Litt om bøkene mine:

søndag 14. september 2014

Så vil eg takka...

Prisvinnarar kan vera overraska, blaserte, fortumla eller likegyldige; dei har likevel eitt dei må få sagt: Så vil eg takka medspelarane, alt frå mor og far til manager og produsent.
Når ein ser på prisutdelingar, er det så ein kan tenkja at dei kunne spart seg dette. Me oppfattar knapt nanma i farta og dei fleste høyrer me aldri meir om. Det er så det ein øyret går inn og ut.

Likevel: Denne delen av takketalen er svært viktig og heilt på sin plass. Når ein vinn ein pris, står det faktisk mange bak, mange fleire enn me tenkjer når me ser ein film, høyrer ein song eller les ei bok. Det finnst ikkje mange solistar i den store samanhengen. Og om dei finnest, så når dei ikkje langt.

Eg har ikkje vunne nokon pris, men eg er i ferd med å gi ut ei bok: Garborg og Skou -forskjell på folk? Og eg veit svært godt at dette kunne eg ikkje gjort åleine. Eg er 100 % arbeidsufør, har problem med å reisa og å sitja lenge, særleg på møte eller framfor PC'en. Likevel har eg vore på statsarkiva rundt i landet og det ligg utruleg mange tastetrykk bak den ferdige boka.

Korleis heng dette saman?
Eg har mann og fire born.
Barn A har køyrt meg hit og dit rundt på Jæren for å bli kjent i området hovudpersonane i boka vaks opp.
Barn B har laga litteraturlister.
Barn C har tasta inn alt det som skulle skrivast av frå ander kjelder.
Barn D har lese korrektur.
Barn A har henta meg, bore ryggsekk, liggjeunderlag (til pausar på lesesalar) og PC ved reiser.
Barn B har bore permar og bøker opp og ned trapper.
Barn C har lyfta på tunge protokollar i lesesalar.
Barn C har køyrt meg til og frå biblioteket.
Barn A har skanna og redigert bilete og avisartiklar.
Husbonden har henta og bringa både meg, bøker og pakkar til og frå, til og frå i 8 år
og lagt feriar og turar slik at det var råd å stikka innom by-og statsarkiv, køyrt ryggvenleg Norge på kryss og tvers og sett meg av nærast muleg arkiva rundt omkring.
Heile gjengen har heia og oppmuntra meg når eg nesten mista motet, og dei har latt vera å dra meg ned att når eg hadde vel mykje mot.
Bibliotekarar og arkivtilsette har også henta og bringa, lyfta og leita for meg. Og dei har båre over med dette rare mennesket som plutseleg legg seg ned på golvet i lesesalen.

Eg er glad for det handlingsrommet eg har. Det hadde ikkje vore der om familie og tilsette i arkiv og bibliotek ikkje hadde utgjort veggane og golvet i det rommet.
Så eg vil gjerne takka...
Og det vil eg svært gjerne gjera utan å få nokon pris. Det å få vera aktiv som arbeidsufør er verd mange prisar.

1 kommentar:

  1. Så sant. Og så skal DU takkes :)
    For ord og bok.
    Klem

    SvarSlett