Litt om bøkene mine:

tirsdag 30. september 2014

Bokhaust - er det meir å hausta?

Boka har funne sin plass mellom andre som vil ut til lesarane i haust.
Bokhaust:
Mange nye bøker å velja mellom,
mange ord å lesa.
Er ikkje alt sagt?
Alle bøker skrivne?

- tenkjer eg av og til.

Men så måtte eg fortelja om Garborg og Skou
mest om Skou, for å vera ærleg.
Så lærte eg så mykje om Garborg undervegs.
Alt var altså ikkje skrive om Garborg heller.


Lanseringa kjem nærare dag for dag,
Torsdag 30, under SILK: Skudenes internasjonale litteratur- og kulturfestival,
det er tida og staden.

Sjølvsagt er eg spent på kva mottaking boka får.
Då Tor Obrestad hadde lese boka og sa at det ikkje var noko å setja fingeren på, sa eg:
- No blei eg letta.
- Eg au, svara han, - som hadde fått manuset til gjennomlesing etter at det var gått i trykken.

Så skal bok møta lesar:
Og eg skal prøva å peika på vegen til å oppdaga det som er årsaka til at boka finnest
i møte med lesaren:
Skudeneshavn 30.oktober
Sandnes, litteraturfestival: 4.november
Husnes 11.november
Husnes 20.novmeber
Bømlo, Sortland 22.november

Eg gru-gler meg

søndag 14. september 2014

Så vil eg takka...

Prisvinnarar kan vera overraska, blaserte, fortumla eller likegyldige; dei har likevel eitt dei må få sagt: Så vil eg takka medspelarane, alt frå mor og far til manager og produsent.
Når ein ser på prisutdelingar, er det så ein kan tenkja at dei kunne spart seg dette. Me oppfattar knapt nanma i farta og dei fleste høyrer me aldri meir om. Det er så det ein øyret går inn og ut.

Likevel: Denne delen av takketalen er svært viktig og heilt på sin plass. Når ein vinn ein pris, står det faktisk mange bak, mange fleire enn me tenkjer når me ser ein film, høyrer ein song eller les ei bok. Det finnst ikkje mange solistar i den store samanhengen. Og om dei finnest, så når dei ikkje langt.

Eg har ikkje vunne nokon pris, men eg er i ferd med å gi ut ei bok: Garborg og Skou -forskjell på folk? Og eg veit svært godt at dette kunne eg ikkje gjort åleine. Eg er 100 % arbeidsufør, har problem med å reisa og å sitja lenge, særleg på møte eller framfor PC'en. Likevel har eg vore på statsarkiva rundt i landet og det ligg utruleg mange tastetrykk bak den ferdige boka.

Korleis heng dette saman?
Eg har mann og fire born.
Barn A har køyrt meg hit og dit rundt på Jæren for å bli kjent i området hovudpersonane i boka vaks opp.
Barn B har laga litteraturlister.
Barn C har tasta inn alt det som skulle skrivast av frå ander kjelder.
Barn D har lese korrektur.
Barn A har henta meg, bore ryggsekk, liggjeunderlag (til pausar på lesesalar) og PC ved reiser.
Barn B har bore permar og bøker opp og ned trapper.
Barn C har lyfta på tunge protokollar i lesesalar.
Barn C har køyrt meg til og frå biblioteket.
Barn A har skanna og redigert bilete og avisartiklar.
Husbonden har henta og bringa både meg, bøker og pakkar til og frå, til og frå i 8 år
og lagt feriar og turar slik at det var råd å stikka innom by-og statsarkiv, køyrt ryggvenleg Norge på kryss og tvers og sett meg av nærast muleg arkiva rundt omkring.
Heile gjengen har heia og oppmuntra meg når eg nesten mista motet, og dei har latt vera å dra meg ned att når eg hadde vel mykje mot.
Bibliotekarar og arkivtilsette har også henta og bringa, lyfta og leita for meg. Og dei har båre over med dette rare mennesket som plutseleg legg seg ned på golvet i lesesalen.

Eg er glad for det handlingsrommet eg har. Det hadde ikkje vore der om familie og tilsette i arkiv og bibliotek ikkje hadde utgjort veggane og golvet i det rommet.
Så eg vil gjerne takka...
Og det vil eg svært gjerne gjera utan å få nokon pris. Det å få vera aktiv som arbeidsufør er verd mange prisar.

torsdag 11. september 2014

Ikkje alle får ein bauta

Skulpturen er laga av billedhoggaren Hugo Frank Wathne. 
Heldigvis; ikkje alle får ein bauta. Det kunne bli trongt i steinrøysene om så var tilfelle. I alle fall om dei skulle plasserast slik Garborg har sett seg, på ein fin utsiktsplass i Knudaheiå.

Likevel; uvanleg mange i krinsen rundt Martin Johan Mathiassen Skou, av dei som var i lag på Time på 1860-talet, har fått seg ein bauta. Oppfinnaren Torkel Lende (1849-1909) står ved Time vidaregåande skule og Sven Aarrestad (1850-1942), stortingsrepresentant, statsråd og amtmann, er blitt ståande på Bryne.

At Skou skulle få nokon bauta var ikkje tema, korkje her eller der. Men eg har høyrt songen av Hoppalong Knut. "Alle som ein kan få ein bautastein", og sjølv om eg må innsjå at eg er nesten åleine om å ha slike referanserammer, tar eg linja fram nok ein gong. (Sist eg prøvde meg såg eg i augene på alle i kommunestyresalen at dei ikkje hadde mange knaggar å henga sitatet på).

Grenda, 13.sept. 2014



Sidan boka mi heiter "Garborg og Skou -forskjell på folk?" kan eg røpa allereie no, før lanseringa, at svaret er at det er ikkje meir forskjell på folk enn at dei kvart på sitt vis kan få ein bauta "fordi dei fortener det" som reklamen seier. Og denne gongen er det rett: Skou fortener det; ikkje ein bauta i stein, men eit minnesmerke i ord.
Det er noko av det eg håper boka mi kan vera!


lørdag 6. september 2014

Ut av bobla

Å skrive en bok er sammenlignet med å gjennomgå et svangerskap. Noe vokser fram, prosessen kjennes på kroppen og resultatet er "noe helt nytt".

Etter mye farting rundt i landets arkiv og bibliotek lå råmaterialet til det som skulle bli "Garborg og Skou - forskjell på folk?" på bordet. Så skulle det skrives, tenkes, eltes og knas til det hele ble en lesbar og interessant tekst.

Underveis gjorde jeg verdifulle funn, tror jeg.
Underveis så jeg nye sammenhenger, tror jeg.
Underveis fant jeg ut at denne fortellingen ikke har vært fortalt før, den har ikke en gang vært etterlyst, tror jeg.
Underveis måtte bildet av Garborg endres noe, tror jeg.
Underveis, etter at jeg flere ganger hadde lagt manuset og haugen med permer og bøker til sides, innså jeg at dette må på trykk. Slik jeg vurderer det.

Og så må jeg innse: Det er i min boble det ser slik ut. Jeg har levd i denne bobla i over åtte år. Har jeg fått med tankene som er blitt til underveis slik at leseren forstår hvorfor boka er viktig? Har jeg formidlet sammenhengene så leseren finner fram i terrenget av ulike samfunnsbilder?
Har jeg dokumentert mine konklusjoner, også de som leseren selv må ta?

Når en sitter for seg selv og skriver, ligger ikke disse spørsmålene så langt framme i pannebrasken. Da er det bare kilder, sannheter, brokker som skal bli til en helhet. Og når helheten er der, må den få innpakning som gjør at noen vil pakke den ut igjen.

Det er nå boblen sprekker? Boka skal ut i friluft, Den skal i hendene på leserne, uten at jeg sitter og kommenterer på stolen ved siden av. Den må klare seg selv.

Nifst.

Tor Obrestad leste manuset denne uken, og etter en lang samtale med han, er det hele litt mindre nifst. Han må selv gi sin vurdering av arbeidet mitt, men jeg dro fra Nærbø med vissheten om at jeg ikke har bommet. Det er nok for meg i denne runden. Så nå kan bobla sprekke!

onsdag 3. september 2014

Lansering under SILK, Skudenes internasjonale litteratur- og kulturkonferanse

Da er det avgjort: Lansering av boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?" vil bli under SILK 2014, Skudenes internasjonale litteratur- og kulturkonferanse, 30.oktober - 2.november.

Det er ei stor ære!

Rammen rundt lanseringen er ikke helt bestemt, men forhåpentligvis vil det bli en litterær godbit for Garborg-fans.

Her kan du lese om SILK

tirsdag 2. september 2014

Plutseleg skal eg møta Tor Obrestad

Plutseleg blei planane for veka snudd på hovudet. Eg skal til Nærbø og ha ein god Garborgprat med sjølvaste Tor Obrestad. Eg har lese det han har skrive om Garborg og hatt nytte av det i forteljinga om Garborg og Skou. Sjølvsagt burde eg tatt kontakt med Tor Obrestad for lang, lang tid sidan. Men litt forsiktig er ein jo, når ein så vidt våger seg ut på litterære åkerland.

Obrestad hadde ikkje lyst å berre gje ein kort kommentar då eg kontakta han på epost. Han ville ha eit møte, auge til auge. Det har eg sansen for, og legg turen til Nærbø på torsdag.

Eg gler meg til å samtala, lytta og læra...

Det er for seint å gjera endringar i manuset. Men innsikt og lærdom er lett å bera og kan koma vel med på ferda vidare samen med Garborg og Skou.

Garborg, Martin Johan og oldefar?

Den som leitar finn ofte mykje meir enn han leiter etter. Den dagen eg bestemte meg for å leita fram historia til Martin Johan Mathiassen Skou, forfattaren av boka Paa fantestien frå 1893, oppdaga eg fort at Arne Garborg høyrte heime i den historia, ja, at livshistoriene deira faktisk tvinner seg tett i hop.

Dermed måtte eg til Garborgtunet og nabogardane på Jæren i siste halvdel av 1800-talet. Og plutseleg sat eg med mi eiga historie i fonget. Eine greina av farsslekta mi kom frå nabogarden til Garborg. Og det var frå denne garden Eivind, far til Garborg, henta kona si.

Eg er altså av same rot som Arne Garborg.
Etter å ha lese Garborg sine bøker og mange av bøkene som er skrivne om han, må eg innrømma at eg det var greitt å finna ut at det var på morssida eg er i slekt med Garborg. Ane Oline står fram som ei utruleg sterk kvinne, med stor vilje og evne til å gi omsorg, trass den kvardagen ho levde i.

Farmor Ragna kom frå Stavanger. Ho var fødd Malmin. Faren, Garman Malmin, var son av Karen Haugland Gregoriusdatter (1822-1898) som kom frå garden Øvre Haugland, nabogarden til Garborg der Arne Garborg veks opp. Dette vekte interessa hjå ein slekts-sporhund som meg, og då eg fulgte spora vidare, fann eg det eg søkte etter. Eit stykke tilbake i ætteledda møttest linjene frå Arne Garborg og farmor si slekt.
Slekta vår møttest ved at Arne Garborg si tippoldemor også er mi tipp-tipp-tipp-oldemor. Ikkje verst! 

Våre oldefar Garman var truleg heime hjå besteforeldrene på Øvre Haugland som gut, og han var jamnaldring med Arne Garborg. Kanskje var også han saman med smågutane Arne og Martin Johan då dei leika rundt på markene, - slik Garborg fortel.

Me veit mykje om Arne Garborg sin barndom sidan me i dag kan lesa dagbøkene hans. Og det er ikkje til å leggja skjul på: Det var ikkje berre gode minne Arne hadde frå barndomen sin.
Eit lite gløtt inn i heimen hans, er med i boka "Garborg og Skou-forskjell på folk?"

Garborgheimen
Aadne Garborg var en glad smågutt. Også faren kunne spøke og være lett til sinns. Han drev til og med ablegøyer med sønnen sin, stilte han fram som taler på bordet, til underholdning for gjester og husets folk. Det hørtes latter fra Garborgtunet.
Men latteren stilnet da faren ble vakt og begynte å få alvorlige religiøse anfektelse.
Da var Aadne åtte år.

Det var som en stor skygge la seg over Garborghjemmet. De få trivelige stundene de hadde, var når far i huset var ute i ærend. Kom han tidligere hjem enn planlagt, var det en skuffelse for resten av familien, og i verste fall var det et vondt gjensyn, særlig dersom han kom over dem i noe så verdslig som å leke eller drikke kaffe.

Både hverdag og helg ble preget av alvor. Følelse av frihet kunne de bare få om faren var borte. Mora hadde vondt av barna sine. Hun ville ikke gå imot mannen sin, men bøyde seg for husbonden, slik det sømte seg en god kone. Samtidig prøvde hun å beskytte barna, gi dem noen pustehull. Arne fikk derfor lese i bøkene han hadde skaffet seg i smug, på kne over kista i kammerset når faren ikke så det.