I dette intervjuet får me informasjon om stormen som eg har nytta i siste boka mi, den historiske romanen "Alt vel", der me både er til stades i stormen og følgjer dei som går heime i Skudenes og ventar og høyrer rykte om det som har hendt.
Men kan me tru på det som er fortalt når det skjedde for 130 år sidan?
Og kan me tru på det Bjørn Olafson fortel om den natta då bestefaren blei fødd, altså då oldedmora fekk ein son ei dramatisk stormnatt?
Me kan spørja oss sjølv, kva veit me om det som skjedde i livet til våre oldeforeldre?
Men eg stolar på Bjørn Olafson. Fordi han seier at bestefaren fortalte om dette, både om Galdra-Villy som skremte nordmennene med trolldomskunt og dei norske skipa som blei kasta på land. Og denne bestefaren blei nærare 100 år. Han hadde altså høyrt om denne hendinga nesten heilt fram til intervjuet blei gjort i 1984. Dermed er fortellinga påliteteleg og levande over tre generasjonar.
Så då blir utfordringa til oss: Kor mykje fortel me vidare til etterkomarane våre?
Og tenkjer me over at dersom me ikkje fortel, så kan deler av historia forsvinna ut av historiebøkene? Det er eit talande eksempel på Gran på Hadeland. Der er det to kyrkjer ved sida av kvarandre, systerkyrkjene, og ingen veit sikkert kvifor det er to av dei. Ein gong i fortellinga si fortelinga, stoppa kunnskapen.
Sjølvsagt vil arkiva og vår digitale kvardag syta for at det meste blir tatt vare på i framtida. Men kvardagane, opplevingane, følelsar og stemningar? Dei er det ikkje lett å putta inn i eit arkiv. Derfor er fortellinga så viktig, med formidling frå generasjon til generasjon.
Slik ser eg for meg at det var på Hrisey, før stormen:
Boka Alt vel kan kjøpast på bokhandelen på Nord-Rogaland og i Sunnhordland
og kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar