Boka har funne sin plass mellom andre som vil ut til lesarane i haust. |
Bokhaust:
Mange nye bøker å velja mellom,
mange ord å lesa.
Er ikkje alt sagt?
Alle bøker skrivne?
- tenkjer eg av og til.
Men så måtte eg fortelja om Garborg og Skou
mest om Skou, for å vera ærleg.
Så lærte eg så mykje om Garborg undervegs.
Alt var altså ikkje skrive om Garborg heller.
Lanseringa kjem nærare dag for dag,
Torsdag 30, under SILK: Skudenes internasjonale litteratur- og kulturfestival,
det er tida og staden.
Sjølvsagt er eg spent på kva mottaking boka får.
Då Tor Obrestad hadde lese boka og sa at det ikkje var noko å setja fingeren på, sa eg:
- No blei eg letta.
- Eg au, svara han, - som hadde fått manuset til gjennomlesing etter at det var gått i trykken.
Så skal bok møta lesar:
Og eg skal prøva å peika på vegen til å oppdaga det som er årsaka til at boka finnest
i møte med lesaren:
Skudeneshavn 30.oktober
Sandnes, litteraturfestival: 4.november
Husnes 11.november
Husnes 20.novmeber
Bømlo, Sortland 22.november
Eg gru-gler meg
Lykke til :)
SvarSlettKlem