Historisk roman "Tap"; Eg tar imot bestillingar på den og dei andre bøkene mine på sms 98060938. Pris Tap: 150,-. (porto 50,-)
onsdag 31. august 2022
Boka "Tap" blir til.
tirsdag 28. september 2021
Boka om Skou, kr 150,-
"Den merkeligste og mest begavede mann som har vanket på fantestien i Norge."
Dette ettermælet fekk Martin Johan Mathiassen Skou i minneordet som stod å lesa i svært så mange aviser rundt om i landet i 1919.
Då eg laga boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?", oppdaga eg at eg har felles aner med Arne Garborg, ja heilt bokstavleg, då eg har same røter som mora Ane. Det syntest eg var stas. Samstundes oppdaga eg at det var nokon som ikkje syntest det var særleg til stas at denne boka kom, enda det var nærare 100 år sidan Skou døydde.
Ein må nok ha opplevd å veksa opp som omstreifar for å skjøna i kor stor grad denne gruppa blei plasserte "utanfor samfunnet" og kor stigmatiserande det var å vera av fante - eller taterslekt, også fleire generasjonar etter at dei var blitt bufaste og levde som folk flest.
Det var slektningar av Skou som både heia på prosjektet mitt og gav svært verdfull hjelp undervegs dei ti åra eg arbeidde med manuset. Og fleire takka for at historia no er samla mellom to permar. Så blei det stille ei stund. Men siste året har det skjedd noko. Fleire slektningar har spora opp boka og tatt kontakt. Og det med stor entusiasme! Det er eg svært glad for. Sjølvsagt er det kjekt at boka er etterspurt. Men det kjekkaste er faktisk at det vitnar om at forhistoria til familien no er noko dei på eit vis er stolte av. I alle fall er dei stolte av å vera i slekt med Skou. Og det har dei grunn til. For karakteristikken som blei gitt i minneordet, er det dekning for. At han var usedvanleg begava, er det ingen vil om.
Han stod fremst på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen og fekk seinare støtte til å gå på lærarkurs. I vaksen alder hadde han fleire statministrar under sin talarstol og heldt foredrag landet rundt, - og i Sverige. Som 44-åring gav han ut boka På fantestien, ei bok som ser ut som ein biografi, men som var eit rop om hjelp til styresmaktene for å betra levekåra for dei som vandra langs vegane. Når han blei omtalt som merkeleg, ikkje berre begava, skuldast det at livet blei så mangfaldig. Brokker av livshistoria hans handlar ikkje berre om møte med biskopar og sentrale politikarar, men om fattigdom, innbrot, fengsel, anklagar, turbulent familieliv; altså opp - og nedturar som var mykje brattare enn det dei fleste kjenner til.
Eg leitte i stats - og byarkiv landet rundt for å "finna Skauen", for det var Gamle Skauen dei kalla han dei som hugsa han heime i Skudeneshavn etter at han budde der dei siste åra av livet sitt. Eg leitte, og eg trudde eg fann han, men eg hadde ikkje før funne han, så glapp det. For det var ingen naturleg rekkefølgje på hendingane. Det var opp - og nedturar, og ned - og oppturar. På rekke og rad. Ein som "kjenner sin Garborg", kan lett komma til å tenkja på Carolus Magnus i Fred og Læraren. Sjølvsagt. Skou er nemleg modellen for Carolus Magnus .Og Garborg kjende modellen, barndomsvenen sin, svært så godt.
Siste året har eg med glede sendt bokpakkar til etterkommarar av Skou. Lageret held til sal ei stund til. Vil du lesa, kan du bestilla hos meg.
Garborg og Skou - forskjell på folk?
Commentum forlag, 2014
kr 150, inkl porto
post@marittotland.no * sms 98060938
lørdag 20. mars 2021
Var Mathiassen Skou medlem av Det franske akademi?
I ti år søkte eg i kjelder av alle slag på leit etter spora etter Martin Johan Mathiassen Skou, mannen som skilde seg ut frå mengden i alt han gjorde. Heime i Skudeneshavn, der han budde siste del av livet sitt, blei det fortalt at han også var medlem av Det franske akademi. Før eg gav ut boka Garborg og Skou - forskjell på folk? i 2014, lukkast det ikkje å finna ut om det var noko i dette. Men no blir svært mange aviser frå Skou si tid digitaliserte, og det er tid for ny leiting. Og eg fann noko om Det franske akademi og Mathiassen Skou i eit par kjelder.
Men kunne Skou vera medlem i ei tutanlandsk akademi? Me veit at han var omtalt i Nordisk tidende, avisa for utvandrarar i Amerika. Det stod også om han i svenske aviser. Då han i eit foredrag i Tønsberg i 1896 fortalte at stortingspresident Sivert Nielsen var av omstreifarfamilie, blei det sitert i mint 12 svenske aviser. Og då han kom i klammeri med kona, fann to svenske aviser det verd å setja på trykk i 1894. Seinare kom boka hans På fantestien ut på engelsk, On the gipsy path, men det var 20 år etter at han døyde. Det var altså ingen grunn til å tru at Skou hadde noko internasjonalt rennomet som skulle gi han plass i eit fransk akademi.
Men kor har dei det frå, dei som seier at han var medlem? Eg har det frå fleire munnlege kjelder, mellom anna frå far. Og det har altså stått på trykk også. Så det kan jo ikkje ha komme ut av det blå.
Det franske akademi, Academie francaise, oppretta i 1638, var ein prestisjetung komite med ein handfull medlem frå samfunnseliten som skulle verna om det franske språket. Dei delte ut den høgthengande litterære prisen Prix Langlois. Skou las nok om denne i avisene, i alle fall i 1908 då Johan Bojer, fekk prisen for boka Troens makt. Denne boka var oversett til fransk og Bojer hadde då budd i Paris i mange år.
Kan Skou ha snakka om dette? Og kanskje ymta fram på at det ville vera ein fin pris å få, ja, at den kan henda var innan rekkevidde? Hadde ikkje forlaget som gav ut den reviderte utgåva av På fantestien i 1917 brukt store ord i pressemeldinga si: ..det er visst ikke noe lands litteratur som kan oppvise maken.
Dessuten hadde den omsette boka Lille Tot, (Andre Lichtenberger), fått prisen då den blei utgitt på samme forlag i 1911.
Når ei fjør kan bli til fem høns, kan vel en kommentar bli til medlemskap i eit fransk akademi? Men om Skou ikkje heilt visste kva han snakka om han trudde akademiet var innan rekkevidde, hadde heller ikkje Det franske akademi heile oversikta. Då sjølvaste Snorre saga blei lagt fram til vurdering i 1930, sende dei svarbrevet til forfattaren sjølv, stila til Monsieur Snorre Sturlason, ca 1000 år for seint.
Skremmande med nye kjelder.
Det er sjølsagt med ein viss frykt og beven eg leitar i nyleg publiserte gamle kjelder. For det kan dukka opp informasjon som gjer at eg må bita i meg noko eg har skrive i boka mi, noko eg ikkje visste i 2014. I det store og heile har eg sluppe det. Med eitt unntak. Eg skreiv at det var underleg at Garborg ikkje i større grad forsvarte venen sin då han stod i stormen. Men det gjorde han faktisk. Og då avisa 17.mai blei digitalisert, fann eg dei varme orda og det gode forsvaret han gav Skou og innsatsen hans. Dermed måtte eg korrigera, også offentleg: Eg skuldar Garborg ei orsaking.
Eit anna funn i kjeldene, var ei meir utførleg skildring av bryllupet på Vaholmen då han gifta seg. Framleis er eg på leit etter kor Snipedalen er, der kona hadde ein liten åkerlapp. Nokon som veit? Om bryllupet og turen til prestegarden, er det meir å lesa her: Bryllupet, slik Skou fortalte om det.
Skou reiste landet rundt og heldt foredrag om omstreifarsaka. Eg blei overvelda av omfanget av reisinga hans då eg skreiv bok om han. Med enda fleire aviser å søkja i, finn eg at eg knapt visste om halvparten av møta han heldt land og strand rundt. Ein stad står det at han tenkte seg til Sverige, men eg har enda ikkje kunne dokumentera at han verkeleg tok turen. Då han hadde sine første foredrag, var møta gjort kjende utan namn på talaren. Det stod berre at han var ein forhenverande omstreifar. Og då han skulle til Haugesund i 1892, skreiv avisa at ein godt kunne ta turen for å høyra på han sjølv om han var ein omstreifar. Etter kvart fekk pipa ein anna lyd. Foredraga fekk attest som interessante og lærerike. Som talar hausta han lovord, til han på slutten av tida som omreisande talar, blei omtalt som den største autoritet på området. Her er ein del av stadane han var på, somme av desse besøkte han fleire gonger: Haugesund, Sandnes, Stavanger, Jæren, Arendal, Mandal, Bergen, Oslo (Studentersamfunnet, Christiania Arbeidersamfunn, Ynglingeforeningen, fleire misjonslokale, lærarmøte), Havstad, Risør, Skien, Moss, Drammen, Bragenes, Sandeid, Ålesund, Molde, Kristiansund, Trondheim, Steinkjær, Levanger, Kongsberg, Hamar, Kragerø, Fredrikstad, Grimstad, Tønsberg, Østerdalen, Elverum, Fredrikshald, Gjøvik, Namsos, Bodø, Lofoten, Mosjøen, Mardal/Sandane og Farsund.
Boka er blitt aktuell
Når På fantestien i 1893 og forfattaren døydde for 100 år sidan, skulle ein tru at boka stod parkert på bibliotek og i arkiv. Men nyleg har Idunn Victoria Skjævesland skrive masteroppgåve om boka. I Fortid, studentenes historietidskrift kan me lesa: Å vinne menneskeverdet.
Oppgåva til Skjævelad er interessant. Eg er glad for konklusjonane hennar. Og eg er glad for at ho valde å fokusera på menneskeverdet i artikkelen sin. For det var det Skou arbeidde for; at folket hans skulle møtast som likeverdige, ja, som medmenneske, noko dei ikkje blei i hans oppvekst. Han ønskte seg endringar i samfunnet og ordningar for busetjing og undervisning for at det skulle bli slik.
Det er viktig med slike overskrifter som Skjæveland valde, fordi historia om omstreifarane, eller fant, tater og splint, som dei også blei kalla, er vanskeleg å formidla om ein ikkje kjenner livet deira frå innsida. Og det er lett å såra etterkommarar utan å villa det. Derfor må det seiast i klar tekst at ein ønskjer å peika på menneskeverdet. Derfor hadde eg også ofte med meg det store maleriet av båten til Skou gjennom Luksundet då eg hadde foredrag om boka. Solnedgangen er gyllen for alle, skal minna om likeverdet. I tillegg prøvde eg å få dette fram i møte med journalistar og tihøyrarar. Likevel kan det vera nokon som helst ville at temaet skal vera gløymt. I alle fall at namnet på han som levde dette så omskifande livet, skal vera både gøymt og gløymt. Men mange vil også halda fram namnet og mannen. Fleire etterkomarar har kontakta meg, både for å takka for arbeidet eg har gjort. Og for å kjøpa boka.
Litt info om boka Garborg og Skou - forskjell på folk? finnest her.
Det blir stadig digitalisert bøker og aviser. Og meir gamalt nytt kan dukka opp. Finn du noko, er det berre å gi lyd!
torsdag 24. september 2020
Husker du?
Hvor mange ganger har jeg ikke tenkt at jeg skulle ha spurt mor og far om noe. For jeg har glemt, og det har de rundt meg også. Om vi i det hele tatt har visst. For vi må bare innrømme det, vi var ikke så veldig interessert i å høre hva foreldre og besteforeldre fortalte oss da vi var små, de fleste av oss.
Men vi kan gjøre noe for at de som kommer etter oss kan få del i det vi husker. Vi kan skrive ned våre minner slik at de blir en del av familiens historie, også når vi ikke er der for å fortelle. Finn fram ei skrivebok, eller ta tastaturet fatt, og skriv dine minner! Vet du ikke hvor du skal begynne, kan du få hjelp av boka "Husker du".
I "Husker du" finnes minner fra Skudeneshavn fra mange, mange tiår. Der er minnene til Laurentze Møller, født 1861, Josef G Larssen, født i 1919, far, Rolf Høines, født i 1925 og meg, født i 1957.
Bak i boka er det 16 sider der du kan skrive dine minner. F.eks. om da du lærte å svømme:
Om mange av oss skriver våre minner på disse 16 sidene, og gir dette til våre etterkommere, vil en stor skatt være tatt vare på. Kanskje en fin julegave? Eller en ekstra gave til konfirmanten?
For at mange skal ta i bruk minneboka, har jeg en pakkeløsning:
1 bok, kr 100 + porto kr 100,-
2 bøker, kr 250 inkl porto
3 bøker, kr 350, inkl porto
4 bøker, kr 400 inkl porto
Videre + 50 kr for hver bok
Lykke til med skrivinga.
Boka får du hos meg: sms 98060938 eller på Messenger
fredag 1. mai 2020
Bøker søkjer lesar.
Tidlegare bøker:
Kr 150.-- Alt vel, historisk roman om Skudenesskøyter på det første Islandsfisket og dei som gjekk heime og venta. Les meir om boka her.
Kr 100 - Garborg og Skou - forskjell på folk? - om odelsguten og omstreifarguten som møttest i ulike periodar av livet, med ulik bakgrunn og ulik lagnad. Les meir om boka her.
Kr 100 - for heftet eller boka der far, Rolf Høines, med fleire, fortel Skudeneshistorie:
* Med handemakt og hestekraft
* Husker du?
Kr 200,- Blåstrømpe, roman frå Skudeneshavn om tenestejenta frå Stavanger som blir skipperfrue.
Kr 50,-Sommarfuglboka Håp.
Gi lyd om du vil ha ein pakke i posten: SMS til 98060938 / post@marittotland.no
Den vesle boka Meir enn ord er ei samling av maleria mine med korte tekstar. Kr 150.
tirsdag 17. mars 2020
I landet vårt er det gravminna som tydelegast fortel at sommarfuglen har vore nytta som kristent symbol. På jernkrossar frå attenhundretalet kunne det vera ein sommarfugl, gjerne ein som var på veg ut av kokongen.
Sommarfugleffekten
Fly, sommerfugl, fly!
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.
Bre ut dine vinger og fly.
Du er født til å fly
dine vinger er sterke,
de bærer deg høyere dag etter dag.
Din kropp har et segl
med oppstandelsens merke,
seierens tegn fra et dødelig slag.
Du er født til å fly,
la din frihet få skinne
til andre som ennå er sperret inne.
Fly sommerfugl, fly.
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.
Ingen kan lenger holde deg bundet.
Du er fri fra alt det du engang var.
Du trodde du tapte, men så har du vunnet.
Ditt liv er en dans mot en himmel så klar,
og vinden er god, den fører deg med seg,
den fører deg ut så livet kan spre seg.
Fly sommerfugl, fly.
La vinden få føre deg dit den vil.
Se, det er morgengry.
Se, du er født på ny.
Se, det er morgengry.
Bre ut dine vinger og fly!
Tore Thomassen
Sommarfugl i vinterland
Hebrearane 6,18-20
Sommarfuglen i leksikon
Kjelde: artsdatabanken.no og illvit.no
***********************************
Denne vesle boka, 14x14 cm, er tenkt som ei gåvebok, til oppmuntring og ettertanke.
Den kan kjøpast for kr 100 pr stk + porto hos meg: marit.totland@knett.no. Fri porto ved kjøp av fire eller meir.
Nokre somarfugmotiv er også blitt til doble kort. Dei finn du: her
onsdag 15. januar 2020
Kjenner me igjen nasjonalsosialismen når den dukker opp?
Det går an å byggja på arven frå nasjonalsosialismen uten at den er gjenkjenneleg ved første møte. Også i dag. Også I Norge.
Spørsmålet er då om me er i stand til å avsløra dette? Eller har med utelatt ein del av historiefortellinga som gjer at me tilslører alvoret? Eller: Har vår felles erindring blitt slik at krigens brutalitet og alvor er kommen på avstand? Har me latt vera å snakka om kva konsekvens det fekk at me hadde omtrent like mange nazistar i landet under krigen som me hadde motstandsfolk? Og liker me ikkje å vita kva konsekvens det fekk, både for okkupasjonen og for enkelte som ble angitt av de lokale nazistar, at dei fleste hadde ein nazist i bygda, ja, i familien?
"Ein gong må me leggja det heile, bak oss," blir det sagt. Ja. Men ikkje slik at me ikkje kjenner att tendensane når dei dukker opp att, slik Odd-Bjørn Fure argumenterte då han reagerte på Irvings forsøk på å bagatellisera jødane sin lagnad, og nordmannen Hans Fredrik Dahl roste bøkene hans:
Dersom norske historikere hadde gitt jevnlige bidrag til pressen om forskningen om nasjonalsosialismen, hadde Dahls artikler knapt vært tenkelige. De forutsetter et kunnskapsvakuum Odd-Bjørn Fure: Kampen mot glemselen, Universitetsforlaget AS, 1997
Det er lett å vera enig med Fure om at eit kunnskapsvakum legg vegen open for tilslørt ideologi. Men har Fure rett i dag? Sitatet er frå 1997. Er historikarane ved universitetsmiljøene for passive?
Og eg undrast: Er vår motvilje mot å snakka om at vanlege nordmenn gjekk fienden sitt ærend så sterk, at kommande generasjonar ikkje får vita at me, ja, Kari og Ola nordmann, i ein gitt situasjon er i stand til å gå andre vegar enn det dei fleste trur?
Fordi eg har eit skriveprosjekt på gong, er eg interessert i innspel på spørsmåla som er skisserte her. Gjerne på epost: post@marittotland.no
onsdag 28. februar 2018
Diktarpresten Anders Hovden og sommarfuglen
med våren lyser over grend
og sjø og skogar glitrar.
Ein barneflokk hev mist si mor
og stend og græt so sårt i kor,
men alle fuglar kvitrar.
i solglans flaksar til og frå
og over gravi driver.
Nyst berre det ei åma var,
no hev det fenge vengepar,
og millom blom det sviver.
vår sjel mot evigt liv seg snu
frå alt som tungt oss trengjer?
Skal eg få sviva fri og glad
imillom himlens stjernerad,
skal sjeli mi få venger?
dit dauden ikkje koma kann
og ikkje gråt og tåra?
Der all vår liding fær sitt stogg,
og tåror eimar burt som dogg
i smil mot morgonklåra?
din himmel herleg opnar seg,
eg livsens land ser stiga.
I nådens klædnad, rein og kvit,
til evig sumar sviv eg dit
der aldri sol skal siga!
Om du vil ha nokre eksemplar av gåveboka Håp liggjande til bruk i ulike samanhengar for å minna om håpet og for å gjera symbolet kjent, kan du tinga bøker hos meg for kr 50 + porto. sms/vipps 98060938, post@marittotland.no







.jpg)






















