Historisk roman "Tap"; Eg tar imot bestillingar på den og dei andre bøkene mine på sms 98060938. Pris Tap: 150,-. (porto 50,-)
søndag 11. september 2016
11.september, ikkje i 2001, men i 1884.
Det skjedde 11.september. Ja, det gjorde faktisk det. Eg måtte sjå nærare etter. Hadde eg lese feil? Største orkanen i manns minne på Island 11.september 1884. Jo, det stemte.
Og dette hadde eg planar om å skriva bok om, ein historisk roman som skulle skildra døgnet med den sjeldne orkanen som øydela så mykje og som tok liv i løpet av få timar.
Først tenkte eg at måtte endra datoen. Det kunne jo sjå spekulativt ut, då det å bruka datoen i seg sjølv gir assosiasjonar til dramatiske hendingar.
Men det ville vera historieforfalsking å ikkje ta det med. Og for den som vil leita i islandske og norske aviser frå 1884, er det fint å ha rett dato. Avisene kan nemleg lesast på islandske timarit.is og det norske nasjonalbiblioteket, nb.no, sine databasar. Eit flott tilbod og eit fantastisk kjeldetilfang for oss som grev oss tilbake i tida.
Orkanen 11.september er den historiske hendinga romanen "Alt vel" er bygd opp om. Eg gler meg til å presentera boka i november.
torsdag 8. september 2016
Ei stor, lita og annleis bok om Bergen
Ein - to - tre, og eg har hatt ei historisk reise med Fløibanen i Bergen. Og ikkje berre Fløibanen. Eg har lært meir om byen, jernbanen, næringslivet, byutviklinga og nokre store menn som har sett spor etter seg til glede for andre enn på lenge.
Og eg har lært meir om tradisjon og kulturhistorie. Og ikkje minst, sjølvsagt, som tittelbladet seier: Eg har lært mykje om Fløibanen.
Boka er berre 12 cm høg, men bokstavane står i lange rekker, fordelt på små blad, slik at alle orkar lesa. Og orkar ein ikkje lesa, kan ein sjå på alle dei flotte fotografia og illustrasjonane.
Boka har undertittelen: ".. og om erobringen av byfjellene som turområde". Vedlagt ligg det/heng det også eit kart over byfjella, så ingen skal kunne orska seg for ikkje å ta ein tur i mangel på kart.
Mange sitat gir oss eit innblikk som både informerer og forbløffer. Kven skulle tru at Turistforeningen, anno 1890, står bak denne oppmodinga:
Men gjør rett i at putte lidt skiver og en halv øl i lommen, hvis man da ikke foretrækker at fylde på med litt saft paa en flaske selters. Glem endelig ikke tobak, helst en snadde. Thi du ved ikke, hva tobak er for en himmelsk nydelse, før du er i fjellet og ligger i mosen bag en lun sten. Og vær ikke ængstelig for at tage en liden lur der oppe."
Det er Lasse Berntzen som deler ut av sin kjærleik til Bergen, kunsten og historia i den vesle boka som kjem ut på Pale forlag og har tittelen:
En historisk reise med Fløibanen i Bergen og om erobringen av byfjellene som turområde.
Eg tilrår boka på det varmaste -
til eiga glede eller som gåve til ein som har alt.
"Alt vel"
Det gjaldt å formulera seg kort og konsist når ein sende telegram og betalte for kvar bokstav. Men kor lenge var det sanninga, at alt var vel, når det tok si tid før meldinga nådde fram?
I den historiske romanen "Alt vel" går enka som har rusta ut skip til Islandsfisket, og ventar. Og på Island hender det meir enn ho veit om.
Eg gler meg til å leggja fram den nye boka som eg har hatt mange gode skrivestunder med å laga.
Boka kjem på Kapabel forlag i november.

lørdag 27. februar 2016
Digitalisering av gamle aviser vil skape ny historiefortelling
Det begynte med en setning om at Skou holdt foredrag landet rundt. Jeg tenkte at det måtte være en overdrivelse. Men så begynte gamle aviser å tikke inn i databasen til Nasjonalbiblioteket, med den ene annonsen etter den andre. Spalter opp og ned med omtale av møtene og referat fra foredraga dukket opp. Sannelig var han landet rundt. Kanskje til og med i Sverige.
Her er en oversikt over foredraga av Martin Johan Mathiassen Skou i følgje aviser
gjort tilgjengelige digitalt per 27.2.2016. Og enda er bare en liten del av avisene tilgjengelige.
Lista imponerer oss kanskje ikke, vi som tar fly på kryss og tvers av landet. Men med tanke på at Skou ikke hadde mye penger og tilbakela lange strekninger til fots eller med egen båt, er dette mer enn imponerende. Og når han benyttet rutebåt, tok det sin tid å komme fra havn til havn på 1890-tallet.

Alle disse møtene er ikke omtalt i boka da jeg ikke visste
om dem. Mange steder gikk møtene over to eller flere kvelder
Dato/omtale
|
sted
|
|
1892
4.1 Aftenposten,
og i Stavanger Amtstidende, Nordenfjeldske tidende
|
Stavanger Totalavholdsforening
|
|
23.1
Vestlandsposten
|
Skriver at han har
vært på Jæren, Haugesund, Stavanger, Bergen
|
|
23.2 Vestlandsposten
|
Mandal
|
|
16.4
Vestlandsposten
|
Gjør kjent møte i Sandnes, Elim 2.påskedag
|
|
22. og 23. 4
Vestlandsposten
|
Gjør kjent
Massemøte i Stavanger
|
|
7.8.9.og 13.5
Aftenposten og Morgenbladet skriver om møtene
|
Studentersamfunnet 8.5
Christiania Arbeidersamfund. 14.5
Ynglingeforeningen 15.5
Møllergt. Indremisjonens
sentrallokale, 20.5
|
|
November
|
Skien bedehus
|
|
1893
|
||
9.3
|
Haugesund, nordre
skole
|
|
25.3
|
Sandeid
|
|
8. og 9.6
|
Fredrikstad, Betel
og Betania
|
|
10.6
|
Moss
|
|
10.og 11.8
|
Bergen, Misjonshuset
|
|
26.8
|
Ålesund
|
|
5.9
|
Kristiansund
|
|
10. ,13.,og 14.9
|
Trondheim
|
|
14.9 ca
|
Beitstaden,
|
|
23.9
|
Godtemplarlokalet,
Steinkjer
|
|
24.9
|
--«--
|
|
1894
|
||
25.1 og 28.1
|
Kristiansand
|
|
5.2
|
Arendal
|
|
13.4
|
Oslo, Misjonshuset,
Akersgata
|
|
15.4
|
Oslo, Christiania sentrallokale
|
|
? april
|
Hamar
|
|
7. og 8.5
|
Lillehammer
bedehus
|
|
7.12
|
Fredrikstad
|
|
Des: Sier han skal
videre til Sverige
|
||
1895
|
||
1896
|
||
15.4og 16.4
|
Tønsberg
|
|
12.8
|
Oslo, Møllergata,
Indremisjon
|
|
14.8
|
Calmeyergate
|
|
18.8
|
Løveapotekets sal (Lærerlandsmøte i byen)
|
|
Aug: Sier han skal
til Østerdalen
|
||
1897
|
||
22.1
Socialdemokraten skrev:
|
Arbeidersamfunnet
hadde årsmøte, MJMS talte, Fredrikshald
|
|
4.4 Tromsø
amtstidende skrev:
|
Fiskeværa i
Lofoten
|
|
påske
|
Bodø, flere
foredrag i forsamlingshuset
|
|
18.6
|
Fredrikshald,
Arbeidersamfundets store sal
|
|
26. og 27.6
|
Ålesund
|
|
1898
|
||
17.og18.3
|
Fredrikstad, Betania
og Betel
|
|
31.7
|
Haugesund
|
|
1899
|
||
1900
|
||
juli
|
16.7 Romsdals
amtstidende: Skou reiser nå i vårt amt
|
|
1906
|
||
27.4
|
Stavanger «Et kulturhistorisk
foredrag»
|
|
onsdag 30. desember 2015
Kva samtida sa om boka "På fantestien"
"På fantestien", boka til Martin Johan Mathiassen Skou, fekk stor merksemd då ho kom ut i 1893. Mindre er det å finna frå året då andreutgåva kom ut. Men det var i 1917, og krigen gav konkurranse om spalteplassen og avispapiretar dyrt. Men etter kvart som fleire gamle aviser blir digitaliserte, dukkar også bokmeldingar frå denne tida opp.
Her ser me kva bladet "17.de mai" skreiv 19.6.1917.
Dei som vil lesa teksten utan lupe, kan slå opp på nb.no og setja "mathiassen skou" i søkefeltet. Så dukkar avissida i full skjerm opp blant fleire val.
Etiketter:
arkiv,
avis,
bok,
bokmelding,
lansering
tirsdag 24. november 2015
Jon Fosse skriv og fossen dryp
Eg har lese bøker før der forfattarar har skrive lange tekstar
samanhengande utan å setja punktum og eg har irritert meg fordi
resutaltet berre var at eg heiv etter pusten og blei irritert over at
lesinga ikkje kunne fylgja den vanlege rytmen berre fordi ein skrivar
ville vera original ved å endra på det utvendige i språket truleg fordi
han ikkje makta skapa noko originalt ved hjelp av vanlege komma og
punktum.
Men Jon Fossa makta det.
Han skriv. Og når eg les, er eg sikker på at blodtrykket går ned. Det som skjer rundt meg får no berre gå sin gang. Eg høyrer det dryp og dropane treff meg. Men når eg er komen til siste sida, er eg gjennomvåt fordi dropane var ein foss.
Eg har sjølvsagt høyrt mykje om Jon Fosse. Og når eg bur i Hordaland, har eg lenge tenkt at eg burde ha lese noko av han. Men det finnest mange bører, og å ha dårleg samvet for ikkje å ha lese noko, bør ikkje gjera dei tyngre å bera.
Men så kom eg over trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, og sette meg til å lesa. Og blei så overraska, ja, ganske fortumla. For dette er det jo råd å lesa (trass i at forfattaren har fått Nordisk råds litteraturpris, noko som i seg sjølv får ein til å tru at boka er heller utilgjengeleg for folk flest). Forteljingar sviv i tid og generasjonar, men heilskapen er der likevel.
Eg legg frå meg boka, men Alida og Asle heng i meg. Kva synest no dei om dei uventa vendingane i forteljinga? undrast eg. Før eg må minna meg sjølv på at dei er fiktive personar.
Eg må lesa meir av Fosse.
Og tilrår:
Trilogien:
Andvake, OLavs Draumar. Kveldsvævd
239 sider
Samlaget 2014
Når tankane mine er nedskrivne, ser eg at eg har brukt ordet foss i overskrifta saman med namnet Fosse. Det var ikkje planlagt. Det berre blei sånn.
Har du lese same boka, må du gjerne dela lesaropplevinga i kommentarfeltet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)