Litt om bøkene mine:

mandag 2. november 2015

Et helt halvt år og Alberte og Jakob


Eg ser det er blitt ein del debatt om filmatiseringa av "Et helt halvt liv". Nokon stiller spørsmål ved om filmen nedgraderer menneskeverdet; ein som er blitt funksjonshemma etter ei ulukke lar seg ikkje motivera til å leva. Sidan eg er svært oppteken av slike spørsmål, måtte eg bla tilbake til dette innlegget i bloggen min frå november 2015 for å sjå kva eg sjølv tenkte utan påverknaden frå andre. Kanskje det er sysnvinkelen, at eg let meg ta med gjennom historie via den kvinnelege rollefiguren, som gjer at eg faktisk sit att med det motsette inntrykket; at livet har verdi:

Frå november 2015:

Siste veka har eg lese to heilt ulike bøker: Et helt halvt år av Jojo Moyes og Alberte og Jakob av Cora Sandel. Dei er skrivne med nesten 100 års mellomrom, i 1926 og 2012, likevel har dei ein del til felles.

Eg blir dradd gjennom begge bøkene. Frå starten trur eg at eg veit korleis det heile vil enda. Men eg blir overraska.
Cora Sandel let opp eit ungt jentesinn for meg. Eg blir kjend med ei jente som knapt opnar munnen om ho ikkje må. Og mens eg les, forstår eg at det ikkje berre skuldast at ho levde i ei anna tid. Det handlar om at Alberte er Alberte, og ingen andre. Og det har sin pris å vera det.

Broren Jakob får eit heilt anna liv enn Alberte. I si tid blei nok dette sett på som eit hovudtema hos Cora Sandel, men når me les boka no i ei anna tid, er det heller den psykologiske innsikta i Alberte si utvikling, som er det mest slåande. Og når det gjeld det, kunne Alberte vore ei sjenert jente i dag.

I Et helt halvt år lar også forfattaren oss fylgja tanken til ei ung jente. Boka handlar om korleis livet til ein ung mann blei snudd på hovudet. Som lesar identifiserer eg meg likevel sterkast med jenta som prøver å få han til å ynskja å leva det nye livet han har. Slik sett høyrest det nok ut til at boka er ei av mange tusen. Slike bøker har me lese før. Men denne er ikkje som dei andre. Den har ei nerve som tar fatt i lesaren. Alle slags kjensler dukkar opp mens sidene blafrar forbi. Noko etisk resonnement må også til, men ein får aldri høve til å landa eller oppsummera det. Det blir hengande i lufta. Til siste sida er lesen. Då heng tankane der framleis.

Et helt halvt år er uvanleg lettlesen med sine nesten 500 sider. Kapitla der forfattaren skifter synsvinkel og lar dei som er rundt hovudpersonane få koma til ordet, kunne med fordel vore kutta ut. Me blir ikkje noko klokare av å få kjennskap til deira tankar. Dei er likevel ikkje så omfattande at ei tar dragsuget ut av boka.

Meir vil eg ikkje seia om desse to bøkene, for du kan trygt setja av tid til å lesa dei:

Cora Sandel
Alberte og Jakob
Gyldendal 1926
200 sider

Jojo Moyes
Et helt halvt år
Bastion 2012
500 sider

5 kommentarer:

  1. Alberte-bøkene har jeg lest, flere ganger faktisk, men det begynner å bli noen år siden nå. Første gang var jeg ca 20år og på en lang togreise. Husker jeg var helt oppslukt.
    "Et helt halvt år" har jeg holdt meg unna til nå. Men kanskje må jeg revurdere?
    Takk for omtalen

    SvarSlett
    Svar
    1. Alberte er verd å lesa ein gong til. Eg heldt også avstand til "Et helt halvt år", men det var den som stod nærast på flyplassbutikken. Og eg må altså innrømma at eg blei fanga. Det gjekk utover nattesøvnen. Så om er er blitt for lite kresen, eller? Syntest berre ikkje eg kunne skriva anna enn det eg opplevde. Høyrer gjerne frå deg om du les og meiner noko om den.

      Slett
    2. Det er mange som skyter av den boka. Jeg har det sånn at blir det for mye styr så skygger jeg unna. Bokhandelen i Kabul leste jeg aldri f.eks. Så det handler mest om meg dette.
      Har akkurat begynt å lese en roman om Hildegard von Bingen. Virker lovende.

      Slett
    3. Eg har det også slik. Las heller ikkje Bokhandleren i Kabul. Derfor var eg litt lunken til denne. Kva heiter romanen om Hildegard von Bingen? Høyest interessant ut.

      Slett
    4. Romanen heter "Hildegard" og er skrevet av Anne Lise Marstrand-Jørgensen, hun er dansk. Finnes en bok 2 også, den heter "Natten og lyset".

      Slett