Jon Line, Arne Garborg og Martin Johan Mathiassen Skou var samtidige. Line har mange gonger vist til at han kjende Garborg. Garborg på si side seier lite om dette, med unnatak av at han nemner at han har møtt han nokre gonger. Mathiassen Skou derimot, han skriv Garborg om i Knudaheibrev, Kolbotnbrev, dagbøker, - og ikkje minst: Han bruker han som modell for Carolus Magnus i bøkene sine. Dessutan skreiv Garborg forordet til boka til Skou, og skreiv eit fyldig minneord om han.
Tor Obrestad nemnde dette trekløveret då me var i lag ved lanseringa av boka mi Garborg og Skou - forsjell på folk? i under SILK, Skudeneshavn Internasjonale Kulturkonferanse i oktober 2014. Garborg og Skou syntest å koma tett på kvarandre i periodar av livet. Og dei fann kvalitetar hos kvarandre som dei sette høgt. Slik meinte Obrestad derimot at det ikkje var mellom Line og Garborg. No ser eg fram til å lesa kva han skriv om Jon Line i denne nye boka.
Boka til Obrestad kjem på Commentum forlag.
Forlaget skriv dette om boka:
Jon Line sitt idol
─ Garborg
var hans store idol, og dei fekk kontakt på Jæren i 1892. Sidan trefte dei
kvarandre sporadisk om somrane. Line levde på desse møta. Han hadde minna om
Garborg, noko han utnytta til siste trevl i minnenedteikningane sine. Garborg
sjølv var nok skeptisk til det der med Jon Line, han nemner han bare perifert i dagbøkene. Sigbjørn Reime, som eg
samtalar med om dette og som eg lærer mykje av, meiner at møta er nemnt fem
gonger, og aldri refererer til anna enn møte,
aldri samtalar eller dei meir intime sakene som Line fortel om, seier
Tor Obrestad vidare.
Kvifor heldt Garborg på avstanden? Fordi han opplevde Jon som
innpåsliten? Garborg var aristokrat, og såg eigentleg ned på
"pøbelen", åndeleg meint. Han vrei seg nok i grava når han høyrde
dedikasjonen i Gonge-vegar.
Jon Line idylliserte samstundes som han såg. Garborg fekk eit behov for
å verna seg, til dømes for Jon Line sitt skarpe auga, og kan henda jordnære
eller kritiske blikk. Jon Line hadde jærbuens sans for realisme, han var
nøktern og han ville at rett skulle vera rett. Det forstod nok Garborg, og tok
sine forholdsreglar. Det er noko dobbelt her, som i alle Garborgs intime
relasjonar.
Posøren
─Jo, Jon Line var nok på mange måtar ein posør og levde opp til rolla. Han ville vera fin på
det, brukte findress og langpipe og spelte fele, og han såg nok på seg sjølve
som ein bohem, noko han ikkje var. Men det er noko meir med han, noko friskt,
jordnært og ubunde som gjer at han
fortener eit rom i den jærske kultursoga. Han bar den liberale og frilynte
tradisjonen frå Mauland og Garborg vidare. Jon Line hadde nokre av dei
kvalitetane som kunne ha gjort han til ein ekte narr, noko av det Dahl nesten blei. Men Line blei for
sjølvopptatt, for sær, til verkeleg å kle denne rolla. Han mangla det elementet
av sjølvironi og gleibskap som Tobias Skretting i sine beste stunder kunne ha. Line lo ikkje,
ikkje ein gong flirte av seg sjølv. Han gjekk inn i seg sjølv og blei stein.
Men for ein narr han kunne ha blitt, avsluttar Tor Obrestad.