Litt om bøkene mine:

tirsdag 2. september 2014

Plutseleg skal eg møta Tor Obrestad

Plutseleg blei planane for veka snudd på hovudet. Eg skal til Nærbø og ha ein god Garborgprat med sjølvaste Tor Obrestad. Eg har lese det han har skrive om Garborg og hatt nytte av det i forteljinga om Garborg og Skou. Sjølvsagt burde eg tatt kontakt med Tor Obrestad for lang, lang tid sidan. Men litt forsiktig er ein jo, når ein så vidt våger seg ut på litterære åkerland.

Obrestad hadde ikkje lyst å berre gje ein kort kommentar då eg kontakta han på epost. Han ville ha eit møte, auge til auge. Det har eg sansen for, og legg turen til Nærbø på torsdag.

Eg gler meg til å samtala, lytta og læra...

Det er for seint å gjera endringar i manuset. Men innsikt og lærdom er lett å bera og kan koma vel med på ferda vidare samen med Garborg og Skou.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar