogg,
og tåror eimar burt som dogg
i smil mot morgonklåra?
dit dauden ikkje koma kann
og ikkje gråt og tåra?
Der all vår liding fær sitt stogg,
og tåror eimar burt som dogg
i smil mot morgonklåra?
Ja, Jesus, når eg nemner deg,
din himmel herleg opnar seg,
eg livsens land ser stiga.
I nådens klædnad, rein og kvit,
til evig sumar sviv eg dit
der aldri sol skal siga!
din himmel herleg opnar seg,
eg livsens land ser stiga.
I nådens klædnad, rein og kvit,
til evig sumar sviv eg dit
der aldri sol skal siga!
Denne salmen skreiv han i 1924. Det er nummer 573
i Nynorsk Salmebok
Kjelde: Biografien Anders Hovden, diktarprest og folketalar (Jens Kåre Engeset, Samlaget 2002). '
Om du vil ha nokre eksemplar av gåveboka Håp liggjande til bruk i ulike samanhengar for å minna om håpet og for å gjera symbolet kjent, kan du tinga bøker hos meg for kr 50 + porto. sms/vipps 98060938, post@marittotland.no
Om du vil ha nokre eksemplar av gåveboka Håp liggjande til bruk i ulike samanhengar for å minna om håpet og for å gjera symbolet kjent, kan du tinga bøker hos meg for kr 50 + porto. sms/vipps 98060938, post@marittotland.no